Gå til innhold
Arkivverket

SFJ - Noe Olsen, c.1670-1748, busett Eikås br. 3 i Kjølsdalen frå c.1707. Seinare, dvs. frå før 1734, busett Berstad br. 1 også i Kjølsdalen - opphavet hans?


Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

Noe Olsen vart brukar på Eikås b. nr. 3 ca. 1707 etter å ha gifta seg med Anne Paulsdatter, enkja etter forrige brukaren der, Ole Monsen, som vert skifta etter i 1706. Allereie på sommartinget i 1708 stemnar Noe stesonen sin Mons Olsen Bugierd til tinget for å svare for at han ulovleg har sådd korn på Noe sitt bruk i Eikåsen

 

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/01/01a/L0017: Tingbøker (justisprotokoller), 1707-1711, s. 77b-78a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090402620178

 

Til Samme Tid og Sted hafde Noe Echaasen
Stefnt Sin Stifsøn Mons Olsen Bugierd for
hand schal have saaet 1 mæle Sæed i hans brug
uden tilladelse

 

I dei millitære rullane sitt manntal for 1724 finn ein at Noe då er 50 år.

Stiftamtmannen i Bergen, Lnr. 1885 - Militære manntall og ruller, 1724-1734, s. 56-57
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111008000351

Eichaas  | Noe Olss            | 50 a:   |

 

Ukjent for meg eksakt kva tid han flytta til Berstad, men han er i alle tilfelle komen der noko tid før 20. juni 1734, og truleg etter vielsen til kone nr. 2 Cecilie Jacobsdatter Eikås i mai 1733.

 

sjå dette skøytet (nederst s. 103 og vidare s. 104)

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/02/02b/02ba/L0004: Pantebok nr. II.B.a.4, 1733-1738, s. 102-103
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20071008840921

 

der Mons Olsen Bugjerd og sonen Paul, samt også Noe sjølv, sel alt dei eig i Eikåsen til Abraham Jakobsen frå Eikås bruk nr. 1. Gjennom ekteskapet til Cecilie Jacobsdatter, Abraham sin syster, var Noe no Abraham sin svigerbror. I skøytet ovanfor vert Noe kalla Noe Olsen Berstad

 

------

 

Ifølge Aaland hadde Noe opphavet sitt på Lefdalsnes bruk nr. 1 og då tenkte han truleg at det var Ole Noesen sin son Noe som var identisk med Noe Eikås/Berstad. Ein har ikkje noko haldepunkt for dette, i sær pga. alderen til Ole Noesen Lefdalsnes i 1701 (https://www.digitalarkivet.no/ft10051010280106), samt at Ole Noesen sin son Noe vart kalla Noe Lefdalsnes i 1729 ved dåpen til Daniel Jonsen Lefdalsnes, dvs meir enn 20 år etter at "min" Noe vart g.m. Anne Paulsdatter Eikås.

 

På same måten har ein også gjennom Geni påstanden om at Noe Olsen Berstad skal vere frå Lefdalsnes, og då som sonen til Ole Hansen der (https://www.geni.com/people/Noje-Lefdalsnes/6000000012779584440). Etter det eg har funne hadde ikkje Ole Hansen nokon son kalla Noe. Einaste son av Ole H eg har empiriske bevis for er sonen Knud frå 1666 ... mulig eg tek feil.

 

Faktisk so har eg kun funne ein person ved namn Noe Olsen i heile Davik skibreite i 1701, nemlig ein person busett under Indre Reksnes og innført som son i husholdninga til Lars Pedersen der.

RA, Manntallet 1701, nr. 9: Sunnfjord fogderi, Nordfjord fogderi og Svanø birk, 1701, s. 200-201
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051010280108

 

Men ifølge skiftet etter Else Monsdatter frå 1734 som truleg er mor til denne Noe er han ikkje nemndt mellom arvingane hennar og er truleg død før dette skiftet. Sjå

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/04/04a/L0007: Skifteprotokollar, 1731-1734, s. 551b-552a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128620558

 

So då står eg utan vidare spor i søket etter "min" Noe Olsen. Men kanskje einkvan annan har funne noko som kan gje ein peikepinn?

