Gå til innhold
Arkivverket

Har du tenkt på om/korleis du kan bidra med å løyse slektsnøtter med DNA-testing?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Når vi snakkar om gen-testing tenkjer gjerne dei fleste på muligheten for å finne nye halvsysken eller ukjende, helst rike, grandonklar i Amerika. Det er sjølvsagt interessant nok, men det som er meir interessant for mange av oss, er å bruke dei lang-linja testane - Ydna som følgjer den reine mannslinja di (kan testast berre av menn) og mtdna som følgjer den reine kvinnelinja til mor di (kan testast av både kvinner og menn. 

 

Desse to testane blir som eit kikk-hol inn i fortida, og vi kan med litt flaks og dyktighet løyse problem som ingen skriftlege kjelder kan hjelpe oss med.

 

Døme: Hans Andersson Dal er fødd tidleg på 1700-talet, og du finn to Anders Dal som han kan vere sonen til, men 1701-manntalet er for tidleg, og det finst verken kyrkjebøker eller skifteprotokollar å byggje på, så du møter veggen her. 

 

Men med litt gransking og ein porsjon flaks er du så heldig å finne at begge Anders Dal hadde søner etter seg, og endåtil rein mannslinje fram til dags dato. Attpå til finn du at Hans Andersson også har ei rein mannslinje etter seg - og det viser seg at personar frå alle dei tre linjene er interesserte i å ta ein gen-test.

 

Etter nokre veker får du til svar at Hans Andersson sin test matchar testen etter Anders Monssen Dal, men absolutt ikkje testen etter Anders Gunnarson Dal - og du har funne din rette forfar!

 

Vi som er med og administrerer Norgesprosjektet https://www.norwaydna.no/ jobbar med slike problemstillingar heile tida, og kan bidra med råd og tips i jakta på testarar. Vi er delt inn i lokale fylkesprosjekt (gamle fylkesgrenser), ikkje basert på kvar testaren bur, men kvar eldste kjende ane i rein mannslinje / kvinnelinje budde. Du må gjere slektsgranskinga sjølv, men når du kjem til ein ende der du ikkje kjem lenger, kan du t.d leite gjennom fylkesprosjektet si liste og sjå om det finst andre testar knytte til same personen. Under kvart fylkesprosjekt vil du finne epostadresse til administratorar, og kan kontakte oss den vegen.

 

Ikkje alle fylkesprosjekta er like godt bemanna, så om du skulle fatte interesse for dette, er det fullt høve til å melde seg som co-administrator.

 

Mest sannsynleg har eg ikkje forklart meg presis nok her, men det er fullt muleg å stille spørsmål 🙂

 

  

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 6
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Etter nokre veker får du til svar at Hans Andersson sin test matchar testen etter Anders Monssen Dal, men absolutt ikkje testen etter Anders Gunnarson Dal - og du har funne din rette forfar!

 

Er ein uheldig blir det ikkje treff i det heile, men då får ein samstundes vite at det er ein feil ein eller annan stad. Enten er det feil i slektsforskinga eller i kjeldene den byggjer på. Det er ikkje alltid at den som vart oppgitt som far var den verkelege faren. Om mange testar seg vil ein ha ein større sjanse til å avdekke kvar i slektslinjene feilen/feila er.

 

Det er vel diverre også slik at mange reine manns- eller kvinnelinjer er gått tapt 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er heilt rett som du skriv at svært mange manns- og kvinnelinjer går tapt. Derfor er det viktig at vi ser rundt oss og får testa dei vi finn sist på ei linje.  Eg ynskte å få testa morslinja til far min, men han og begge syskena er døde, og syster hans hadde ikkje born. Farmora mi hadde mange sysken, men flest brør, og dei systrene som var, fekk søner, eller døtre utan etterslekt. Mor hennar igjen var einaste jente, men med å gå endå to generasjonar bak og så fram til notida, fann eg EIN kandidat.

 

Eg har fleire døme på at det ikkje vart treff i situasjonar som liknar på dømet ovanfor, men dei fleste gongane viste det seg at genealogien var feil. Jon Jonson var f.eks ikkje son til forrige brukar Jon Hansson, men gift med dottera Anne Jonsdatter - eller det kunne vere som i dømet mitt: Ein hadde valt feil av to med like namn.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 28.10.2023 den 21.25, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Døme: Hans Andersson Dal er fødd tidleg på 1700-talet, og du finn to Anders Dal som han kan vere sonen til, men 1701-manntalet er for tidleg, og det finst verken kyrkjebøker eller skifteprotokollar å byggje på, så du møter veggen her. 

 

Men med litt gransking og ein porsjon flaks er du så heldig å finne at begge Anders Dal hadde søner etter seg, og endåtil rein mannslinje fram til dags dato. Attpå til finn du at Hans Andersson også har ei rein mannslinje etter seg - og det viser seg at personar frå alle dei tre linjene er interesserte i å ta ein gen-test.

 

Etter nokre veker får du til svar at Hans Andersson sin test matchar testen etter Anders Monssen Dal, men absolutt ikkje testen etter Anders Gunnarson Dal - og du har funne din rette forfar!

Det er vel ein litt forhasta konklusjon...?

Du føreset vel at "rette far" er éin av dei to Anders-ane du veit om.  Men kva om det er ein tredje du ikkje veit om?

Du har vel berre funne at Hans A og Anders M har sams forfedre; ikkje at dei er far og son.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skissa eg har teikna, er sjølvsagt forenkla.

Men når vi har to reine mannslinjer som stemmer på papiret, og dei får Exact match, er det liten grunn til å tru at papirgenealogien er feil. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Skissa eg har teikna, er sjølvsagt forenkla.

Men når vi har to reine mannslinjer som stemmer på papiret, og dei får Exact match, er det liten grunn til å tru at papirgenealogien er feil.

Grunnen til å tvile er den Torbjørn påpeikar: Det er få som har reine mannslinjer etter seg.

Då vert det desto fleire som deler på dei som er.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er også rett. Men i det skisserte tilfellet har vi to mulege papirlinjer der den eine blir avkrefta og den andre har eksakt treff. Hadde vi fått ein genetisk distanse på f.eks 2 eller 3, skulle eg delt tvilen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men ikke vent med å teste deg selv eller en nær slektning til du har en passende mottest-kandidat klar. Da kan det være for sent. Det viktigste er å få testet den linjen man har - så kan man senere se om det kan være mulig å få bekreftet den.

 

Alle linjer har en egenverdi.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Det er heilt rett! Få testa flest muleg linjer med ein grunnleggande test, og så kan ein utvide til ein større seinare.

 

Dersom ein fyrst skal teste seg sjølv, vil det ikkje då vere fornuftig å ta ein utvida test med ein gong?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Absolutt, dersom du tykkjer har økonomi til det; den største mannslinje-testen Y700 kostar 4-5000 alt etter dollarkurs og tilbodsperiodar.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit lite tillegg til forrige innlegg: Sidan brør, søner, farbrør m.m har same Y-dna, er det mange familiar som spleisar på denne dyre testen. Har du f.eks ein fetter i mannslinje som allereie har testa, kan det ha større verdi å hjelpe til å oppgradere den testen enn å ta ein test sjølv, om de er sikre på at begge har rett far og farfar.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.