Gå til innhold
Arkivverket

Mads Andersen Takset f. 1753, Takset i Syvde/Vanylven


Anders L Ervik
 Del

Recommended Posts

Mads Anderson Ervik døde i Ervik på Stadlandet i Selje i 1798. Han er fyrste gong nemd under trolovede/viede i 1781 og får tre born som veks opp i Ervika. Dottera Anne Madsdotter 1793-1870 har stor etterslekt.

 

Det er mange med namnet Mads i andre prestegjeld i Sogn og Fjordane og nokre har namnet på Sunnmøre, men i Selje har ikkje namnet nokon tradisjon. Det er  difor lite truleg at Mads er fødd i Selje. Så utfordringa er difor: kor kjem denne Mads frå?

 

I kyrkjebok for Syvde finn vi ein Mads Anderson Takset som er fødd i 1753, og som såleis kan ver ein aktuell kandidat. Mads har fadderar frå Sætre på austsida av Syvdefjorden.  Er det nokon som har fleire kjelder om denne Mads og om desse kjeldene kan utelukke eller fastslå om denne Mads er den eg på søk etter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Anders og velkomen i forumet 🙂

 

Svært uklart kven denne Mads Andersen Takset er ... Har du ei lenkje til dåpen ??

 

Generelt er vel å oppfordre til at ein alltid legger ut lenkjer til informasjon ein sit på. Gjer det svært mykje enklare å gje hjelp då 😉

 

Skifta etter Anders Nilsen Takset i 1757 - og Anders Pedersen Takset i 1749 - nemner ikkje nokon Mads mellom arvingane ... Der er heller ingen andre skifter under Takset med brukar Anders som enkjemann.

 

 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, då må han, dersom han har tilhøyringheit til Syvde/Vanylven, vere sonen til Anders Nilsen Takset, men som nemnt ovanfor so døyr Anders N. i 1757 og vert då skifta etter utan nokon Mads mellom arvingane. Anders sin einaste son og arving utanom enkja er Aslak Andersen som er 23 år ifølge skiftet.  Mads er i tilfellet død før dette skiftet. Dessverre manglar døde for Syvde og Vanylven i tida 1753 - 1760 so det vert ikkje mulig å verifisere.

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det verkar for meg at fadderane er frå Sætre i Dalsfjorden sjå t.d. her - https://www.nb.no/items/47e3686f63a708195385a7c7dfc75cbc?page=623 der du finn Antonius Sætre side 219 øverst (bruk 2), du finn også både Knud og Nils side 222 og 223 (bruk 4), ein kan også argumentere for at det er Brite Sætre som er nemnt bruk 3 som kone til Rasmus Olsen ...

 

Her er truleg Ingeborg Aasen og, i form av Ingeborg Madsdatter busatt Sæterås bruk 2 - https://www.nb.no/items/47e3686f63a708195385a7c7dfc75cbc?page=635

 

Dermed kan ein med stor grad av sansynlegheit seie at alle fadderane er frå Dalsfjorden i Volda. Kva dette betyr kan eg ikkje svare på.

 

 

 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

26 minutter siden, Morten Sylte skrev:

Dermed kan ein med stor grad av sansynlegheit seie at alle fadderane er frå Dalsfjorden i Volda. Kva dette betyr kan eg ikkje svare på.

Dåpen er i Volda...

Kanskje Anders eller kona er fra Dalsfjorden og budde på Takset ein kort periode på den tida.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje uenig, Åsbjørg.

 

Det er mulig, men det vert ein spekulasjon ... Eg har ikkje bevis for at det er tilfelle, og det var mest derfor eg sa at eg ikkje kunne seie noko om kva det betyr. Geografisk er der ikkje langt mellom Syvde og dermed Takset og Dalsfjorden, der var ein svært mykje brukt sti over fjellet mellom fjordane og samkvem og familieforhold mellom bygdene var ganske vanleg. Som nemnt kan det vere Anders Nilsen som var faren, som, sidan han var husmann under Takset, svært gjerne kan ha opphavet sitt i Dalsfjorden. Eg har ikkje funne nokon annan tilhøyringheit i Syvde for han. Men igjen, Mads er i det tilfellet død før skiftet. Andre Anders enn tidlegare nemnte avdøde Anders Pedersen under Takset har eg ikkje nokon kunnskap om denne tida.

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Anders L Ervik skrev:

Mads Anderson Ervik døde i Ervik på Stadlandet i Selje i 1798. Han er fyrste gong nemd under trolovede/viede i 1781 og får tre born som veks opp i Ervika. Dottera Anne Madsdotter 1793-1870 har stor etterslekt.

