Gå til innhold
Arkivverket

Drap på Ingrid Hansdtr i 1743


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/30867/240

Høgre side

Ole Olsen Fedje drap Ingrid Hansdtr i 1743. Er det denne saka det står om på høgre sida? Eg klarer ikkje lesa teksten men håpar nokon kan hjelpa meg. Truleg er dette garden Fedje i Feios i Leikanger i Sogn, men ingen opplysningar om desse to i ætteboka for Feios. Hadde difor vore interessant å få vita meir om kva som står i tingboka og om ein kan klare å lokalisere Ole Olsen og Ingrid Hansdtr.

Mvh

Anne Marie Bøtun Øyri

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Saka går over fleire sider og sluttar på side 242.
Ole Olsen Fedje blir dømt frå livet, fyrst med glødande tenger skulle han knipast utanfor huset det mordet hende, deretter likeeins mellom huset og rettarstaden og til slutt på rettarstaden. Så skulle høgre handa avhoggast med øks før han tilslutt blir halshoggen. Deretter skulle kroppen leggjast på "steile" og handa og hovudet sett på stake over lekamen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff! Litt rart at dette ikkje er kjendt i bygda sjølv om det er så lenge sidan.

Står det noko om kvar rettarstaden var? Fedje er ein gard i bygda Feios, men det står vel ikkje noko meir om kvar og korleis drapet skjedde? Etter som eg forstår er det under Tjugum, og då er det ikkje så mange andre gardar å velja mellom enn Fedje i Feios. Andre gardar er vel ikkje nemnde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En dødsdom i 1743 ville blitt automatisk anket til lagtinget, og kanskje anket videre til Overhoffretten og Høyesterett. Dødsdommer måtte dessuten bli forevist Kongen, som kunne stadfeste eller formilde dem.

 

Her er kgl.res. 12.3. 1745, som stadfester Overhoffrettsdommen over Ole Olsen.

Danske Kanselli 1572-1799, RA/EA-3023/F/Fc/Fca/Fcab/L0030: Norske tegnelser, 1744-1746, s. 404a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/da20120925610810
 

Vedleggene til saken:

Danske Kanselli 1572-1799, RA/EA-3023/F/Fc/Fcc/Fcca/L0141: Norske innlegg 1572-1799, 1745, s. 334
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/da20110517057100
 

 

Det finnes altså både en lagtingssak og en Overhoffrettssak. Dessuten vil kvitteringer og andre papirer knyttet til utgifter til arrest og henrettelse ligge i fogderegnskapet.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk både til Gunnar og Ola.

 

Er det mogeleg å finna ut om Ole Olsen verkeleg blei avretta og i tilfelle kvar og når?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Praksisen var at avretting skulle skje ikkje altfor langt ifrå staden der udåden skjedde, så du burde finne han i  kyrkjeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har leita gjennom kyrkjeboka for Leikanger for 1745 utan å finna Ole Olsen. Det var difor eg lurte på om han kan vera avretta ein annan stad.

Drapet fann stad i 1743 så vidt eg skjønna tingboka, og viss han har sete i arresten fram til 1745 så var det kanskje på ein større stad?

Skulle også tru at dei som skreiv ætteboka ville ha fanga det opp om det var notert i kyrkjeboka for Leikanger. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
1 time siden, Gunnar Sigdestad skrev:

Praksisen var at avretting skulle skje ikkje altfor langt ifrå staden der udåden skjedde, så du burde finne han i  kyrkjeboka.

Det er ikkje sikkert presten har ført inn avrettinga.

Som dødsdømd vart han ikkje gravlagd på kyrkjegarden, og ikkje med rituale. Då vart det ikkje noko jordfesting å føre inn.

Futerekneskapen er nok ei vissare kjelde. (nei ... ikkje skanna på DA etter 1718).

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei eg har jobba med futereneskapane tidlegare og veit dei ikkje var skanna etter 1718, så kjem ikkje lenger der. 

Ingeborg Olsdtr Grønlien i Fresvik som drap far sin i 1842 og vart avretta i 1845 er innførd i kyrkjeboka. Beina etter faren vart gravlagde same dagen men han er ikkje i kyrkjeboka. Så det var sikkert litt ulik praksis. 

Eg har heller ikkje funne drapsofferet Ingrid Handtr i kyrkjeboka.

Så må truleg attende til tingboka i 1743 for å få vita meir om Ingrid og Ole. Eg ser det er førde ulike vitne,  og Vangsnes er nemnd, men er for dårleg til å lesa skrifta til å vera sikker på kva som står. Syns det står moderen Brithe ein stad, men er usikker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://no.wikipedia.org/wiki/Johan_Heinrich_Helmschläger

Her finn eg ei liste over henretta og Ole Olsen Fedje er henretta i 1745, men her står det Fedje Hordaland. 

Første rettssaka er under Tjugum (Leikanger i Sogn) og Vangsnes er nemnd i teksten.

Kan dette mordet vera i Hordaland og ikkje i Fedje i Feios i Sogn? Kvifor går då rettsaka under Tjugum?

Eg syns også Høyum (Høgheim) er nemnd heilt i byrjinga (Høgheim er i Fresvik, nabobygda til Feios).

Hadde vore interessant å finna ut i kva bygd/distrikt denne hendinga skjedde.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Jau, eg fann Ingrid i kyrkjeboka i 1743.
Litt nedanfor midten på venstre sida:
Ingeri Andersd. Fedje.

Leikanger sokneprestembete, SAB/A-81001: Ministerialbok nr. A 2, 1735-1756, s. 52
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070511620410
 

Endret av Gunnar Sigdestad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men ho er kalla Ingrid Hansdtr andre stader, så dette må vel vera ei anna?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.