Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Juli 26, 2023 Del Skrevet Juli 26, 2023 Kvar kan ein finna opplsningar om bygsling og bygselavgifter på gardar eller deler av gardar. I ei ættesoge for Leikanger ser eg td at i 1726 er det oppgitt at ein person bygsla den og den garden og betalte bygselavgifta i laup, smør og skinn. Men kvar finn ein slike opplyningar? Mvh Anne Marie Bøtun Øyri Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Torbjørn Igelkjøn Skrevet Juli 27, 2023 Del Skrevet Juli 27, 2023 (endret) Sjølve bygselbreva kan i ein del tilfelle vere attgjevne i pantebøkene eller evt. i eigne bygselprotokollar. I tillegg pleier bygselbreva å vere kunngjort på tinget, altså tinglyst. Tingbøkene vil, i tillegg til alt det andre dei inneheld vere som eit register for tinglysingar som f.eks. bygsler og skøyter. Ein får då vanlegvis vite kven som har utstedt bygselbrevet, kven som bygslar, skylda/verdien på eigedommen (landskyld, i nyare tid matrikkelskyld) og kor tid bygselbrevet vart utgitt. Eg har mest erfaring med Sunnfjord, og her var skylda vanlegvis smørskyld (oppgitt i laupar, pund og mark), evt. oksehuder som kunne reknast om til smørskyld, i nokre tilfelle også laks, på kysten var skylda ofte i fisk (då er eininga våg i staden for laup), andre stader i landet kunne vel også skylda vere oppgitt i korn. Elles veit du nok at 1 laup det same som 3 pund x 24 merker i kvart pund = 72 merker. Endret Juli 27, 2023 av Torbjørn Igelkjøn Arkivverket - Terje Nomeland reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Torbjørn Igelkjøn Skrevet Juli 27, 2023 Del Skrevet Juli 27, 2023 (endret) Elles er matriklar og jordebøker ofte nyttige til å finne ut kven som var brukarar eit gitt år og kor stor skylda på bruket (evt. heile garden) var. F.eks. er matrikkelen 1723 skanna. Det var vel også matrikkel på 1660-talet som er skanna. Manntal frå 1660-åra kan vel også innehalde opplysningar om skylda, dette gjeld i alle fall prestemanntalet for Sunnfjord 1666. Også lensrekneskap, stiftamtstuerekneskap og futerekneskap inneheld i mange tilfelle skattelister som listar opp namn på brukarane og skylda på jordpartane. Ofte er desse listene årvisse, medan dei i periodar manglar namn på brukarane, evt. manglar listene heilt. Militærrullar inneheld tilsvarande lister over brukarar og skyld. I tillegg finst det ein del jordebøker. Mykje av dette materialet er skanna. Endret Juli 27, 2023 av Torbjørn Igelkjøn Arkivverket - Terje Nomeland reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Juli 27, 2023 Forfatter Del Skrevet Juli 27, 2023 Takk Torbjørn! Manntala, pantebøkene og matriklane har eg kontroll på, men då får eg sjå kva som er skanna av ulike rekneskapsprotokollar og jordebøker. Torbjørn Igelkjøn reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Torbjørn Igelkjøn Skrevet Juli 27, 2023 Del Skrevet Juli 27, 2023 (endret) Lensrekneskap (- ca. 1660) og stiftsamtstuerekneskap (ca. 1660-ca. 1690) er skanna. Futerekneskap (ca. 1690-) er skanna fram til 1717/1718, men serien går vel fram til 1800-talet. Forhåpentlegvis vil Arkivverket ein eller annan gong prioritere å skanne resten av futerekneskapa, utan at ein må vente tiår på dette. https://media.digitalarkivet.no/db/browse?municipalities[]=1419&start_year=&end_year=&tags[]=74&text= Stiftsamtstuerekneskapa er ikkje indeksert på kommune eller fylke, men det skal vere mogeleg å få dei fram. F.eks. slik: https://media.digitalarkivet.no/db/browse?start_year=1660&end_year=1691&tags[]=74&text="Bergen+stiftamt" https://www.arkivverket.no/utforsk-arkivene/eldre-historie--1814/lens-og-fogderegnskap-1500-talletca.1810 