Det er vel best å starte med det ein veit:

 

Trulovinga i Selje, Trieinintgssundag 1781: https://www.digitalarkivet.no/kb20070515640146

"Unge Karl  Mads Andersen med Pigen Mari Jacobsd. Ervig"

og vigsel 9. s. e trieining på neste side

"4. Unge Karl Mads Andersen Ervig med Pigen Mari Jacbosd."

 

Aaland si gamle bok er nokså snau i opplysningane;

https://www.nb.no/items/65e66d6d925dd7e16605f083fe423fda?page=129

men det er vel nærast å rekne med at Mari er dotter til Jakob Pederson, og

at Mads tok over bruket då han gifte seg med henne.

Og så tyder opplysningane på at det finst ei innførsle om at Mads bygsla 2 1/3 pund i Ervik i 1781  - venteleg i tingboka; kanskje i panteboka.

Men dersom denne tinglysinga hadde fortalt noko meir om kvar Mads kom frå, skulle ein tru at Aaland hadde teke det med... (så det er lite von i å

finne noko om  det der).

Anders var eit svært vanleg namn; og Mads ikkje så uvanleg - på Sunnmøre iallfall.

 

Etternamnet "Ervik" ved vigsla kan han ha fått ved at han hadde flytta inn då. 

Det ser ikkje ut til at der er nokon Anders på Ervik.

Det er likevel mogeleg at han kan ha vakse opp på Ervik, anten som steson (mor gift til Ervik), fosterson, eller son til nokon som

ikkje var gardbrukar.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mads kan ha vore "kvar som helst" frå (inkludert Ervik).  Mads Anderson Takset, døypt i Volda 1753, er ein mogeleg kandidat.

Kven han er, kan verte vanskeleg å finne ut at.

Kyrkjeboka er svært snau: "Mads Andersen Tachset" - og så faddrar frå Sætre og Åsen. 

Morten har heilt sikkert rett i at dette er Sætre og Sætreås i Dalsfjord. Det inneber ikkje meir enn at barnet er fødd der.  Faddrane var vanlegvis

frå dei næraste grannane.  Dåpen skulle vere innan 8 dagar, og då var det i hovudsak grannar ein kunne samle til ein dåp.

Barnet må ha ei tilknytning til Takset i Syvde - men korleis, vert vanskeleg å finne ut.

Rimelegvis er anten mor eller far frå Sætre/Sætreås- og at det er grunnen til at barnet er fødd der. Men eg finn ingen opplagde kandidatar.

 

Eg har ikkje funne noko passande innleiing av mor til Mads i kyrkjeboka for Volda. (Listene over innleidde mødre og døypte born er uavhengige.)

Det kan vere ein (av mange) manglar i boka; det kan vere at ho vart innleidd i Syvde, eller at barnet var uekte (berre "egtekoner" vart innleidde).

 

For ordens skuld: uekte born hadde ikkje arverett etter far.  Dersom Mads var uekte, ville han ikkje stå i skiftet etter far sin.

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 hours ago, Ivar S. Ertesvåg said:

Og så tyder opplysningane på at det finst ei innførsle om at Mads bygsla 2 1/3 pund i Ervik i 1781  - venteleg i tingboka; kanskje i panteboka.

 

Sidan innførselane vart nemnte ... vil tru dette kan vere interessant for deg, Anders.

 

I tingboka her, sjå høgre side 2. dito bykselsetel nummer 2.

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/01/01a/L0034: Tingbøker (justisprotokoller), 1779-1785, s. 137b-138a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090403611071

 

2den af dato 16te Julii 1781

til Mads Andersen paa 2 pd 8 mrkr fiskes leje i Gaarden Ervigen

 

I "gjenpartsboka", dvs bykselprotokollen for Nordfjord 1769-1784, her:

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/02/02c/02ca/L0001b: Bygselsprotokoll, 1769-1772
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db50003066800187

 

