Gå til innhold
Arkivverket

Førespurnad om hjelp til å finne meir tilfang til Morsundsoga.


Stein A. Espeland
 Del

Recommended Posts

KVA KAN FINNAST AV OPPLYSNINGAR OM CHRISTEN HANSSEN MORSUND?

I samband med arbeidet om å skrive ei historisk oversikt om heimegrenda mi: Morsundet, på Harøya, står eg no litt fast.

( arb.tittel: Morsundsoga.)
Eg skulle gjerne hatt fleire opplysningar om ein kar som heitte Christen Hanssen Morsund, og som i følgje Ministerialbok for Aukra prestegjeld (1785 -1808,) døydde i 1797.
Fødselsåret hans er uvisst, men det vert antyda at han kanskje vart fødd rundt 1705?
Christen har nok vore brukar av Morsundgarden.
I ei oversikt over Gjertslekta på Fjørtoft i Haram prestegjeld, finn eg at Siri Ivarsdotter

( f. 1729 - d. 1818) gifta seg med Christen Hanssen Morsund, i Haram kyrkje i 1752, og at dei busette seg i Morsundet på Harøya, som høyrde til Sør-Aukra prestegjeld den gongen. 
Det vert også opplyst at dei fekk ei dotter i 1761 som heitte Anne Christensdotter Morsund.
Ho gifta seg i 1782 med Niels Nielsen Oxnøe Morsund ( f. 1755 - d. ?) frå Uksnøya i Haram, og dei tok over Morsundgarden, (sannsynlegvis etter Christen, far til Anne) då dei gifta seg.
Dei fekk mange born, og desse har eg bra kontroll på.

Det er først og fremst Christen Hanssen eg ønskjer fleire opplysningar om?
Det er det eg treng hjelp til i første omgang.

Døme på ting eg lurer på:

 1.  Kvar kom han frå?
 2. Var han fødd og oppvaksen i Morsundet?
 3. Faren heitte Hans til fornamn, men det er alt eg kan seie om han.
Kven var foreldra og søskena til Christen?
 4. Kvar kom dei i frå?
 5. Hadde Christen og Siri fleire born enn dottera Anne?

I grunnen er all informasjon om Morsundgarden og personane som levde der før år 1800 relevant og av stor interesse for meg. 
Det er lite å finne i arkiva, synest eg, men det kan også hende at eg ikkje har leita i dei rette dokumenta/ kjeldene enno?

Noko er også vanskeleg å tyde, då det er skrive med gotisk handskrift.
Eg håpar at ein av dykk, som verkeleg kan dette med å leite fram i arkiva, har tid og anledning til ta denne utfordringa?

Mvh

Stein Arild Espeland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Stein A. Espeland skrev:

KVA KAN FINNAST AV OPPLYSNINGAR OM CHRISTEN HANSSEN MORSUND?

I samband med arbeidet om å skrive ei historisk oversikt om heimegrenda mi: Morsundet, på Harøya, står eg no litt fast.

( arb.tittel: Morsundsoga.)
Eg skulle gjerne hatt fleire opplysningar om ein kar som heitte Christen Hanssen Morsund, og som i følgje Ministerialbok for Aukra prestegjeld (1785 -1808,) døydde i 1797.

 

Vel møtt i forumet.

Det kan godt hende nokon kan hjelpe deg eller bidra i leitinga.

 

Men ... det ville vore til stor hjelp for hjelparane at du meir presist sa kva du faktisk har funne. Til dømes

lenkjer til innførslene i protokollar m.m.  Det er (minst) tre grunnar:

- hjelparane slepp å bruke tid på å finne det du viser til

- kjeldene kan ha spor/opplysningar du har oversett

- ein kan lettare sjå kva du ikkje har sett etter.

 

Kristen er vel gravlagd her: (14.feb, om lag midt i kolonna lengst til høgre)

Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, SAT/A-1454/560/L0717: Ministerialbok nr. 560A01, 1785-1808, s. 124-125
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070911650606

avskrift her: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001170169

 

Alder 92 år kan vi kanskje rekne litt romsleg.