 

Endret av Morten Sylte
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke noe dokumentasjon på hva som er rett eller galt her Morten. Men i følge Bygdebok for Lefdalsnes side 72, så står det der at Ola Nojeson 1667-1733 ikke hadde noen sønn Noe/Noje. Der er nevnt barna Anne, Marie, Anders, Else, Marte, Ola og Brite.

 

Under Eikås bruk 3 står det at Noje Olufs. Lefdalsnes 1670-1748 giftet seg med enken Anne Pauilsdtr. Eikås 1630-1732

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk, Rune og Inge for verifikasjonen av funna mine.

 

Han er i det heile eit stort mysterium "min" godaste Noe ...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

Då eg la ut dette temaet tilbake i Juni hadde eg lese gjennom fyrste og delvis andre folio av skiftet etter Else Monsdatter frå 1734, utan å få med meg at mot slutten av andre folio står namnet "Noæ Berstad". Boet etter Else skyldar han 3 ort. Blar ein over til neste folio står namnet hans attpåtil  klart og tydeleg som "Noæ Olssen Berstad" - sjå folio 552b - https://www.digitalarkivet.no/sk20081128620559

 

Litt uklart kva dette betyr. kanskje ikkje noko! Men det er vel likevel rimeleg (men ikkje bevist!) å tenkje at "min" Noe Olsen Berstad er identisk med den Noe Olsen frå 1701 som var buande under garden Indre Reksnes i huset til Lars Pedersen. Ein kan også spekulere i om det kan ha vore i foster han var der noko som i tilfelle kan tyde på at han kan ha vore i slekt med enten Ole, fyrste mannen til Else, eller, like gjerne, til ho.

 

Dessverre gjev ikkje nokon av desse to "åpenbaringane" nokon vidare løysing på opphavet til Noe ...

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk, Inge

 

det var ein viktig detalj. Og då vert den andre nye detaljen eg såg i skiftet i denne nye gjennomlesinga meir forståeleg, at der på same folio 552b er nemnt eit tidlegare skifte datert 7. mai 1721. Truleg etter hennar fyrste mann på Humborstad.

 

Med andre ord er det dermed meir truleg som du seier at det er Lars Pedersen og fyrste kona hans (samt hennar trulege fyrste mann) som bør vere fokuset for vidare arbeid for å finne opphavet til Noe. Utan at eg heilt klarar å sjå kvar i kjeldene ein kan finne noko som kan gje svar ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjelder Lars Pedersen Reksnes so er han nemnt i overformyndarprotokollane for Nordfjord, dvs. den fyrste side 14, sjå

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/05/05a/L0001: Overformyndarprotokollar, 1711-1735, s. 13b-14a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db50002645700017

 

Ikkje svært mykje å hente men to detaljar kjem fram - eit skifte datert 14. okt. 1722 og namnet på ei datter etter han kalla Kari Larsdatter.

 

Skiftet 14. oktober 1722 er rimelegvis etter fyrste kona, dessverre ingen namn tilknytt ho. Kari viser seg å ha vore gift med Abel Olsen Humborstad, Else Monsdatter sin nest elste son frå fyrste ekteskap. Interessant detalj i seg sjølv men utan relevans i søket etter Noe. Skiftet etter Kari fortel kun at Abel vert formyndar for borna samt at morfaren Lars Pedersen skal bistå Abel i formyndarskapet.

 

For Kari sitt skifte, sjå her

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/04/04a/L0006: Skifteprotokollar, 1727-1731, s. 420b-421a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128610419

 

 

 

Endret av Morten Sylte
Presisering
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet etter Lars Pedersen datert 21 apr. 1745

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/04/04a/L0009: Skifteprotokollar, 1744-1747, s. 235b-236a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630235

 

Gjev nokre interssante detaljar men ingen oppklaring av opphavet etter det eg kan forstå.

 

Noe vert nemnt også her ved at boet fortsatt er han gjeld skyldig , i tillegg får ein også vite at Lars Pedersen sin datter Eli var gift med Mons Olsen Bugjerde, som i sin tur var stesonen til Noe.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enno eit interessant skifte tilknytt Lars og Noe, skiftet etter Eli Larsdatter Bugjerde datert 19. mai 1756 -

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/04/04a/L0012: Skifteprotokollar, 1753-1757, s. 384b-385a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128650387

 

Mons og Eli sin datter Mari Monsdatter vart gift med Jakob Abrahamsen Eikås, far til Noe sin andre kone Cecilie Jacobsdatter. Dermed vart Mons og Eli Noe sine svigerforeldre i tillegg til at Noe sjølv som nemnt var Mons sin stefar ... Her er det dessverre ein kortsluttning frå min side (*)

 

Det ein kan konkludere er at det mellom Reksnes og Eikås var svært tette familieband, men om Noe og Lars var noko i slekt er meir uvisst. Dei tette banda gjer at ein kunne tenkje at det på eit tidspunkt skulle vere behov for eit kongeløyve for ekteskapa som vert inngått mellom partane utan at eg har funne noko slikt (enno iallefall!)

 

(*)

Jacob Abrahamsen var sonen til Abraham Jacobsen Eikås og dermed Cecilie sin brorson, ikkje far som eg konkluderte med ovanfor.

Endret av Morten Sylte
påpeika ufundert påstand ...
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet som vert omtala i overformyndarprotokollen datert 14. okt. 1722 er rimelegvis etter Lars Pedersen sin fyrste kone. Som nemndt der utan namn i tilknytning til seg. Men for at ho skal ha vore skifta etter so er ho rimelegvis død ei tid før dette skiftet.

 

Utan at eg på nokon måte konkluderar med at dette er rette dama, det er kun ei innførsle i ministrialboka i 1722 for Davik skibreite der den avdøde er frå Reksnes og også er i "rett" alderen. Der er ei til men ho er 13 år gamal.

 

Den eg tenkjer på er Kari Eriksdatter Reksnes, gravfest 19. april 1722, sjå transkribert jordfeste - https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002364768

 

Igjen utan at nokon konklusjon på nokon måte er dregen - stemmer dette so var ho kanskje datter av Erik Noesen frå "nabobruket", Indre Reksnes bruk 3.

 

Eg har funne eit skifte som kanskje er eit indisium - etter Paul Eriksen Gilleshammar -

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/04/04a/L0003: Skifteprotokollar, 1704-1706, s. 321b-322a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127690515

 

Der Lars Pedersen Reksnes både har lånt pengar til boet, mao. er kreditor, samt at han også er formyndar for Paul sin yngste son Erik. Dessverre var dette formyndarskapet over og ute av verden då Lars vart innført i overformyndarprotokollen.

 

Paul er rimelegvis identisk med Erik Noesen sin son i 1666, sjå

RA, Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 25: Nordfjord prosti, 1664-1666, s. 132-133
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005192077

 

 

 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det synes for min del som at eg er komen nær ein mulig teori, dessverre utan at ein har empiriske bevis, enno iallefall. Kanskje dukkar det opp ein gong? Ein kan håpe.

 

I mellomtida vil eg utlegge teorien nokolunde slik: Det er synes rimeleg å seie at Noe var sonen til Lars Pedersen Reksnes sin trulege fyrste kone Kari Eriksdatter og hennar fyrste mann, Ole (Ivarsen ifølge Åland). Ein bykselsetel (*) som eg ikkje har nemnt tidlegare fortel at Lars Pedersen fekk byksel i Reksnes i 1681, i god tid etter at "min" Noe Olsen skal vere fødd (ca. 1670). I 1701 er Noe mellom borna til Lars Pedersen (merkeleg nok ikkje innført som steson!), og ca. 1707 giftar Noe Olsen Reksnes seg med enkja Anne Paulsdatter Eikåsen og flyttar dit. Enten seint 1733 eller tidleg 1734 flyttar han til Berstad i Kjølsdalen der han også no som enkjemann hadde gifta seg med Cecilie Jakobsdatter Eikås.

