Gå til innhold
Arkivverket

Norsk brev fra 1400(?)-tallet


Carl Chr. Mathiesen
 Del

Recommended Posts

Jeg har et norsk ufullstendig dokument skrevet på pergament, trolig fra 1400-tallet.

 

Kan noen hjelpe med med innholdet? Jeg har ingen forkunnskaper om objektet. Er det noen hint i dokumentet som kan fortelle oss noe om datering (periode)?

 

Bilder av alle fire sidene her:

 

https://ibb.co/8r1MP96
https://ibb.co/sjDvdB2
https://ibb.co/f9PXyFC
https://ibb.co/vjbnYbW

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrifta er frå 1700- eller 1800-talet; eg vil tru omkring midt på 1700-talet (men det kan vere avhengig av alderen på skrivaren

og kven han lærte å skrive av). Eg trur ikkje det kan vere frå før 1700.

Det er ei skøyte over svært mange gardar og gardpartar i området Nordmøre, Trøndelag, Oppland  med meir.

Skylda er rekna i smør, huder, malt m.m. - altså før matrikkelen 1838.

Gardsnamn er skrivne med gotisk skrift, men prestegjeld/sokn med latinsk skrift.

 

Ei mogeleg sikker datering er så finne kva gardar det gjeld, og sjå kven som har vore eigar, og kva tid dei vart selde.

 

Elles: på vegen hit aksepterte du ein regel om å bruke fullt namn. Den bør du følgje:

https://www.digitalarkivet.no/content/1543/endre-visningsnavn

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På bilde nr. 4, åttende linje fra bunnen, er det en referanse til "Landtzslougen". Så selv om håndskriften kan minne om 1700-tallet, kan det være snakk om en avskrift av en noe eldre tekst. Det finnes noen flere språklige markører, f.eks. bruk av ordet "Stedtzsmaal" (https://lokalhistoriewiki.no/Leksikon:Stedsmål), som jeg oftest har sett brukt i lensregnskaper fra første halvdel av 1600-tallet. Språket er i det hele tatt preget av dansk.

 

Teksten er ikke komplett. Det må mangle minst ett blad før bilde nr. 1 og minst ett blad etter bilde nr. 4. Uten innledning eller avslutning er det vanskelig å få ordentlig tak på hvilket eiendomskompleks som her overdras, samt hvem partene er.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

på den siste sida (av desse fire) finn vi formuleringar som "vorris Kongl Arff Successorer udi Regieringen, ..."

og noko som eg tolkar som at det "berre" er vanleg eigedomsrett (ikkje kongelege rettar) som følgjer med eigedomane.

 

Dette peikar vel mot at det er kongen som anten sel eller pantset fast eigedom.

 

Eg finn ikkje nokon gardar frå "heimebane", så eg skal vere varsam med å identifisere gardar og landskyld her.

Men Mogstad i Surnadal er nemnd på s. 1 linje 5, "halfanden Spand oc En Ørre".

Likeins "Solaas Aatte mk-laug " (8 marklag)

Hans Hyldbakk https://www.nb.no/items/79b0c2de081695a4c2cab09e99470f05?page=595&searchText=Surnadal

fortel at skylda for Mogstad i 1667 var 1 spann 2 øre, der kongen eigde 1 spann 1 øre

I 1695 hadde Stangvikpresten teke over 1 spann 2 øre 12 marklag.

For Solåsen https://www.nb.no/items/d1d7abb4754b54a9ed7204b0cb859aae?page=393&searchText=Surnadal

var skylda 8 marklag og kongen var eigar "til sist på 1600-talet", men ikkje så seint at det var ein annan eigar som

selde i 1697.

 

Ifl denne sida https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Leksikon:Spannsleie  var 1 spann = 3 øre = 72 marklag (så 1 1/2 spann 1 øre = 1 spann 2 1/2 øre).

 

Summane stemmer ikkje heilt, men kongen har tydelegvis avhenda Mogstad  og Solåsen mellom 1667 og 1695.

 

Skrifta er ikkje frå 1400-talet; men eg synest ikkje språket heller er det ... 

Her er eit brev som skal vere frå 1497: https://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/middelalder/diplom_vise_tekst.cgi?b=5594&s=&str=

(som også gjeld gardar m.a. Surnadal).

 

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.