https://www.arkivverket.no/utforsk-arkivene/eldre-historie--1814 Endret Juli 27, 2023 av Torbjørn Igelkjøn Anne Marie Bøtun Øyri reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Torbjørn Igelkjøn Skrevet Juli 27, 2023 Del Skrevet Juli 27, 2023 (endret) Som eksempel kan eg ta denne Geni-profilen: https://www.geni.com/people/Søfren-Haugland/6000000010269708376 Her har eg limt inn lenker til stort sett det eg har komme over av brukarlister for Sunnfjord mellom 1645-1683. Etter 1683 er det få slike lister for Sunnfjord før ekstraskatten 1711. Deretter er det årlege lister (men berre for gardar under lenet) fram til 1717/1718. I mellomtida har eg ikkje funne andre brukarlister enn skattebenådningsliste 1698 i tingboka for Svanøy birk, MT1701 og restanselister på skatt i tingbøkene (1705-1707). Samt ei jordebok for Svanøy birk frå 1715. For kystkommunane har ein i tillegg militære manntal for sjølegdene 1704. Endret Juli 27, 2023 av Torbjørn Igelkjøn Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Juli 27, 2023 Forfatter Del Skrevet Juli 27, 2023 Futerekneskapa har eg jobba ein del med, og som du seier så er det synd at det ikkje er skanna etter 1718. Ikkje like lett for oss rundt i Norges land å møta fysisk på arkiva. Torbjørn Igelkjøn reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Juli 27, 2023 Del Skrevet Juli 27, 2023 (endret) Spørsmålet var vel 22 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev: Kvar kan ein finna opplsningar om bygsling og bygselavgifter på gardar eller deler av gardar. og svaret er 15 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev: Sjølve bygselbreva kan i ein del tilfelle vere attgjevne i pantebøkene eller evt. i eigne bygselprotokollar. I tillegg pleier bygselbreva å vere kunngjort på tinget, altså tinglyst. Det vil seie at det finst ei innførsle i tingboka om tinglysinga. Det er vanlegvis ikkje slike opplysningar i rekneskapa (anten dei er innsende av lensherren, stiftsamtsstova eller futen). Dvs.... fram kongen hadde selt ut krungodset (midt på 1600-t) fann ein bygselavgifter i desse reknesakapa. I 1726 var det lite krungods å bygsle bort. Tingbøkene finn vi skanna på DA. Ytre Sogn for 1726 her: Ytre Sogn tingrett, SAB/A-2601/1/F/Fa/L0030: Tingbok (justisprotokoll), 1726-1728 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090331650429 Innhaldet er ordna kronologisk, tingsamling for tingsamling. Endret Juli 27, 2023 av Ivar S. Ertesvåg Torbjørn Igelkjøn og Anne Marie Bøtun Øyri reagerte på dette 2 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Torbjørn Igelkjøn Skrevet Juli 28, 2023 Del Skrevet Juli 28, 2023 8 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev: Det er vanlegvis ikkje slike opplysningar i rekneskapa For Sunnfjord er iallefall den samla skylda på kvar gard teke med i mange av skattelistene, men den står vanlegvis ikkje spesifisert for kvar enkelt jordpart/brukar. I nokre av listene er skylda ført for kvar enkelt brukar, som f. eks. her: Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Fogderegnskap, RA/EA-4092/R53/L3436: Fogderegnskap Sunn- og Nordfjord, 1712, s. 126 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10101507220126 Og det er den same skylda som er nemnt i tingbøkene. I følgje denne artikkelen (eg lærer alltid noko nytt!) kjem evt. bygselavgifter i tillegg til landskylda. Då må ein nok leite opp gjenpartane av bygselbreva i pantebøkene/bygselprotokollane, der slike gjenpartar i det heile teke finst. Anne Marie Bøtun Øyri reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå