Gå til innhold
Arkivverket

Lasse Eggum i Sogndal, sysken og foreldre


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/24135/260

Finn dette skiftet etter Lasse Eggum i 1716. Meiner det her er ein formyndar Anders Størchson Hov som Lasse var morbror til. Vi har ikkje info om mor til Anders anna enn at ho er syster til Lasse. Er det mogeleg å finna ut meir om Lasse som budde på Eggum då han døydde? Systersonen Anders var fødd i 1790 og døydde på Hov i Fresvik i 1741. 

Kven var foreldra og syskena til Lasse?

Takksam for hjelp.

Mvh

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser ut til at dette kan vera rette folka, men stussar litt på årstala.

Syster til Lasse Eggja var gift på Hov i Fresvik og fekk sonen Anders i 1690 og neste Anders i 1692. Viss ho og Lasse Olsen Eggja var rette sysken, så ville ho vera rimeleg gammal då ho fekk borna!! Lasse var fødd i 1625 og stesystera rundt 1640. Viss det siste årstalet er nokonlunde rett, må far til Lasse vera død før 1640 og rette sysken vera fødde før 1640. Altså ville kona på Hov vera rundt 50 år minst i 1690. 

Sjølvsagt kan fødselsåret til stesystera vera feil, alternativt at Lasse og kona på Hov var stesysken. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Jostein Stokke skrev:
Lærdal bygdebok. 1 : Heim og ætt : Borgund sokn
 
Ø. Eggjo  C22  - side 375
Hovland  A20a   - side 407
Hillestad  E14a  - side 254
 

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014080406125?page=1

 

Det er ikkje sikkert du vert klokare av dette, men litt hjelp kan du vel få her?

 

Det er mykje som ikkje stemmer her ....

C22 Lasse  er d. 1719 (skiftet: 1716)

 - enkja (kone nr. 2 - evt. 3 eller 4) er ikkje nemnd, og ikkje borna hennar.

 - borna frå 1. ekteskap skulle vere arvingar i skiftet

 - skiftet seier at "gaarden hører Sogndahls Presteboel til" - medan bygdeboka seier garden er for det meste bondegods/sjølveige (litt krungods)

 

Er de sikre på at det er rett "Eggum" ?

 

Tidlegare på dagen (17.april) var sorenskrivaren på Aaberge (s.258b), dagen før på "Qvam" (s.257a) og etter "Elling Giertsen Hyj" (s. 256a)

Det kan ikkje ha vore nemnande reiseveg mellom desse stadane.

21. april (s. 260b) heldt han skifte etter "Bottel Eggum" i levande live, som var sjølveigar av 1 laup smør og 1 hud i "Eggum"

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mine opplysningar seier at Lasse budde på Eggja i Sogndal.  Men i fylgje Lærdal bygdebok er Eggum under Borgund i Lærdal, altså ein heilt annan stad. Viss Lasse i Lærdal var bror til kona på Hov så er det som eg skreiv i førre innlegg noko rart med årstala. Styrkår Hov og kona fekk born i 1690 og 1692 og dermed burde ho vera fødd mykje seinare enn Styrk i Lærdal. 

Trur difor at Eggum i Lærdal er ein annan gard enn den eg er på leit etter.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Trur difor at Eggum i Lærdal er ein annan gard enn den eg er på leit etter.

 

I "Sogndal bygdebok B. 2: Gardar og folk i Stedje sokn" s.432, Gnr. 29 Eggja, bnr. 3 Fåberggarden, står det om

Lasse Olsson d. 1716, med enkje og born som nemnt i skiftet.

brukar frå 1710; ikkje sagt kvar han kom frå.

Guri frå Torstad; d. 1720,

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nok den rette Lasse. Men med foreldre og sysken kjem ein kanskje ikkje lenger.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

38 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Trur eg har funne forlovinga til Lasse Olson, vestre side under Stedje'

https://media.digitalarkivet.no/view/11651/100

(1710) Stedje "Dominica 8 post Trinit: tovlovede Jeg

Lasse Olss. Eggum med Gyrj ols datter

forl: Md: Nils Gundvordalen, Elling Eggum"

 

Vigsla er ført inn på sida framom, nest siste linja:
"Domin: 2 Adventus copulerede Jeg

Lasse Olss. Eggum til Gyrj ols datter"

 

Etternamnet han treng ikkje fortelje meir enn at han hadde teke over og flytta inn på "Eggum" før trulovinga.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veit i alle høve at faren heitte Ola. Hadde Lasse vakse opp på Eggum burde han vore med i manntalet i 1701, og der finn eg han ikkje. Kyrkjeboka  for 1713 og utover i Sogndal er heller ikkje digitalisert (eller er vekke), elles ville ein kanskje funne ut når Lasse var fødd, og hatt større sjanse til å finna han.

Sidan ingen brør av Lasse er oppførde som formyndarar lurer eg på om han ikkje hadde brør.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.