Gå til innhold
Arkivverket

Bidragssak for Randi Wasmuth (1916-1982):


TARALD SELDAL
 Del

Recommended Posts

Hei,

 

RANDI WASMUTH 1916-1982

 

Lyngen sokneprest-embete sitt fødselsregister Frå Lyngen sokneprest-embete sitt fødselsregister nr. 75, 1916-1924, s. 23 ser vi at Randi er født den 9. november 1916 og skriven inn i Kyrkjeboka som uekte (u.e.). Dei som er oppgitt som foreldre er nitten år gamle Anthon Fredrik Wasmuth (1897-1932) frå Langnes og den tjuefem år gamle tenestepika Maria Johanna Kristiansen (1891-1951) frå Rundberg i Lyngen.

 

Dåpen til Randi

I februar 1917 vart Randi heimedøypt av Ole P. Olsen. Under dåpen er ho skriven inn i Kyrkjeboka som Randi Fagerhaug, med Anthon Fredrik Wasmuth og Maria Johanna Kristiansen som foreldre. Dåpsvitne var; Peder Knutsen og Olivia Serine Elise Samuelsen frå Kågen på Skjervøy. Olivia skreiv seg også Rundberg og var gift med Herman Pettersen Fagerhaug. Fadrar var; Herman Pettersen Fagerhaug, Olaf Olsen Fagerhaug, Hilda Eriksen Fagerhaug, Nils Albrigtsen Fagerhaug og Marie Fyhn Fagerhaug.  Peder, Hilda og Nils var Randi sine fadrar på farssida, mens Herman og Marie var fadrar til Randi på morssida. I dag er dåpsvitne og fadder synonymt. I tidlegare tider hadde dåpsvitne og fadrar ulike roller under dåpen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

Dette kjenner eg til, men korleis kan eg finne ut om det var oppretta ein bidragssak der den biologiske faren til Randi Wasmuth er oppgitt ?
DNA studiar viser at den biologiske faren kan vere Knut Ragnvald Knutsen (1893-1955) som vart frå Lyngen, men som vart gravlagt i Bjerkvik barnlaus.
Fleire av fadrane under Randi sin dåp tilhøyrde Randi si biologiske farsslekt. Sjå her: https://www.geni.com/photo/photos_of_me/6000000015634778036



Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fødselsregisteret skal inneholde navn på biologisk far (så langt det offentlige kjenner til dette). Du kan finne bidragssaker på denne tida i Fylkesmannen og i lensmannsarkivet, sjå under punkt 3:

https://www.arkivverket.no/dokumentasjon/farskap-og-adopsjon/bidrag#!#block-body-2-0-2

Eventuell farskapssak kan finnast i sorenskrivararkivet, sjå punkt 3 her:

https://www.arkivverket.no/dokumentasjon/farskap-og-adopsjon/farskap#!#block-body-2-0-1

 

Desse kjeldene(for Lyngen) er oppbevart hjå Statsarkivet i Tromsø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.