Gå til innhold
Arkivverket

08.12.1720 vert ein unge døypt i Hafslo. Barnefar er Laurits Elvetun. Kven var mora? Og kva namn fekk dette barnet?


Terje O. Bruket
 Del

Recommended Posts

Sjå venstre side i kyrkjeboka, litt under midten på sida.

Lenke:

Kirkebøker: Hafslo sokneprestembete, SAB/A-80301/H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1717-1755, s. 10 - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no)

Kan nokon tyde det som står der slik at det var Eli / Elen Christensdotter Nitter som var mor til ungen?

Reknar med at denne Laurits var han som var gift med Mari Asbjørnsdotter Elvetun.

Eg leitar eigentleg etter ei som brukte namnet Christie Knutsdotter seinare, men Karen då ho dukka opp i kyrkjebok fyste gongen. Det var då ho forlova seg. Eg har hatt mistanke om at ho var dotter til ei Nitter, og at barnefaren var Knut Asbjørnson Elvetun, som er bror til Mari. Kanskje det er rett? Ikkje sikkert at nokon visste kven som var barnefaren.

 

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Dom: 2 Adventus hieme døbt Lauritz Elvetuns barn af Elin Nitter.

Faddere Asbiørn Elvetun, Lauritz Brechen, etc."

 

det står korkje namn eller kjønn på barnet. At mora sitt namn er nemnt, tyder vel på at barnet var uekte.

Dersom far var gift (på annan kant) var det "hor", som det vart reagert strengt på.  I så fall skal du kunne

finne att saka både i tingboka og i futerekneskapen.

Førebels har du vel ei nokså tynn sak på Lauritz.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

"Dom: 2 Adventus hieme døbt Lauritz Elvetuns barn af Elin Nitter.

Faddere Asbiørn Elvetun, Lauritz Brechen, etc."

 

det står korkje namn eller kjønn på barnet. At mora sitt namn er nemnt, tyder vel på at barnet var uekte.

Dersom far var gift (på annan kant) var det "hor", som det vart reagert strengt på.  I så fall skal du kunne

finne att saka både i tingboka og i futerekneskapen.

Førebels har du vel ei nokså tynn sak på Lauritz.

Viss det er rett at Elen Nitter, som budde på Elvetun, og var gift med Jens Christopherson And (Snekker) var mor til barnet, er det truleg at det var ho som utpekte Laurits som far til ungen.

At denne ungen er Christie / Karen Knutsdotter veit me jo ikkje, men det er truleg. Laurits døydde før Christie var vaksen, ca. 1735.

Christie budde i Dalen (truleg Kinsedalen) då ho gifta seg som Christie Knutsdotter (forlova som Karen Knutsdotter litt før). Ein Knutson, som var etterkomar etter Knut Asbjørnson Elvetun gifta seg frå same staden, så eg ser for meg at Christie tente der då ho vart gift med Knut Bendikson Eikjaberg 15. nov. 1744. Laurits var død då Christie gifta seg, så ein Knut kan i praksis vore stefar, og årsaka til at Christie kalla seg Knutsdotter. Knut Asbjørnson Elvetun hadde ein son Knut Knutson i Kroken og ein soneson Knut Knutson i Dalen / Kinsedalen. Far til Elen Nitter, han Christen, hadde ein konflikt eller fleire med Knut Asbjørnson Elvetun på den tida, som gjorde at Knut blei svært sint. Det dei tretta om var liksom korleis Knut og si kone, ho Lussi Mogensdotter Schanke, levde og oppførte seg. Men det kan ha vore denne barnesaka som har vore hovudtema mellom Knut Elvetun og Christen Nitter. Men går det klart fram av teksten i kyrkjeboka at Elen Nitter var mor til den namnlause ungen? Ungen er berre ein slags puslespelbit, kalla Christie Knutsdotter, i slektstreet mitt, ein bit som passar godt der. Har ikkje funne andre stader den passar betre.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

31 minutter siden, Terje O. Bruket skrev:

Men går det klart fram av teksten i kyrkjeboka at Elen Nitter var mor til den namnlause ungen?

Ja, det er klart nok.

 

Men i staden for å spekulere om samanhengar det ikkje står noko om her, kan du vel sjå om du finn saka i tingboka.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

41 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Ja, det er klart nok.

 

Men i staden for å spekulere om samanhengar det ikkje står noko om her, kan du vel sjå om du finn saka i tingboka.

Takk. Eg er proff spekulant, mindre god på å finne fakta. Skal prøve å finne saka. Spørs om namnet til ungen står der, uansett. Treng kanskje hjelp til å finne slikt. Spekulerer på det og.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Futerekneskapen er nok enklast og vissast å finne fram i. Det er ikkje sikkert ei vanleg legermålssak kom for retten (og ført i tingboka).

Futen kravde inn både bøter (vanlege legermål) og kverrsett formue (for "hor").

Men futerekneskapa er skanna og lagde på DA berre fram til 1718, så då må du nok på Riksarkivet.

 

Det siste året som er skanna (1718) ser sikt og sakefall for Indre sogn sånn ut:

https://www.digitalarkivet.no/rk10091507210691

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

image.png.63c8127c101baca5ddc4822568edc0c5.png

 

 

Kan teksten tolkast på ein annan måte ? Elie Nitter hadde heimedøypt Lauritz Elvetun sitt barn. 2. søndag i advent vart dåpen stadfeste i kyrkja. Asbjørn Elvetun, Lauritz Brechen etc. var fadrar.

 

Heimedåp var ikkje uvanleg.  Både slektningar og grannar kunne utføra slik nøddåp, om det var fare for barnet sitt liv. 

 

Eli Randmo

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Eli Randmo skrev:

image.png.63c8127c101baca5ddc4822568edc0c5.png

 

 

Kan teksten tolkast på ein annan måte ? Elie Nitter hadde heimedøypt Lauritz Elvetun sitt barn. 2. søndag i advent vart dåpen stadfeste i kyrkja. Asbjørn Elvetun, Lauritz Brechen etc. var fadrar.

 

Heimedåp var ikkje uvanleg.  Både slektningar og grannar kunne utføra slik nøddåp, om det var fare for barnet sitt liv. 

 

Eli Randmo

 

Ja, det lurte eg og på. I bygdeboka er denne ungen berre eit namnlaust barn til Laurits og Mari Asbjørnsdotter Elvetun. Ho Christie / Karen Knutsdotter eg leitar etter dåpen til var mest truleg døypt i Hafslo, og eg har mistanke om at mora var ei Nitter-jente. Karen og Christie er typiske Nitter-namn, og eg finn ikkje andre døypte som kan passe. Ho levde framleis ved folketellinga i 1801 (Sæbø i Lærdal), så ho var neppe døypt før det me finn i kyrkjebøkene. Ho fekk ungar frå 1745 til 1759. Vitner då ho gifta seg i Hafslo med adresse Dalen i 1744 var Jørgen Urnes og Johannes Eikum. Ein teori er at ho var dotter til ein Knut Vindedal, og kan ha blitt døypt i Lærdal. Lars E. Øyane spurte om eg visste om det var rett. Eg veit ikkje noko om den Knut-en. Håpar Lars fann noko som er med i manuskriptet til bygdeboka for Ornes-området som kan hjelpe. Den boka vert kanskje utgjeven allereide i år.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.