 

(*)

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/02/02b/02ba/L0002: Pantebok nr. II.B.a.2, 1717-1723, s. 240-241
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20071008840305

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har vel de fleste av disse personene i basen min siden dette i stor grad er slektninger av meg, men opphavet til Noe Eikaas har jeg desverre ikke.  I denne fila finner du flere varianter, bl.a. på Eikås og på Lefdaslnes.  Oppgitte aldre stemmer ikke nødvendigvis 100% med virkeligheten. https://kvien.net/Manntall 1724 Davik.html

Else var f.eks. min 5xtippoldemor gm. Erik Ols. Humborstad gør hun ble enke og gift på Reksnes. Vær obs på at Lars hadde vært gift før og hadde mange barn med første kona som jeg desverre ikke har navn på.

I forbindelse med ekteskapet med Else fikke han bygsel på bruket på Humborstad (Kvien):

23. nov. 1725:

"Overdrar til sin kjære stesøn Abel Olsen,  13 marker smørs leie i Humborstad som han har fått med sin hustru Else Monsdatter."

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Pantebok nr. II.B.a.3 (1723-1733), Pantebokside, Side 354-355
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20071008840616

Datteren, Kari, fra første ekteskap ble forøvrig gift med stesønnen, Abel Olsen. Skiftet etter Kari: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128610419   Om det er konkrete ting i slektskretsen her er det bare å spørre, men kjærnespørsmålet ditt kan jeg dessverre ikke besvare.  Det finns mange skifter å forholde seg til.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 hours ago, Tor Kvien said:

Det finns mange skifter å forholde seg til

 

Hei, Tor og takk for innspill.

 

Dersom dette er andre skifter enn dei eg har nemndt i tråden tidlegare, kan du vere snill og legge ut lenkjer til desse slik at ein kan vurdere dei i forhold til hypotesa eg oppsummerte i mitt forranståande siste innlegg ... ?

 

Som siste delen av tråden viser so gjekk eg etterkvart vekk frå Else Monsdatter som noko slags opphav til Noe og konsentrerte meg om Lars Pedersen og etterkvart den mulege kona Kari Eriksdatter Reksnes, med truleg far Erik Noesen Reksnes.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 22.6.2023 den 21.59, Inge Nygård skrev:

I skiftet etter Ole Noesen Lefdalsnes i 1733 er sonen Noe Olsen nemnt: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128620307

 

Dette er vel same mann som vart gift i Gloppen i 1735: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290631

Ja, det stemmer. Denne Noje er det skifte etter på Gloppestad i 1745, https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630220 og han blir overlevd av berre ein son, Ole. Men han har hatt tre born til - to stk Rasmus etter fyrste mannen til kona, og ei Kristi, etter si eiga mor.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er enno ein liten detalj vedrørande Noe - alle bekker små ...

 

I skiftet etter Ole Monsen Eikås, fyrste mannen til Anne Paulsdatter som seinare vart gift med "min" Noe Olsen, er boet etter Ole skuldig 3 riksdaler 1 ort og 8 skilling til "Noe Olsen Rexnes". Dermed veit ein at Noe nemndt på Reksnes i 1701 også er i live i 1706, enten same året eller eventuelt året før "min" Noe vert gift til Eikåsen.

 

Sjå her, rett nedom midten andre kolonne folio 375b, samt fyrste kolonne 376a omtrent midt i kolonna.

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/04/04a/L0003: Skifteprotokollar, 1704-1706, s. 375b-376a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127690570

 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.