Gå til innhold
Arkivverket

Tyde skifte etter Karen Christina Nitter, kona til Samuel Jensson Bugge (1698-1777).

Terje O. Bruket
 Del

Recommended Posts

Hei. Eg treng hjelp til å tyde noko i dette skiftet til høgre på side 647. Herdla skipsreide 1779... som du finn her: Skiftemateriale: Nordhordland sorenskrivar, SAB/A-2901/1/H/Ha/L0006b: Skifteprotokollar Nordhordland , 1779-1783, s. 646b-647a - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no). Eg meiner at Karen fekk ei dotter som vart døypt Karen 1. februar 1721 i Hafslo. Karen Christina var då 17 år og ugift og budde på gjestgjevargarden Vetle Vollåker (Valaker) i Solvorn i Hafslo (no Luster). Barnefaren var ein Knud, truleg Knut Asbjørnson Elvetun. Knud Elvetun var gift med Lussi Mogensdotter Schanke og budde på nabogarden Indre Eikjum (Eikum). Det eg spesielt er ute etter er om det går fram av dette skiftet at Karen Christina Nitter hadde ei dotter Karen Nitter. Den jenta som vart døypt Karen brukte Christi som namn i vaksen alder, i alle fall då ho gifta seg med Knut Bendikson Eikjaberg. Eg har "døypt" ho for Karen Christi Nitter i slektstreet mitt. Er det nokon som veit kvar det blei av Lussi Mogensdotter og Knut Asbjørnson Elvetun? Lars E. øyane spurte meg ein gong om far til mi Karen Christi var Knut Vindedal (Lærdal). Knut Elvetun vart nok jaga frå Eikjum, kanskje til Vindedal?

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arvingane er,

"paa sl. Lieutinant Side 2de Broder

Søner og 1 Søster Søn 1 Broderdatter

i Kiøbenhavn som de ej viste enten

hun var død eller ej, paa Sl. Frues

Side er 5 Broder Søner og 4 Broder

døttre, 1) Ældste BroderSøn  .... "  så kjem oppramsing av namna.

Det er ikkje nemnt noko dotter her.

Skiftet refererer noko korrespondanse for å kartlegge arvingane på dei

to sidene. (nokre av arvingane er døde og har etterlate seg born).

På side 648a kjem opplisting av alle arvingane, først hans arvingar (8) frå midt i første kolonne

og så hennar (14)  frå 4.siste linja i den same kolonna.

Dei same kjem att ved utlutinga s. 648b (med litt fleire bror- og systerbarn).

Dersom Karen hadde ei dotter i live (eller med etterkomarar), ville ho vere einearving etter mora. 

Eg ser ikkje noko i skiftet som tyder på at det var noko dotter her.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Takk. Eg rekna ikkje med det heller, då hadde nok denne gåta vore løyst for lenge sidan. Men einkvan har funne noko som kan forklare litt. Christi (Karen) som eg trur er dottera, har i det siste dukka opp som Karen / Christi Knudsdatter i arkivverket i staden for berre Christi tidligare. Eg har funne diverse som knyter ho til Gjestgjevargarden og Nitter. Eit eksempel på det er ein etterkomar som var døypt Henrik Nitter, bror til min tippoldefar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 minutter siden, Terje O. Bruket skrev:

Det er vel kanskje heller sånn at nokon har ynskt at noko skulle forklare eitkvart?  - og så teke nokre snarvegar.

Det var ei tid folk ga kjende slektsnamn som dåpsnamn (førenamn) til borna sine. Det fortel ikkje noko om slekt.

Skiftet dokumenterer at det ikkje var noko dotter (i live, eller med etterkomarar i live) etter Karen Christine Nitter. 

Dersom nokon vil hevde noko anna, trengst det svært god dokumentasjon. Det ville innebere at slektningane svindla

til seg arven (139,5 rd) og at sorenskrivaren gjekk god for det.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Det er vel kanskje heller sånn at nokon har ynskt at noko skulle forklare eitkvart?  - og så teke nokre snarvegar.

Det var ei tid folk ga kjende slektsnamn som dåpsnamn (førenamn) til borna sine. Det fortel ikkje noko om slekt.

Skiftet dokumenterer at det ikkje var noko dotter (i live, eller med etterkomarar i live) etter Karen Christine Nitter. 

Dersom nokon vil hevde noko anna, trengst det svært god dokumentasjon. Det ville innebere at slektningane svindla

til seg arven (139,5 rd) og at sorenskrivaren gjekk god for det.

Vel, Ole Torbjørnson Eikum, søskenbarnet til ektemannen til mi Karen / Christi, hjelpte med drifta av gjestgjevargarden i Solvorn då far til Karen Christina Nitter døydde. Og son hans igjen, Knut Olson havna i Strusshavn på Askøy i lag med Karen Christina Nitter og Samuel Bugge. Kanskje eg skal sjå etter ei syster som mor til mi Karen? Var Karen Christina Nitter tante til ei Karen Nitter i skiftet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eller ein bror som far?