Folio 63b

01 Jeg Johan Friederich Krøppelien

02 borger og indvaaner i Bergen

03 samt Bergens Hospitals tilhørende Jordegodses

04 forpagter tilstaar og herved og vitterlig giør, at

05 have fæstet og bort bøxlet til velagte Mads Anders

 

folio 64a

01 sen 2 pd: 8 [..] m[..] Fiskes Leye i Gaarden Ervigen som

02 Jacob Persens Enke Aarlig med 2 tx Korn Føder for

03 hende 1. Koe og 4r Smaler, horimod hun overlader

04 ham til odel Eje hendes ringe Eftterladenskab, naar

05 Gud behager at bortkalde Hende. Og som bøxelen er

06 bleven betalt, maa bemte Mads Andersen

07 samme Jordepart strax tiltrede, nyde, bruge, og sin

08 livestiid bøxelvi[..] beholde, saalenge hand aarlig og

09 i rette tiid betaler de kongl: Skatter og Contributigels

10 som nu er eller hereftter paabudne vorder, samt

11 Jorddrottelige Rettigheder, holder Gaarden med

12 paastaaende Huuse i lovfør Stand, og ellers sig

13 saaledes opfører imod sin Jorddrot eller om,,

14 budsmand eftter deres kongl: Majsts allernaadigste

15 lov, som det en lydig leilending vel eigner

16 og instaar. Dette til bekrefttelse under min

17 Haand og Seigl. Bergen den 16 Julii 1781

18                                                J F Krøepelien

 

Dessverre, som Ivar korrekt spådde, utan tidlegar tilhaldsstad/gardsnamn tilknytt Mads.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Tusen takk for særs interessant informasjon Morten og Ivar.

 

Litt spesielt at alle fadderar kjem frå Dalsfjorden, når bornet har namnet Takset frå vestsida av Syvdefjorden og at dåpen er i Volda ikkje Vanylven.

 

Interessant teori at Mads er "uegte".  

 

Ein Matz Andersøn er konfirmant frå Tømmerstøl i Davik i 1771. Men det er ikkje nokon Mads som har fødselsår i Davik i aktuelt tidsrom. 

 

Tømmerstøl ligg 200 m over havet rett aust for Kjølsdalen i Nordfjord, med kort og godt samband med sti via Bauvatnet over til Dalsfjorden. (Litt høgare passhøgde for å kome over til Syvdefjorden).  

 

Sjølv om det ikkje kan stadfestast er det vel difor ein plausibel teori at Mads er fødd i Syvde/Dalsfjorden i 1753, konfirmert i Davik i 1771, og deretter flytta vestover til Stadhalvøya?  Han har vel truleg vore av "ringe stand" ?

 

Davik sokneprestembete, SAB/A-79701/H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 207
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640080
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Anders L Ervik skrev:

Litt spesielt at alle fadderar kjem frå Dalsfjorden, når bornet har namnet Takset frå vestsida av Syvdefjorden og at dåpen er i Volda ikkje Vanylven.

berre "litt". Om vi leitar, finn vi mange slike døme.  Frå seinare tider kan vi også vite meir om bakgrunnen for at born med etternamn frå grannesokna er døypte i Volda.

 

1 time siden, Anders L Ervik skrev:

Interessant teori at Mads er "uegte". 

Ingen "teori" - men ei tenkjeleg forklaring (på at vi ikkje finn mora innleidd i Volda kyrkje). 

Haken er at som uekte ville han mest truleg vore kalla med mora sitt gardsnamn (kanskje Sætre).

("uekte" tyder illegitim - "utanfor lova"; uekte born hadde ikkje juridisk far - og då ville det vere rart å kalle honom med faren sitt etternamn)

 

1 time siden, Anders L Ervik skrev:

Ein Matz Andersøn er konfirmant frå Tømmerstøl i Davik i 1771. Men det er ikkje nokon Mads som har fødselsår i Davik i aktuelt tidsrom. 

 

Tømmerstøl ligg 200 m over havet rett aust for Kjølsdalen i Nordfjord, med kort og godt samband med sti via Bauvatnet over til Dalsfjorden. (Litt høgare passhøgde for å kome over til Syvdefjorden).  

 

Sjølv om det ikkje kan stadfestast er det vel difor ein plausibel teori at Mads er fødd i Syvde/Dalsfjorden i 1753, konfirmert i Davik i 1771, og deretter flytta vestover til Stadhalvøya?  Han har vel truleg vore av "ringe stand" ?

Mogeleg/tenkjeleg... -ja.  Men "plausibel" (truverdig, vert å klappe for) - nei.  Det er mykje meir truleg at det ikkje er slik, enn at det er det.

Det er tre ulike hendingar (dåp, konfirmasjon og truloving/vigsel) i tre ulike prestegjeld.

Det einaste som knyter dei saman er førenamn og farsnamn - som ikkje var heilt uvanlege.

 

Usikker på kvifor han skulle vere av "ringe stand"  (meir enn andre av bondestand)?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.