Gå til innhold
Arkivverket

Tyde etternamn/adresse


Kai Løseth
 Del

Recommended Posts

Peder Simensen får bygselbrev på garden Brune i Stranda, Møre og Romsdal i 1699.

Peder Simensen ? Loed oplæse sit bøxelsædel ……

Side 113b, nesten halvveis nede på sida:

https://www.digitalarkivet.no/rg20090514650376

Peder Simensen skal ha vore frå Hove i Stordal, Møre og Romsdal. I 1693 er det arveskifte etter mora Anne Pedersdotter på Hove i Dale skipreide:

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24544/100

Då bygselbrevet vart skrive kan han ha vore i teneste på ein annan gard, men kva står det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er tilbøyeleg til å lese "Høge"  her..

På sida framom er lagretten lista opp, med ein "Hellesem" og "Hellestad" med forbokstav om lag som for Peder her.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Ivar for forslag. Men kan der vere fire bokstaver bak H’en, når ein samanlikner med «Hellesem» og «Hellestad»? Om det var Houfe ville det likne på Hove. Men nest siste bokstaven er vel ein g.

Og Even, ikkje ofte du er «på viddene». Eg er stadig imponert over din kunnskap.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Kai Løseth skrev:

Men kan der vere fire bokstaver bak H’en, når ein samanlikner med «Hellesem» og «Hellestad»? Om det var Houfe ville det likne på Hove. Men nest siste bokstaven er vel ein g.

Vi kjem ikkje bort frå -ge til slutt...

Men sidan vi alt er i gang med å vri på dette, så kan det kanskje lesast som "Houge". 

Då må det vere ein open o klemt inn i H-en, og så ein u med markør over (som alternativ til ø).

 

Og så kan du - for å sjå det du har lyst til å sjå - resonnere at sorenskrivaren oppfatta "hove" eller "hoffue" som dansk for haug.

Men då har du vel kanskje trekt det så langt at det mistar den dokumentasjonskrafta som du leita etter...

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har prøvd å finne «Høge» som gard/adresse i nærområdet Stordal og Stranda, men det har eg ikkje funne (enno). Alternativt kan det kanskje vere i eit heilt anna område.

Nei, vi må ikkje strekkje tolkinga for langt. Takk for vurderingane du har gjort.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.