 

Vigsla i Haram 1752 er her (4. par til venstre):

Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, SAT/A-1454/536/L0493: Ministerialbok nr. 536A02, 1739-1802, s. 12-13
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660304

avskrift: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002220302

Då veit vi at Kristen hadde tilknytning til Morsund før 1752

 

Eit neste steg kan vere å finne ut kva tid Kristen vart brukar på Morsund.  Dersom det finst ei bygdebok, kan forfattaren har funne dette for deg.

Om ikkje, er futerekneskapen ein stad å leite; altså listene over skattytarane.  (Er du uheldig, har futen ikkje brydd seg med å føre inn namna; berre

skatten -  som sikkert var det viktigaste.) Tinglysing av bygsel eller skøyte vil også vere ført inn i tingboka - men då skal du helst vite om lag når det

var, elles kan det verte lange dagar med leiting.

 

Det finst eit matrikkelutkast frå 1723 på digitalarkivet, der det står brukarnamn. Det er litt tidleg for Kristen, men det er verd å sjå etter.

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, RA/EA-4070/N/Nb/Nbf/L0153: Romsdal matrikkelprotokoll, 1724, s. 124
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ma20090819670124

Her les eg brukaren som  "Tore".  Altså ikkje t.d. Hans (far til Kristen).  Det kan likevel vere ein slektning. 

Eksaminasjonsprotokollen frå matrikuleringa fortel at "Erik Lange ejer og bøxler" - kven han no var (sånn i farta ser eg ikkje namnet hans på andre gardar i området).

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, RA/EA-4070/N/Nb/Nbf/L0152: Romsdal eksaminasjonsprotokoll, 1724, s. 191
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ma20090819660395

 

Manntalet for ekstraskatten i 1762 er også verd å sjå etter.  Då er Kristen  og Siri godt etablerte; men det kan tenkjast det er ført inn

ein "gammel fader" eller noko, som kan gje spor.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ekstraskatten 1762:

Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Fogderegnskap, RA/EA-4092/R55/L3730: Ekstraskatten Romsdal, 1762-1763, s. 126
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10051111041129

Her ser vi iallfall at Kristen og Siri er sjølveigarar. Altså er det tinglyst eit skøyte mellom 1723 og 1762

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld, Siri Iversdatters dåp. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010818012

 

Annen sekundærkilde til opplysningene over.  https://www.nb.no/items/307abeb3ee94600a98dcd0a1ad623b67?page=25&searchText=Morsund fra Avskrift av kirkebok for Haram prestegjeld 1689-1738. D. b 

22. Nov. 1729 døpt Iver Ellingsen Sørrefiertofftens barn Siri

 

Kirkeboken dekker perioden som passer med angivelig fødselsår for Christen, men jeg har ikke fått opp navnet hans i søk hverken på Digitalarkivet eller på Nasjonalbibliotekets utgave av avskriften. Det tyder på at han ble døpt, og sannsynligvis født i et annet sogn, siden kirkeboken starter i 1689.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har klikket meg gjennom 

 Trondheim lagting, SAT/A-2065, 1750-1773

som skal gjelde skifter på Aukra. Håpet var å finne en arvelater Hans eller enke Sal. Hans eller avdød Hanssøn/Hansdatter hvor det ble nevnt en slektning Christen Hansen. Det fant jeg ikke.

 

Boken var ellers uvanlig pent ført, og jeg lærte at verdien av en 11 år gammel, brun dragonhatt kunne være verdt 14 daler! Så søket har ikke  vært uten verdi for meg.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nokon har laga register til panteboka for Romsdal:  https://www.digitalarkivet.no/tl20080923640316

Her finn vi at "Christer Hansen Mordsund" fekk skøyte på Morsund 11/5 1754, tinglyst 18/10.

Ført inn på fol. 109a i panteboka:   https://www.digitalarkivet.no/tl20081001650589

 

Det er ikkje så mykje meir i skøytet; men det står at han bur på (brukar) garden frå før - altså som leiglending.

Prisen er 90 rd kurant (altså i småpengar, ikkje sølvdalarar). Det ser ikkje ut til at det er tinglyst noko pantelån.

