Gå til innhold
Arkivverket

Tolking av kyrkjebok-innførsler i Kristiansund 1859


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Den som har transkribert denne brannskadde kyrkjeboka frå Kristiansund har ført Carl Michael Larsen som den avdøde i innførsle nr 4 ovarfrå på venstre side, med Synnøve Helene Larsen som pårørande. 

 

Kristiansund sokneprestkontor, SAT/A-1068/1/I/I1: Ministerialbok nr. 2b, 1855-1865, s. 26
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20071017610028
 

Dette kan ikkje stemme, sida Carl inngår nytt ekteskap i 1864, så det må vere Synnøve som er den avdøde.

 

Spørsmål 1: Nederst i innførsla er det vist til ein barnedåp; kva er det fyrst ordet i den linja? 

 

Spørsmål 2: Kva står i kolonna for ekte/uekte ved denne dåpen?

 

Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, SAT/A-1454/572/L0846: Ministerialbok nr. 572A09, 1855-1865, s. 69
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20071016620271
 

Carl Michael var ein person som flytta mykje på seg, og vi legg merke til at det i begge innførslene blir operert med ei "angivelig kone". Eg kan berolige presten med at alt er i orden; dei gifta seg i 1855, men har vel ikkje hatt noko papir å vise for seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.