Gå til innhold
Arkivverket

Tilgang til (ikkje-klausulert) arkivmateriale i Forsvarets Krigshistoriske Avdeling


Torjus Midtgarden
 Del

Recommended Posts

Arkivverket

 

Eg leiter etter opplysningar om krigsinnsatsen til den militære avdelinga far min far var knytt til under felttoget i Nord Noreg i 1940. I den samanhengen søker eg tilgang til  arkivmateriale som ikkje ser ut til å vere skanna men som er nemnt i det skanna materialet som er er knytt til Forsvarets Krisghistoriske Avdeling. Det materialet eg søker tilgang til er 5 ulike bilag til rapporten til bataljonssjef (for 1/IR 15) major Sigurd Omdal m/tittelen: "Rapport vedrørende 1/IR15s. krigsdeltagelse våren 1940". Eg lurer på om det er mogleg å kome til Arkiverket/Riksarkivet og få lese igjennom og fotografere desse bilaga til rapporten på lesesalen dykkar:

 

1. Dagbok brukt av bataljonssjefen

2. Notater fra adjutanten

3. Bataljonens dagbok ...

9. Kart brukt under operasjonene

10. Kart brukt under operasjonene.

 

Desse bilaga er nemnt på side 12 i rapporten og på s. 584 i det skanna materialet i den aktuelle mappa. Full referanse for Sigurd Omdals (ikkje-daterte) 12 siders rapport (som har desse sidatala i det skanna materialet i den aktuelle mappa: s. 562-584):

 

Arkivreferanse: RA/RAFA-2017/Y/Yb/L0146

Arkiv og arkivdel: RAFA-2017: Forsvaret, Forsvarets krigshistoriske avdeling

Serie og underserie(r): Y: Andre utskilte arkivdeler - Krigen i Norge 1940-1945

Yb: Hæren

Stykke/mappe: L0146: II-C-11-621 - 6. Divisjon

Protokollnr./tidsrom: nr. 146 /1939 - 1940

 

 

Med vennleg helsing Torjus Midtgarden

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alt av arkivmateriale i serie Y (med underserier) - krigen i Norge 1940-45 - er no publisert på Digitalarkivet eller er skanna og klart for publisering. Arkivportalen er ikkje heilt oppdatert på dette enda. Det finst dimed ikkje noko på Riksarkivet som ikkje allereie ligg ute på Digitalarkivet, eller snarleg er der.

 

Merk at rapportar av og til finst i fleire utgåver i dette arkivet, og då ligg vedlegga ved den eine. Du bør sjekke både regimentsstaben og underliggjande einingar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjære Atle Brandsar,

 

Mange takk for svaret ditt.

 

Eg har det siste halve året gått gjennom alt skanna materiale (kvar skanna side) i serie Y som gjeld 6.divisjon (som 1/IR15 var del av). Eg er slik ganske sikker på at dei etterspurde 5 bilaga til bataljonssjef Omdals rapport ikkje er med i dette skanna materialet.

 

I høve til det du seier i svaret ditt vil eg difor spørje: når desse bilaga slik ikkje finnast i det skanna materialet tyder dette difor på at dei heller ikkje finnast i det fysiske arkivet sammen med Omdals rapport (sidan alt allereie er skanna)? Du seier elles at noko av det skanna materialet ennå ikkje er publisert - men er det grunn til å tru at slike bilag ikkje ville ha blitt publiserte sammen med den skanna rapporten?

 

Då eg for tida arbeider med ei historisk gransking av krigsinnsatsen til 1/IR15 (som kan munne ut i eit bokprosjekt) hadde eg sett umåteleg stor pris på dykkar fagleg kyndige  hjelp til å finne ut om bilaga faktisk finnast i det fysiske arkivet og (viss dei gjere det) gjere dei tilgjengelege for meg på dykkar lesesal.

 

Med innsyn i slike viktige kjelder ville det også vere mogleg å kompletere den einaste samla framstillinga av 1/IR 15 krigsinnsats som finnast i bokform: Rolf Abrahamsen: 1. Bataljon av IR 15 på nøytralitetsvakt 1939/1940 og krigsdeltagelse 1940 (Narvik, 1999). 

 

Med vennleg helsing Torjus Midtgarden

 

  

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg får i alle fall inntrykk av at den aktuelle rapporten (bilde 562-585 her: https://www.digitalarkivet.no/db60135155000562) er en gjenpart. Papiret er tynt og Omdals signatur mangler. Da kan det - som min kollega skriver - være at originalen og vedleggene befinner seg et annet sted.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja det kan tyde på at denne versjonen av rapporten er ein gjenpart elller ein kopi. Problemet er bare at nokon annan versjon av rapporten ikkje finnast på Digitakarkivet - eg har verkeleg gått gjennom alt. Og denne versjonen ligg elles der den skal ligge - nemleg blant Omdals andre rapportar (Omdal hadde fleire roller og var aktiv på ulike frontavsnitt under felttoget i Nord Noreg frå 9.april til 10.juni) - og den ligg sammen med rapportane frå kompanisjefane i hans bataljon, 1/IR15. Det kan slik virke som originalen av Omdals rapport med bilaga har gått tapt - den er i alle fall ikkje blitt skanna, diverre.

 

Beste helsing Torjus M.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.