Gå til innhold
Arkivverket

Foreldra til Kari Pedersdotter (Qwam) i Lærdal? Født ca. 1830 i Hafslo?

Terje O. Bruket
 Del

Recommended Posts

Hei.

Her er lenkje til giftarmålet i Lærdal Kari Pedersdatter - Ministerialbok for Lærdal prestegjeld 1853-1877 (1422P) - Digitalarkivet.

Far hennar heitte Peder (Per) Erikson. Han kan vere ein frå indre Kvam i Hafslo.

Denne Per flytta viss til Store-Heggestad bnr.1, og blei gift med ei enkje der. Ho heitte Lisbeth.

Ser ut til at Kari Pedersdotter kom frå prestegarden i Hafslo (ein av dei) då ho kom til Lærdal og gifta seg med Nils Halvorsen Forthun (min tippoldefar).

Finn ikkje dåpen til Kari ca. 1830 i kyrkjebøker. To andre Kari med far som heitte Peder Erikson vart døypt 1832 og 1833. Desse Kari-ane vart gift andre stader.

Kan nokon hjelpe? Eg har ikkje den nye bygdeboka (bok nr. VIII?) med den delen av Kvam og Heggestad.

Altså kven var foreldra til "mi" Kari?

Helsing Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

På side 219 i Gards- og ættesoge for Luster kommune. B. 8 : Veitastrond heter det:

"Peder Erikson Heggestad, fra Kvam, vart døypt 21.8.1801 og d. som kårmann på
Heggestad 24.10.1875. Peder kom til Heggestad då han 25.6.1827 gifte seg med kår-
enkja på bruket, Elisabeth Johannesdotter, og var truleg mannen som tok over
styringi av bruket frå kring 1830. Det ser ut til at han pakta garden for Anders Alme
og sidan for enkja hans like fram til midten av 1870-äri, men Peder fekk 23.10.1835
festesetel hjå Anders Hermundson på ”ein plass” under bruket, so han har nok ei tid
og vore ”herre i eige hus”. Peder og Elisabeth var barnlause."

Endret av Dag Arne Danielsen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Dag Arne Danielsen skrev:

Takk. På ein av prestegardane i Hafslo var det ein barnlaus og ugift lærar Peder Erikson på den tida. På prestegarden i Gaupne, Luster, var det ein barnlaus Peder Erikson.

Felles med alle Peder Erikson i Hafslo og Luster er at dei er meir eller mindre i slekt med kvarandre. Foreløpig kan dei ha Kari som felles dotter inntil vidare, for min del. Vanskelige desse kjerringane. Kan eit alternativ vere at ein Peder Erikson på ein måte var stefaren hennar? F.eks. den læraren på prestegarden?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei 

Men på side 492 i Gards- og ættesoge for Luster kommune. B. 9 : Hafslo 1 finner du nok dine folk:

Peder Erikson Løengen, opphavleg frå Bakkagjerde under Venjo, vart døypt
7.7.1799 og d. som husmann på Løengi 23.7.1860, visstnok under eit opphald på
Prestegard. Han gifte seg 15.6.1825 med Guri Rasmusdotter frå Flatane under
Nes. Ho vart døypt 26.10.1794 og d. truleg på Løengi kring 1852. Peder og Guri var
først plassfolk i Uri under Heggestad, men flytte kring 1831 inn i Løengi under Alme
og dreiv denne plassen til han vart nedlagd kring 1860. Peder og Guri fekk fem born
ilag:
1. Kari Pedersdotter f. 14.10.1824,
Kari Pedersdotter flytte i ung alder til Lærdal der ho 10.11.1859 gifte seg med Nils Halvorson frå
Fortun på Lærdalsøyri. Han var son av husmann Halvor Bendikson
i Forthun og kona Britha
Nilsdotter frå Havrane under Nedre Eri og f. i Lærdal 6.7.1831. Nils var skomakar, og han og Kari
busette seg på Brattegjerde, Lærdalsøyri i Lærdal, men flytte sidan til Fortun, Lærdalsøyri i Lærdal
der Kari d. 17.6.1871. Nils gifte seg 16.2.1887 att i Lærdal med Anna Gullaksdotter frå Skvampelen
under Bjørkum, f. Lærdal 18.1.1860. Nils og Anna vart buande på Brattegjerde der Nils d. 5.6.1900.
Anna gifte seg att, men dødsfallet hennar er ukjent. Anna Gullaksdotter fekk i alt åtte born; av dei
var fire frå ekteskapet med Nils Halvorson. Nils og Kari fekk ikkje born i lag, men Nils hadde ein
son frå før, som voks opp hjå Nils og Kari på Brattegjerde:
a. John Nilsson, sidan kjend som John Nilsen, son av Nils og enkja Agatha Monsdotter, og frå
Brattegjerde (1828- ), var f. i Lærdal 18.7.1856 og voks som nemnt opp hjå faren og stemori på
Brattegjerde, men flytte sidan til Bergen der han d. som skomakarmeister 7.9.1926. Han gifte
seg første gongen i Bergen 1.12.1880 gifte seg med Lovise Ulrikke Størksen, f. i Årstad, Bergen
23.7.1857. Ho d. i Strømmen, Årstad 26.3.1913, og John gifte seg 25.8.1918 att i Bergen med
Marie Randine Iversen, f. på Askøy 14.12.1890. Ho d. på Laksevåg 10.4.1954. John vart
skomakarmeister og budde med første kona Lovise i Strømmen under Krohnsminde i Årstad,
Bergen, men flytte sidan til Nordnes i Bergen. Han fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og
to frå det andre.

Endret av Dag Arne Danielsen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Dag Arne Danielsen skrev:

Hei 

Men på side 492 i Gards- og ættesoge for Luster kommune. B. 9 : Hafslo 1 finner du nok dine folk:

Peder Erikson Løengen, opphavleg frå Bakkagjerde under Venjo, vart døypt
7.7.1799 og d. som husmann på Løengi 23.7.1860, visstnok under eit opphald på
Prestegard. Han gifte seg 15.6.1825 med Guri Rasmusdotter frå Flatane under
Nes. Ho vart døypt 26.10.1794 og d. truleg på Løengi kring 1852. Peder og Guri var
først plassfolk i Uri under Heggestad, men flytte kring 1831 inn i Løengi under Alme
og dreiv denne plassen til han vart nedlagd kring 1860. Peder og Guri fekk fem born
ilag:
1. Kari Pedersdotter f. 14.10.1824,
Kari Pedersdotter flytte i ung alder til Lærdal der ho 10.11.1859 gifte seg med Nils Halvorson frå
Fortun på Lærdalsøyri. Han var son av husmann Halvor Bendikson
i Forthun og kona Britha
Nilsdotter frå Havrane under Nedre Eri og f. i Lærdal 6.7.1831. Nils var skomakar, og han og Kari
busette seg på Brattegjerde, Lærdalsøyri i Lærdal, men flytte sidan til Fortun, Lærdalsøyri i Lærdal
der Kari d. 17.6.1871. Nils gifte seg 16.2.1887 att i Lærdal med Anna Gullaksdotter frå Skvampelen
under Bjørkum, f. Lærdal 18.1.1860. Nils og Anna vart buande på Brattegjerde der Nils d. 5.6.1900.
Anna gifte seg att, men dødsfallet hennar er ukjent. Anna Gullaksdotter fekk 1 alt åtte born; av dei
var fire frå ekteskapet med Nils Halvorson. Nils og Kari fekk ikkje born i lag, men Nils hadde ein
son frå før, som voks opp hjå Nils og Kari på Brattegjerde:
a. John Nilsson, sidan kjend som John Nilsen, son av Nils og enkja Agatha Monsdotter, og frå
Brattegjerde (1828- ), var f. i Lærdal 18.7.1856 og voks som nemnt opp hjå faren og stemori på
Brattegjerde, men flytte sidan til Bergen der han d. som skomakarmeister 7.9.1926. Han gifte
seg første gongen i Bergen 1.12.1880 gifte seg med Lovise Ulrikke Størksen, f. i Årstad, Bergen
23.7.1857. Ho d. i Strømmen, Årstad 26.3.1913, og John gifte seg 25.8.1918 att i Bergen med
Marie Randine Iversen, f. på Askøy 14.12.1890. Ho d. på Laksevåg 10.4.1954. John vart
skomakarmeister og budde med første kona Lovise i Strømmen under Krohnsminde i Årstad,
Bergen, men flytte sidan til Nordnes i Bergen. Han fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og
to frå det andre.

Tusen takk. Eg har ikkje leita lengre bakover enn til 1825 i kyrkjebøkene, basert på opplysningane i giftarmålet, men har tenkt tanken. Har nett skaffa bygdebøkene for Hafslo, bortsett frå den eg nevnte. Det kjem ei til bok, kanskje i år, den med Kinsedalen og Urnes. Der har eg mange frå. Utruleg kva Lars E. Øyane har klart å skrape saman. Noko spesielt er at mann hennar Kari, han Nils, har ein soneson i Skånevik i live, yngstebror til bestemor mi. Han bur heime i eige hus på Milja.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Terje.

Kari Pedersdotter f. 14.10.1824, er tremenning med min kone sin tippoldemor.

Også jeg venter på siste bind (nr. 12) fra Solvorn.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.