Jump to content
Arkivverket

Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 27, 1725-1729 - tyde gårdsnamn


Morten Sylte

Recommended Posts

Sjå nederst folio 190b, under krussedullstrekane

Sunnmøre sorenskriveri, SAT/A-0005/1/1A/L0028: Tingbok 27, 1725-1729, s. 190b-191a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090420320918

 

Noch blev oplæst velbr hl Capit: Pauses bøxel bref til Anders Pederss: indre

Kroegsviigen paa 5 mæll: udi Mede - og 2 udi yttre Løeset, same at bruge sin livs

tiid med videre af dato 18 Nov: 1726: under haand og seigl

 

Det er det utheva gårdsnamnet eg ynskjer verifisert.

 

Håpar også - dersom tydinga mi er korrekt - at nokon kan kome med eit forslag på kvar denne indre Krogsvik kan ligge hen.

 

Link to comment
Share on other sites

Litt underleg denne ...

Det kan vere "Krongsviigen"; men då har eg ikkje noko framlegg til kvar det er.

Dersom du les rett, skiftar skrivaren frå gotisk skrift til latinsk skrift midt i namnet.

Du les 4. bokstav som gotisk e; og nest siste som latinsk e.   r-en (2. bokstav) er også latinsk.

"Kroegsviigen" kunne vere Krokevik, gnr. 2 i Vanylven. Haken er dette "indre", sidan Krokevik var einbølt (til ein gong på 1800-talet).

Men eg ser ikkje nokon gode alternativ.

 

elles les eg "udi Nede(r) - og 2 udj yttre Løeset,

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

5 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Litt underleg denne ...

Det kan vere "Krongsviigen"; men då har eg ikkje noko framlegg til kvar det er.

 

 

Kva med (Litle) Krumsvik i Volda? (som og vart kalla indre Krumsvik)

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Takk for svar, Ivar

 

og ja, svært vanskeleg å få noko godt svar frå dette ordet. Som du tenkte eg og fyrst på Krokevika, men såg raskt at det var mindre truleg.

 

Svært interessant er det i alle tilfeller at ein her er nær eit mulig opphav til denne Anders, noko "Syvdeboka" ikkje har noko svar på.

Link to comment
Share on other sites

3 minutter siden, Inge Nygård skrev:

 

Kva med (Litle) Krumsvik i Volda? (som og vart kalla indre Krumsvik)

Det kan godt vere.

Link to comment
Share on other sites

Voldasoga av Årviksæter, b. 3 side 377 nemne ein Peder, brukar frå 1675 med ein son Anders. Ifølge Årviksæter var han busett på "Greivsneset". Ikkje noko vidare under Krumsvik. So langt har eg ikkje funne ut kvar Greivsneset ligg, må sjå litt meir på det. Men innleiingsvis, sjølv om ein har ein person med rett namn, ser det ikkje ut til å vere Krumsvik som er svaret. Men eg må finne Greivsneset og også evt. skifter som kanskje kan gje andre svar ...

 

https://www.nb.no/items/d107f6baee02864f30020db2e47efdd8?page=381

Edited by Morten Sylte
Link to comment
Share on other sites

52 minutter siden, Morten Sylte skrev:

Voldasoga av Årviksæter, b. 3 side 377 nemne ein Peder, brukar frå 1675 med ein son Anders.

Du meiner sikkert Aarviknes... 

Busetnadssoga for Volda b.2 (Lisje Krumsvika) s. 208 har med Peder, men har ikkje funne grunnlag for å ta med dei to sønene (berre dottera Marte).

 

 

 

 

Link to comment
Share on other sites

17 hours ago, Ivar S. Ertesvåg said:

Du meiner sikkert Aarviknes... 

 

Ja ...

 

17 hours ago, Ivar S. Ertesvåg said:

Busetnadssoga for Volda b.2 (Lisje Krumsvika) s. 208 har med Peder, men har ikkje funne grunnlag for å ta med dei to sønene (berre dottera Marte).

 

Det tek eg til etterrettning. So får ein sjå om ein brukar meir tid på dette søket ved eit seinare høve.

 

Men! Ein kan spørre seg og lure på kvifor forfatterane av Busetnadsoga har landa på at det ikkje er grunnlag for å nemne "Jacob Pedersen Cromsviig, af Volden Schibbr: " busett og nemnt som tjenar under garden Kopperstad i Herøy i manntalet 1701 - sjå her https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000001095141 . Ein har sjølvsagt ikkje empiriske prov for at dette er Peder i lille Krumsvik sin son, men grunnlaget for å nemne muligheita må ein vel kunne seie er der. Og so stoppar eg der, trenger ikkje nokon vidare diskusjon om motiv og vurderingar til forfatterane enn dette retoriske spørsmålet.

Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Morten Sylte skrev:

Men! Ein kan spørre seg og lure på kvifor forfatterane av Busetnadsoga har landa på at det ikkje er grunnlag for å nemne "Jacob Pedersen Cromsviig, af Volden Schibbr: " busett og nemnt som tjenar under garden Kopperstad i Herøy i manntalet 1701 - sjå her https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000001095141 . Ein har sjølvsagt ikkje empiriske prov for at dette er Peder i lille Krumsvik sin son, men grunnlaget for å nemne muligheita må ein vel kunne seie er der. Og so stoppar eg der, trenger ikkje nokon vidare diskusjon om motiv og vurderingar til forfatterane enn dette retoriske spørsmålet.

 

Det er nok eit spørsmål om metode (ikkje så mykje om "motivasjon").  Dette er truleg det einaste som knyter Jakob i Koparstad til Kromsvik. Han kunne t.d. vere steson eller slektning (barnebarn, syster/bror-son,...) til ein av dei andre brukarane i Kromsvik (store/lisje). Det var meir enn nok av dei som vaks opp med andre enn foreldra sine.

Då vert sannsynet for at det er Peder lisje Kromsvik sin son ikkje større enn at han er son til ein annan Peder.

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Ja, enig.

 

Gløymde forresten heilt, noko eg beklagar (!), å takke for at du tok deg tid til å sjekke Busetnadsoga. Set stor pris på det.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.