Gå til innhold
Arkivverket

Skifte etter Johannes Ingebrigtson Suphamar i 1790, Leikanger i Sogn


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/24170/388

Treng litt hjelp med tyding av nokre ting i skiftet.

Så vidt eg skjønnar av skiftet er Johannes husmann?

Var det vanleg at husmennene hadde så mykje eige at det vart skifte?

Les eg rett når eg trur det var litt overskot i buet?

Ser også at skiftet vart utsett, kvifor?

Skiftet er i juni 1790. Johannes er ikkje registrert med dødsfallet i kyrkjeboka for Leikanger, men det er vel rimeleg å tru at han er død i 1789 eller 1790. Kan vel vera fleire grunnar til at dødsfallet ikkje kom med i kyrkjeboka?

Mvh

Anne Marie Øyri

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"paa Huusmandspladset under Gaarden Suphammer, ...

... efter den sammesteds ved Døden afgangne

Huusmand Johannes Ingebrigtsen ..."

 

skal vi ta det bokstaveleg, så døydde han på plassen - og ikkje t.d. kom bort på sjøen.

Det siste kunne vere ein grunn til å ikkje vere ført opp i kyrkjeboka (ikkje gravferd - ikkje embetshandling - ikkje innført).

 

 

Det fanst husmenn med ein viss kapital, og kanskje fleire med ei viss gjeld. Men dei fleste er det ikkje skifte etter.

Her tok skiftekostnadene  4 rd 2 mk 6 s eller meir enne 1/3 av brutto-buet (heile: 11-2-8); så ein kan lure på vitsen.

Det er gjeldspostar på i alt 6-1-0; det kan vere dette som gjer at dei måtte halde skifte.

Det er att 11 5/7 s til kvar av dei tre sønene og 5 6/7 til dottera. Enkja sin halvpart er 2 mk 9 s.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johannes er min forfar, https://www.geni.com/family-tree/index/6000000181992905822  - og som du påpeikar: Dødsfallet er ikkje registrert nokon stad. 

Ein grunn til å halde skifte kan vere at avdøde har gjeld til nokon som vil gjere krav på å få att pengane sine. Det står ingen ting om grunnen til at skiftet  vart utsett, men det kan vel vere at ein måtte skaffe seg betre oversikt over t.d kreditorar - men no tippar eg berre, men det framgår i alle fall at dødsfallet har vore kunngjort i avisa; Bergens Adresse-contoirs efterretninger.

 

Kona Turi Ambjørnsdatter si mor var Ingrid Johannesdatter Verken, og ho er ein solid murvegg for meg. 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var artig Aase. Johannes er bror til mannen min sin forfar, Botolv som vart gift på Øyri i Fresvik. Ein annan bror Jens vart gift på garden Hov i Fresvik. Foreldra budde først på Otternes, så Frønningen før dei flytte til Fresvik truleg rundt 1757. Men dette veit du sikkert.

Turid vaks opp på Grinde og hadde 4 sysken.  Mora Ingrid veit me ikkje meir om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikkje lenge sidan eg fann ut av Johannes sin bakgrunn, og løysinga kom her i brukarforum. Etter at eg begynte å bruke gen-testing i slektsgranskinga, ser eg at dette utvilsamt stemmer - men så var det Turids mtdna då. 

 

Gjennom gentestinga har eg no fått fastslått Y / mt-haplogruppe på 15 av mine 16 tippoldeforeldre, men den 16., altså Anna Johannesdotter Rosenlund, står eg heilt fast på. Ho hadde EI dotter som igjen fekk EI dotter, som ser ut til å ha døydd barnlaus før mora. 

 

Som du veit, var Anna einaste dotter i barneflokken til Johannes/Turid, og systrene til Turid finn eg heller ikkje noko etter. Sigrid døydde som barn, Anna finn eg ikkje noko om, og Kari fekk ei dotter Ingrid som fekk ei dotter Randi - som berre etterlet seg ein son. 

 

Så skal eg finne dette mtdna'et, må eg spore opp Ingrid sin bakgrunn, og der står eg altså heilt fast. Håpet er å finne gen-treff som ikkje kan sporast til andre av oldeforeldra mine, men med den att- og fram-giftinga som er i området, kan det vere vanskeleg å isolere. Dessverre.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Gjennom gentestinga har eg no fått fastslått Y / mt-haplogruppe på 15 av mine 16 tippoldeforeldre, men den 16., altså Anna Johannesdotter Rosenlund, står eg heilt fast på. Ho hadde EI dotter som igjen fekk EI dotter, som ser ut til å ha døydd barnlaus før mora. 

Anna hadde 3 søner og ei dotter. Iallfall eine sonen hadde mange etterkomarar. Dottera Brita var ugift. Brita hadde dottera Turid f 1852. Det er vel der det stoppar opp?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

24 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Anna hadde 3 søner og ei dotter. Iallfall eine sonen hadde mange etterkomarar. Dottera Brita var ugift. Brita hadde dottera Turid f 1852. Det er vel der det stoppar opp?

Det stemmer. Søner arvar mors mtdna, men tek det med seg i grava utan å levere det vidare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.