Det er ikkje éi, men to;

"8) Karen N:[itter], er myndig og tilstæde

"10) Karen Christine Nitter gl. 22 aar og opholder sig i strevbohuuset"   [ho er for ung ...

Det står ikkje klart om dei er bror- eller systerdøtre; men nr. 7 er "Borderdatter" og nr. 12 er "søsterdatter".

så rimelegvis er nr. 8 og 10 også brordøttre. Systerdøttrene er ikkje kalla "Nitter".

For arven har det ikkje noko å seie. Kristian Vs lov hadde ein regel som sa at når alle i eitt ættled (altså

alle syskena til avdøde her), så rykte alle borna deira opp og arva samla som om dei var ein syskenflokk.

Dvs at bror/syster-søner arva som brør til avdøde og bror/syster-døttre som systre til avdøde.

Elles:

5 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Dei same kjem att ved utlutinga s. 648b (med litt fleire bror- og systerbarn).

Her skulle det vere:  (med litt fleire bror- og syster-barnebarn). 

Det er minst ein brorson som (i levande live) let arven gå vidare til borna sine;

og så er det nokre bror/syster-barn som er døde og etterlet seg barn,).

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Eller ein bror som far?

Det er ikkje éi, men to;

"8) Karen N:[itter], er myndig og tilstæde

"10) Karen Christine Nitter gl. 22 aar og opholder sig i strevbohuuset"   [ho er for ung ...

Det står ikkje klart om dei er bror- eller systerdøtre; men nr. 7 er "Borderdatter" og nr. 12 er "søsterdatter".

så rimelegvis er nr. 8 og 10 også brordøttre. Systerdøttrene er ikkje kalla "Nitter".

For arven har det ikkje noko å seie. Kristian Vs lov hadde ein regel som sa at når alle i eitt ættled (altså

alle syskena til avdøde her), så rykte alle borna deira opp og arva samla som om dei var ein syskenflokk.

Dvs at bror/syster-søner arva som brør til avdøde og bror/syster-døttre som systre til avdøde.

Elles:

Her skulle det vere:  (med litt fleire bror- og syster-barnebarn). 

Det er minst ein brorson som (i levande live) let arven gå vidare til borna sine;

og så er det nokre bror/syster-barn som er døde og etterlet seg barn,).

Takk for hjelp og idear, Ivar. Mi Karen / Christi Knutdotter var født 1721, viss det er ho eg finn døypt Karen (utan foreldre nevnt, slik eg forstår teksten), men med berre "viktige" fadrar, inkl. fogden Leganger, og eit par Bugge, pluss andre fine folk rundt Bugge-folka på Urnes i Hafslo. Då mi Karen / Christi gifta seg vart ho kalt for Dalen (som i dette tilfellet er Kinsedal, under Urnes). Ein annan som gifta seg nokre år seinare var ein soneson til nevnte Knut Asbjørnson Elvetun, han og hadde Dalen som adresse / etternamn. Meiner det var ein plass dei kalte for Bakken (i Kinsedal) dei budde på, og på same tida budde det Bugge-folk der og.

Har sett både 1709 og 1717 som moglege fødselsår. Men det er vel helst gissing. Ho levde ved folketellinga i 1801, og budde då hos ein av ungane sine på Brattegjerdet under Skjær i Lærdal. Dåpen til den ukjente Karen her, midt på sida til høgre: Kirkebøker: Hafslo sokneprestembete, SAB/A-80301/H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1717-1755, s. 10 - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no)

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Terje O. Bruket skrev:

Takk for hjelp og idear, Ivar. Mi Karen / Christi Knutdotter var født 1721, viss det er ho eg finn døypt Karen (utan foreldre nevnt),

Foreldra er rett nok ikkje namngjevne, men dei er klart indentifiserte:

"d. 7 Febr Døbt min Datter Karen" 

Det er soknepresten og kona som er foreldre. Det forklarar også faddrane.

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Karen skal ha døydd som lita. Året etter skal soknepresten (Christopher Ludvigson Munthe) ha fått ei ny dotter med same namn, død i 1736.

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2009031003040?page=487&searchText=hafslo

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Altså mi Karen / Christi har eg ikkje funne, før ho gifta seg. Eg får prøve å finne den på arkivverket som har identifisert Christi som Karen, og skreve inn Karen / Christi. Det må jo vere ei forklaring på det. Takk for hjelpa!

Nærliggjande å tru at mi Karen / Christi rett og slett er dotter til Knut Asbjørnson Elvetun og Lussi Mogensdotter Schanke (Indre Eikjum). Eg finn ikkje noko om Knut og Lussi etter at dei flytta / blei jaga frå Indre Eikjum.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

44 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Har du lenke til vigsla? Dato og år?

Vitne ved giftarmål:
Jørgen Urnes og Johannes Eikum. Karen/Christie Knudsd - Ministerialbok for Hafslo prestegjeld 1717-1755 (1425P) - Digitalarkivet

Torbjørn Knutson på Indre Eikum, var født i Kinsedal, og er onkelen til Knut Bendikson Eikjaberg (som gifta seg med Karen / Christie).

