Gå til innhold
Arkivverket

Søren Mortenson Verpingsbotn - kva var opphavet hans ?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg slit med å finne opphavet til denne Søren - her henta frå Geni, utan garanti for rett fødselsår - det kan vere utrekna etter alder ved død.

 

https://www.geni.com/family-tree/index/6000000071546747388

 

Namna Søren og Morten er mykje brukt i grenseområda mellom Nordfjord og Sunnfjord, og eg skulle gjerne visst om han har tilknyting til Gloppen.

 

For dei som ikkje kjem seg inn på Geni, klipper eg ut han og kona. 

 

image.png.716151a1086fb8423107fd8fce8cd6b4.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved søk på Tyvåg fann eg dette:

 


26. Søren Martinson Træen ble født cirka 1781. Han giftet seg med Matsie Larsdtr Tyvåg (se #27) den 21 aug 1808 på Bru sogn, Kinn, Sogn og Fjordane, Norge. Sannsynlig giftemål. Han døde i 1841.
Han Sannsyligvis sitter Søren som tjenestefolk på Qvalstad i 1801, sammen med mor eller tante som er enke Helene Abelsd, og sannsyligvis farmor og farfar Søren Martinson og Anna Larsdtr. Han var i 1822 også kjent som Søren Mortenson Verpingsbotn. Han var i 1826 også kjent som Søren Mortenson Vågane.
Barn av Søren Martinson Træen og Matsie Larsdtr Tyvåg (se #27) var:

  •     13  i.   Anne Sørensdtr Verpingsbotn.
  •       ii.   Martin Sørenson Verpingsbotn ble født den 17 des 1809 på Verpingsbotnen ved Waagenes, Kinn, Sogn og Fjordane, Norge.
  •       iii.   Siur Johannis Sørenson Stavøystranden ble født den 18 mai 1812 på Stavøystranden, Kinn, Sogn og Fjordane, Norge.
  •       iv.   Gulbrand Vågane ble født den 13 des 1826 på Vågane, Kinn, Sogn og Fjordane, Norge. Han ble døpt den 17 des 1826 på Kinn, Sogn og Fjordane, Norge.

     


27. Matsie Larsdtr Tyvåg (Lars Pedersen, #54) ble født cirka 1787. Hun giftet seg med Søren Martinson Træen (se #26) den 21 aug 1808 på Bru sogn, Kinn, Sogn og Fjordane, Norge. Sannsynlig giftemål. Hun døde i 1858.
Hun var den 17 des 1809 også kjent som Matzie Larsdtr. Hun var i 1822 også kjent som Massi Larsdtr Verpingsbotn. Hennes navn som gift var Vågane etter 1826.

 

http://www.levie.no/standal0010005.htm

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Familien som blir vist til er her i FT1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058405001974

 

Om alder er rett kan ein slå fast at Helene Abelsdtr. ikkje er mor til Søren.

Det er ei lakune i kyrkjebøkene for Kinn 1780-1785, dermed vil ein neppe finne Søren sin dåp.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Helene Abelsdtr. døydde barnlaus i 1829, og skiftet viser ingen tilknyting til Søren Mortenson.

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 18 (1828-1836), Skifteprotokollside, Side 103b-104a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127640106

 

Fyrste ektemannen var Aksel Sørenson Kvalstad:

https://www.digitalarkivet.no/search/99/11533?forenamn=Hel*&etternamn=Abel*&kjonn=&rolle=&stilling_stand=&bustad=&fodestad=&fodselsaar=&fodselsdato=&alder=&aar=&vidato=&trdato=&sokn_kyrkje=&vistad=&lysning=&konfirm=&altergang=&vaksin=&tidl_gift=&ektesknr=&merknader=

 

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 15 (1779-1806), Skifteprotokollside, Side 442b-443a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127620447
 

Arvingane hans var enkja, Helene Abelsdtr. og faren, Søren Mortenson Kvalstad.

 

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er skifte etter Morten Jonson Kvalstad i 1792.

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 15 (1779-1806), Skifteprotokollside, Side 258b-259a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127620262
 

Enkja heitte Alis Olsdtr. Laugverge: Gjert Ananiasson Rabben. Fellesborn:

 

Ole Mortenson Gjervik, Askvoll.

Anders Mortenson, 16 år. Formyndar: Peder Larsson Tyvoll, Bru.

Søren Mortenson, 7 1/2 år. Formyndar: Mads Pederson Grimelid, Askvoll.

Gunilde Mortensdtr., 19(?) år. Formyndar: Gjert Ananiasson Rabben, Bru.

Mari Mortensdtr., 12 år. Formyndar: Ole Mortenson Gjervik, Askvoll.

 

Eldstesonen var tydelegvis gift, sidan det står "Jævnet" på dei andre borna.

 

Morten Jonson var frå Træet, Kvalstad. Alis Olsdtr. var frå Tyvåg. Gift 1764:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000493198

 

Bygdeboka for Askvoll nemner Ole Mortenson Træet, Kvalstad:

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014030448006?page=85&searchText=Kvalstad

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjerteleg takk! Det er tydelegvis ei skikkeleg nøtt dette, så berre ikkje bruk meir tid på det - det er ikkje så vesentleg. Kanskje får vi svaret gjennom ein gen-test ein gong.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tek med dette: Her er vigsla mellom Søren Mortenson og Massi Larsdtr.:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000494948

 

Her står han som Søren Martinson Træen. Dermed kan ein vel i det minste slå fast at han er identisk med sonen til Morten Jonson Træet/Kvalstad og Alis Olsdtr. Tyvåg, jf. skiftet ovanfor. Og altså at han ikkje er sonen/barnebarn til dei han tente hos i 1801.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser svært rimeleg ut ja; alderen passar. Det kunne vore kjekt om han hadde ei dotter Alis, men ikkje eit absolutt krav.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.geni.com/people/Morten-Kvalstad/6000000009242025038

 

Etter samanslåing på Geni dukkar Jon Andersson Osland og Synneve G. Grepland opp som foreldre til Morten Jonson, men eg er i farten ikkje i stand til å finne noko kjelde som stadfestar dette.

 

Det er ein Jon Andersson nemnd på Osland i bygdeboka for Førdefjord-området (tidlegare Bru og Vevring) i Askvoll:

https://www.nb.no/items/b8ef2b56ea9316537cbf4cea1ea96d93?page=229&searchText="john andersson"

 

Grepland/Gripland ser ut til å vere på Svanøy i Flora, der også Kvalstad ligg.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.