Gå til innhold
Arkivverket

Kven var Nils Larsen i Lærdal? Gift med Brita Knutsdotter på Diket under Sæbø, Lærdal, 24.05.1779.


Terje Oddvin Bruket
 Del

Recommended Posts

Finn i bygdeboka at han var født på Lærdalsøyri. Nokon som veit meir om han? Lenkje til giftarmålet i digitalarkivet her (det står ikkje meir i kyrkjeboka):

Brite Knudsdatter - Ministerialbok for Lærdal prestegjeld 1752-1782 (1422P) - Digitalarkivet

Brita var dotter til Knut Bendiksson (1719-1792) frå Eikjaberg i Hafslo.

Eg har på "følelsen" at kanskje Nils Larsen kom frå Sogndal / var son til ein frå Sogndal. Kanskje frå Åberge?

Nils var født ca, 1754. Finn ein Nils Larsen med fødelsdato 24.09.1756, kan det vere han?

Endret av Terje Oddvin Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjølv så ser eg ein Nils Larson Lerheim f 1754 d på Åberge, Sogndal i 1796. Gift m/ Kari Johannesdtr Vangstad i 1789.

 

Ellers så ser eg ein Nils Larson f på Lærdalsøyri i 1752 d. 1788 i Lærdal.

 

Desse opplysningane har eg på eit slektsprogram som eg kan sjå sidan eg er medlem av Slekt og Data.

——-

Når døydde din Lars som vart  gift 1779 ?  Når døydde kona ? Hadde dei ongar ? 

Oppattkalling var svært utbreitt på den tida. 
——

Det var ein ekstra-skatt som måtte betalast på 1760-talet, og som var grunnen til Strile-opprøret i Bergen. Der MÅTTE også ongar.    (var det dei over 8 år ??) betala. Så dersom han er født i 1756, skulle det være sjanse for å finna han i desse skatte-listene i Sogndal.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brita (Ca 1754-1832) og Lars (Ca 1754-16. juni 1828) hadde fleire ungar. Sønneve 1780, Knut 1786, Gjertrud 1788, Anders 1791, Brita 1794-1867

(Brita gift med Henrik Mikkelsson Eri 1790-1819 og Hallvard Bendiksson Fortun 1791-1856. Hallvard Bendiksson var son til Bendik Knutsson som var son til Knut Bendiksson Eikjaberg, altså noko nær inngifte) og Guri 1800. Eg ættar etter dei på Fortun, Lærdal, Brita og Hallvard Bendiksson, og son deira han Nils.

Meiner det stod i bygdeboka at Nils Larsson var født i 1752 på Lærdalsøyri, så då må det vere 2 stk. Nils Larsson født der det året?

Men eg tek med ei klype salt at 1752 er rett for min Nils Larsson (kanskje frå Sogndal som skreve over her).

Her finn me Nils og Brita i folketellinga 1801: 010 Niels Larsen - 0023 Bierchum - 002 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1801 for 1422P Lærdal prestegjeld - Digitalarkivet

Her er sikkert foreldre og søsken til Nils Larsen, på Gjerdet, Lærdalsøyri: Lars Knudsen - Indre Sogn sorenskriveri, skifteprotokoll nr. A 8b, 1774-1781 - Digitalarkivet. Så då kjem eg nok vidare i puslespelet / slektstreet. Men viss dette skal henge på greip, så er andre konklusjonar eg har lest om dei på Gjerdet feil, eller det var 2 brødre med same namnet, Nils Larsen på Gjerdet. Mykje å finne ut av framleis. Håpar på hjelp.

Endret av Terje Oddvin Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Terje !

 

Nils Larson Bjørko Nedre Eri f 1756 d 1828 og gift 1779 m/ Brita Knutsdtr Diket Sæbø f 1754 d 1832, hadde iflg slektslista, som ein kan sjå v/ medlemskap i Slekt og Data 11 ongar. Dei 4 eldste er:

1. Synneva Nilsdtr 1779-1835

2. Lars 1780-1823

3. Kirsti f 1784

4. Knut 1786-1814.  

——

Far til Nils = Lars Anderson Vindedal f ca 1730 (året død: Ukjent) gift ca 1755 m/ Synnøve Nilsdtr f 1730 d ca 1775.

6 ongar frå 1756-66. Nils er eldst.

VÆR merksam på denne slekslista har IKKJE nokon kjelder !!

 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er desse eg har lagt inn i treet mitt for mange år sidan. Truleg rett. Men eg blir usikker når eg ikkje finn dokumentasjon på noko såpass nytt i det området. Mange like namn med like og ulike skrivemåtar, med ektefeller med same namn etc. Takk for hjelpa!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dei to første ongane til Nils og Brita er opp-Kalla etter foreldra til Nils.

Ongje nr 3 og nr 4 er opp-Kalla etter foreldra til mora, Brita.

———

EG ville ha gått fram på denne måten, for å få bekrefta at foreldra til Nils har budt i Lærdal, på Vindedal (kanskje ?)  ved å sjå på Ekstraskatten 1762. Og tilgang og avgang 1762-72:

https://media.digitalarkivet.no/db/contents/47516
og https://media.digitalarkivet.no/db/contents/49636


Vær merksam på at Bygdebøkene IKKJE er primær kjelder ! (Dog kjekt å ha, MEN ikkje nokon fasitt). Skatte-lister er derimot ei primer kjelda. 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skulle gjerne lært litt meir om korleis finne ting. Det går mykje tid til å f. eks. leite i kyrkjebøker etter ting som kanskje står der. Skifter er svært nyttige. I praksis stel eg mykje av det andre har lagt ut på nettet, når eg finn noko som kan passe. Så vert det å prøve å sjekke seinare. Slikt som dette. Så må eg lære meg å notere kvar eg finn ting. Eldste son til oldemor mi heitte Nils Forthun, bestefar hans heitte og Nils og budde på Fortun-roden i Lærdal, bestefar hans igjen er Nils Vindedal. Så det kan godt hende me finn ein eldre Nils og, Anders Nilsson. Takk skal du ha!

Endret av Terje Oddvin Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, Terje, kjelde, er noko av det VIKTIGASTE i slektsgransking !

Kvar fann du desse opplysningane. Det SPARAR deg for mykje tid. 

Dersom det «gleder deg», EG og har kjelde:  Digitalarkivet. Punktum.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.