Torbjørn si kone, Anna, er syster til Lussi, Schanke-jenter.

Endret av Terje O. Bruket
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 Søndag Trinit: Troloved Knud Bendixen Ekeberg med Karen Knudssen forlovere Jørgen Ornes og Johannes Ekum.

Langt oppe på høgre side:
Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Joranger, Fet, Urnes i Hafslo, Ministerialbok nr. A 1 (1717-1755), Kronologisk liste 1744, Side 50
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305360641

den 25. Søndag Trin: Copuleret Knud Bendixen Ekeberg med Christie Knudssen Dalen.

Heilt øverst på høgre side:
Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Joranger, Fet, Urnes i Hafslo, Ministerialbok nr. A 1 (1717-1755), Kronologisk liste 1744-1745, Side 51
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305360642

Presten har vel truleg skrive feil namn i den eine av innførslene.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 minutter siden, Terje O. Bruket skrev:

originalen skanna her: ("Christie"), øvst til høgre.

Hafslo sokneprestembete, SAB/A-80301/H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1717-1755, s. 51
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305360642

"Knud Bendixen Ekeberg med Christie Knudsen(!) Dalen"

Trulovinga må vere her: (12 Sundag e. trieining; nest øvst til høgre).

Hafslo sokneprestembete, SAB/A-80301/H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1717-1755, s. 50
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305360641

Her her ho kalla "Karen Knudsen"; forlovarane les eg som "Jørgen Ornes og Johannis Ekum"

Det er anten Statsarkivet i Bergen eller Luster kommune som har registrert handlingane og slege saman innførslene.

(Det er vel strengt rekna ikkje i samsvar med reglane i DA. )

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

12 Søndag Trinit: Troloved Knud Bendixen Ekeberg med Karen Knudssen forlovere Jørgen Ornes og Johannes Ekum.

Langt oppe på høgre side:
Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Joranger, Fet, Urnes i Hafslo, Ministerialbok nr. A 1 (1717-1755), Kronologisk liste 1744, Side 50
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305360641

den 25. Søndag Trin: Copuleret Knud Bendixen Ekeberg med Christie Knudssen Dalen.

Heilt øverst på høgre side:
Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Joranger, Fet, Urnes i Hafslo, Ministerialbok nr. A 1 (1717-1755), Kronologisk liste 1744-1745, Side 51
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305360642

Presten har vel truleg skrive feil namn i den eine av innførslene.

Takk. Så det er der Karen har lurt seg inn. Då vert ho heitande Christie som før hos meg.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Terje O. Bruket skrev:

Nærliggjande å tru at mi Karen / Christi rett og slett er dotter til Knut Asbjørnson Elvetun og Lussi Mogensdotter Schanke (Indre Eikjum). Eg finn ikkje noko om Knut og Lussi etter at dei flytta / blei jaga frå Indre Eikjum.

Det var skifte etter Berte Kristensdtr. Eikum i 1744.

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000001015392

Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 5b (1741-1748), Skifteprotokollside, Side 381b-382a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081120700386
 
Enkjemann: Mons Andersson Schanche. Skiftet nemner fellesborna Mons Schanche, Mari Monsdtr. g. m. Peder Kroken, Anne Monsdtr. g. m. Torbjørn Eikum, Kristi Monsdtr. g. med Nils Qvale, Luci Monsdtr., død, var g. med Knut Asbjørnson. Luci sine born: Knut Knutson, 23 år, Anders Knutson og Brite Knutsdtr. Altså ingen Karen eller Kristi.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Ja, dette er rette folka.

Elen Nitter, syster til Karen Christina, budde på nabogarden Elvetun, der Knut Asbjørnson kom frå. Ho var først gift med ein Jens, seinare med Mons Erikson Klingenberg frå Amla. Dottera til Elen og Mons, Barbra blei gift med Peder Jensson Klingenberg som budde på Sæbø i Erdalen i Lærdal, altså der mi Christie budde då ho og mannen, Knut Bendikson, flytta frå Hafslo til Lærdal. På venstre side i kyrkjeboka der me finn prestedottera Karen døypt er det noko om Elen Nitter og barn. Tyde det er og vanskeleg for meg. Lenke: Kirkebøker: Hafslo sokneprestembete, SAB/A-80301/H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1717-1755, s. 10 - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no) Eit eller anna var det som fekk Christen Nitter til å tenne Knut Asbjørnson såpass at episoden hamna i retten etterpå. Det var neppe berre at Knut var noko ukristeleg, tenkjer eg. Vart han skulda for å vere barnefar til ungen til ei av døtrene til Christen? Litt om episoden i den gamle bygdeboka både under Elvetun, og konflikt med svigerfaren Mogen Schanke Indre Eikjum. Sjå Elvetun side 551 og Indre Eikjum side 577-578. Hafslo : bygd og ætter (nb.no)

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.