 

Dersom du blar framover i registeret, kan du evt. finne kven andre som har vore eigar tidlegare. Det ser ikkje ut

til at bygsling er ført i dette registeret.

Neste bakover er frå 4. aug. 1750 https://www.digitalarkivet.no/tl20080923640302

skøyte frå Lars Rasmusen Moersund til løytnant Christopher Lossius.

Panteboka s. 39a: https://www.digitalarkivet.no/tl20081001650518 (nedst til høgre), tinglyst 14.10

Her sel Lars "min paaboende Gaard".  Eg ser ikkje noko om vidare bruksrett (bygsel) eller kår.

Det er mogeleg at det står noko i tingboka.

 

Då har vi eit nokså kort tidsintervall for når Krister tok over som brukar;

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skøytet frå Lars Rasmusen vart tinglyst 17.10 ifl. tingboka https://www.digitalarkivet.no/rg20090420410032

(Sund haustting frå midt på s. 59a; tredje "Publiceret ..."

(Sorenskrivaren har gløymt å føre inn ny overskrift i panteboka for tinglysingar i Sund otting 17.10; tre dagar før var tinget i Våge otting)

Eg ser ikkje noko om bygsel eller kår (på dette tinget) i tingboka heller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 13.2.2024 den 23.30, Ivar S. Ertesvåg skrev:

 

Vel møtt i forumet.

Det kan godt hende nokon kan hjelpe deg eller bidra i leitinga.

 

Men ... det ville vore til stor hjelp for hjelparane at du meir presist sa kva du faktisk har funne. Til dømes

lenkjer til innførslene i protokollar m.m.  Det er (minst) tre grunnar:

- hjelparane slepp å bruke tid på å finne det du viser til

- kjeldene kan ha spor/opplysningar du har oversett

- ein kan lettare sjå kva du ikkje har sett etter.

 

Kristen er vel gravlagd her: (14.feb, om lag midt i kolonna lengst til høgre)

Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, SAT/A-1454/560/L0717: Ministerialbok nr. 560A01, 1785-1808, s. 124-125
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070911650606

avskrift her: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001170169

 

Alder 92 år kan vi kanskje rekne litt romsleg.

 

Vigsla i Haram 1752 er her (4. par til venstre):

Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, SAT/A-1454/536/L0493: Ministerialbok nr. 536A02, 1739-1802, s. 12-13
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660304

avskrift: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002220302

Då veit vi at Kristen hadde tilknytning til Morsund før 1752

 

Eit neste steg kan vere å finne ut kva tid Kristen vart brukar på Morsund.  Dersom det finst ei bygdebok, kan forfattaren har funne dette for deg.

Om ikkje, er futerekneskapen ein stad å leite; altså listene over skattytarane.  (Er du uheldig, har futen ikkje brydd seg med å føre inn namna; berre

skatten -  som sikkert var det viktigaste.) Tinglysing av bygsel eller skøyte vil også vere ført inn i tingboka - men då skal du helst vite om lag når det

var, elles kan det verte lange dagar med leiting.

 

Det finst eit matrikkelutkast frå 1723 på digitalarkivet, der det står brukarnamn. Det er litt tidleg for Kristen, men det er verd å sjå etter.

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, RA/EA-4070/N/Nb/Nbf/L0153: Romsdal matrikkelprotokoll, 1724, s. 124
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ma20090819670124

Her les eg brukaren som  "Tore".  Altså ikkje t.d. Hans (far til Kristen).  Det kan likevel vere ein slektning. 

Eksaminasjonsprotokollen frå matrikuleringa fortel at "Erik Lange ejer og bøxler" - kven han no var (sånn i farta ser eg ikkje namnet hans på andre gardar i området).

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, RA/EA-4070/N/Nb/Nbf/L0152: Romsdal eksaminasjonsprotokoll, 1724, s. 191
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ma20090819660395

 

Manntalet for ekstraskatten i 1762 er også verd å sjå etter.  Då er Kristen  og Siri godt etablerte; men det kan tenkjast det er ført inn

ein "gammel fader" eller noko, som kan gje spor.

 

 

Takk for mange gode råd som eg tek med meg vidare i leitinga etter Morsundingar frå farne tider.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.