Gå til innhold
Arkivverket

Bildesøk i "Nye" Digitalarkivet?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Kan nokon fortelje meg kva desse 102 treffa har med Florø å gjere?

 

Hold musepekeren over et bilde for forhåndsvisning av bildebeskrivelse, eller klikk på et bilde for å se bilde + bildebeskrivelse. Ordet "Flørø" vil sannsynligvis være en del av bildebeskrivelsen og/eller forekomme i metadata for øvrig.

 

Dette bildesøket er så å si helt nytt, også for oss, så vi utforsker det sammen med dere som bruker Digitalarkivet.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når ein brukar mobilen kjem det ingen bildebeskrivelse når ein klikkar på dei ulike bileta. Det står absolutt ingen ting om biletet, verken kva det viser eller samanhengen/kjelda bileta er ein del av. Om eg trykkjer og held i staden for å klikke får ein derimot opp ein bildebeskrivelse. Dei fyrste bileta har nok tilknyting til Florø, men for meg ser det ut til at dei fleste bileta (f.eks. alle plantene) er tilfeldige treff. Det virka også som at det var ein del av bileta som kom att fleire gonger når eg bladde nedover, og at det dukka opp ein del nye bilete då eg utførte søket på nytt.

 

Mogelege forklaringar kan vere at det blir utført upresist søk (som gjev treff på flora=planter) og at søket har den same feilen som diskutert her:

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg prøvd det same søket frå PC. Då får ein opp både søkjemeny til venstre og bildebeskrivelse osv. til høgre på kvart bilete. Det fekk eg IKKJE frå mobilen (Android 14). Men det manglar framleis mogelegheit til å bla i kjelda.

 

Søkjemenyen var på eit vis oppklarande. Ein kan velje å søkje i metadata, kunstig intelligens eller begge deler. Søk i metadata gjev 11 treff frå Florø. Søking med kunstig intelligens gjev dei andre rare treffa. 11 treff frå Florø + 91 rare treff = 102.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søk på Førde gjev følgjande treffliste:

https://nye.digitalarkivet.no/search/photo?media=photo&s=førde&search_mode=lexical

 

Treff nr. 3 og 5 ser ut til å vere identiske, og det same gjeld treff nr. 4 og 6.

 

Her er eitt av bileta:

https://nye.digitalarkivet.no/source/58523/photo/02ab920d-f54f-4680-9761-2b9cf4c76226

 

Det nyttar ikkje å kopiere fo60000003007938 til direkteoppslagsfeltet på https://media.digitalarkivet.no Derimot kan ein kopiere A-11137 til Arkiv-feltet her:

https://media.digitalarkivet.no/db/browse

og bla til mappe L0003 i trefflista som dukkar opp. Så må ein bla seg fram i protokollen til sida som inneheld fangebilete nr. 4352:

Oslo politikammer, Kriminalavdelingen, SAO/A-11137/U/Ua/L0003: Forbryteralbum, 1894-1897, s. 39
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db10011700030039
 

Ein legg merke til at biletet er kutta på ein slik måte at teksten under biletet ikkje er med i den nye tenesta.

 

Dette var tungvint.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søk på Jølster gjev 0 treff med konvensjonell søkemetode, men med kunstig intelligens får ein plutseleg heile 1890 treff. Plantene er visst med også her:

https://nye.digitalarkivet.no/search/photo?media=photo&s=jølster&search_mode=combined

 

Kunstig intelligens var moteord i 2023. Blir dette ei døgnfluge?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har gjort noen forsøk jeg også. Får opp alt annet enn det jeg søker etter. Ubrukelig. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for eksemplene og synspunktene. Jeg har personlig ikke vært involvert i utvikinga av bildesøket, men planlegger å gjøre meg inngående kjent med det i løpet av ei ukes tid. Da er disse eksemplene nyttige. Jeg kommenterer et par ting nå:

  • Bildesøket er lagt ut i sin første versjon. Jeg antar at mobilvisning ikke har hatt høy prioritet i denne første versjonen, og at utviklerne er klar over at mobilvisninga har mangler.
  • De identiske fotografiene skyldes overlappende fangealbum (https://www.digitalarkivet.no/db10011700030039 og https://www.digitalarkivet.no/db10011700040027. Fotografiene finnes flere steder i arkivene. Det er derfor snakk om to ulike digitale bildefiler med samme motiv og (nær) samme beskrivelse. Dette blir i og for seg det samme som når vi finner samme dåp to ganger i personsøket, når både ministerialbok og klokkerbok er transkriberte og søkbare.
  • Fotografiene fra fangealbumene er i bildesøket enkeltportretter, mens i skanna arkiver (media.digitalarkivet.no) vises albumside for albumside. Det er derfor - i alle fall i disse tilfellene - ikke de samme digitale bildefilene i bildesøket og i skanna arkiver, og da blir det ikke tilslag i skanna arkiver med bildeid-ene fra fotosøket.
  • Når fotografiene fra fangealbumene er kuttet, slik at eventuell tekst under ikke er med, har det nok ikke med selve den tekniske løsningen / bildesøket å gjøre; det må i stedet være et valg som er tatt av de som har arbeidet med å fylle bildesøket med innhold. Man kan selvsagt diskutere denne praksisen, f.eks. fra et kildekritisk synspunkt, men her er nok det ledende prinsippet å fokusere på selve fotografiene, og så skal annen informasjon / kontekst legges inn som metadata. Når det gjelder de to identiske fotografiene som jeg har lenket over, skiller beskrivelsene i bildesøket seg på ett punkt, nemlig fødselsdatoen til den avbildede. Først når man slår opp i albumene og leser teksten som der er knyttet til fotografiene, kan man slå fast i uoverensstemmelsen ikke skyldes en tastefeil i metadataproduksjonen, men at den finnes allerede i albumene.
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld den manglande søkjemenyen i mobilmodus finst den visst likevel. Når treffa blir vist ligg det ein flytande knapp nederst på skjermen som heiter "filtrer og sorter", klikkar ein på den får ein opp søkjemenyen.

 

Eg har også funne ut korleis ein får fram dei manglande metadata for kvart enkelt bilete. Når eg legg mobilen sidelengs kjem dei fram under biletet.

 

Spesielt det siste var ikkje akkurat innlysande.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.