Gå til innhold
Arkivverket

Hardbog-ætta i Stryn: Eit endeleg farvel til Sjur Torson - bøn om hjelp til opprydding.


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Skrevet (endret)

Oluf Hardbog er den eldste i eit ættetal som det blir referert til i bygdeboka for Stryn i fleire samanhengar.  Ættetalet inneheld 6 generasjonar, men av ein eller annan grunn er eit av namna blitt feiltolka i denne boka - og blitt kopiert i det uendeleg, ikkje minst på nettet. 

 

Bygdebokforfattar Aaland skriv rekkja slik 

 

1.Oluf Hardbog - 

2.(sonen) Baard Olsson

3.(versonen?) Sjurd Torson (og her er feilen!  Det står Sjurd Baardson i dokumentet)

4.(sonen) Oluf Sjurdson

5.(sonen) Oluf Olson

6.(sonen) Rasmus Olson

 

Denne rekkja byggjer altså på ei feiltolking/feil avskrift av aktuelle dokumenta, og bør rettast der det er muleg å rette det. Den korrekte avskrifta av rekkja framgår her -

 

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Domprotokoll nr. Ga 1 (1711-1723), Rettsprotokollside, Side 150b-151a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090403650556
 

- og det er ingen tvil om at tredjemann i rekkja er Sjur Bårdson, altså son av forgjengaren. Eg vil oppfordre alle som har denne personen i treet sitt til å rette dette, og fjerne den konstruerte Hardbog-dottera som Sjur er blitt gift med. mange stader.

 

Fjerdemann i rekkja er forresten grundig dokumentert gjennom ei rekkje Ydna-testar - men vi har framleis til gode å finne etterkomarar etter andre i dei eldre leda. 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 7
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Då bør vel også om-feltet her oppdaterast, slik at det går fram at det er slik det er:

https://www.geni.com/people/Oluf-Hardbog/6000000007400378399

Eg jobbar med saka og er snart koma gjennom persongalleriet 🙂

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Ja, og derfor det i grunnen heilt uforståeleg at Aaland si gamle utgåve skal vere så seigliva. Det er den eg har møtt på oftast på nettet, virkar det som.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 27.3.2024 den 17.39, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Oluf Hardbog er den eldste i eit ættetal som det blir referert til i bygdeboka for Stryn i fleire samanhengar.  Ættetalet inneheld 6 generasjonar, men av ein eller annan grunn er eit av namna blitt feiltolka i denne boka - og blitt kopiert i det uendeleg, ikkje minst på nettet. 

 

Bygdebokforfattar Aaland skriv rekkja slik 

 

1.Oluf Hardbog - 

2.(sonen) Baard Olsson

3.(versonen?) Sjurd Torson (og her er feilen!  Det står Sjurd Baardson i dokumentet)

4.(sonen) Oluf Sjurdson

5.(sonen) Oluf Olson

6.(sonen) Rasmus Olson

 

Denne rekkja byggjer altså på ei feiltolking/feil avskrift av aktuelle dokumenta, og bør rettast der det er muleg å rette det. Den korrekte avskrifta av rekkja framgår her -

 

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Domprotokoll nr. Ga 1 (1711-1723), Rettsprotokollside, Side 150b-151a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090403650556
 

- og det er ingen tvil om at tredjemann i rekkja er Sjur Bårdson, altså son av forgjengaren. Eg vil oppfordre alle som har denne personen i treet sitt til å rette dette, og fjerne den konstruerte Hardbog-dottera som Sjur er blitt gift med. mange stader.

 

Fjerdemann i rekkja er forresten grundig dokumentert gjennom ei rekkje Ydna-testar - men vi har framleis til gode å finne etterkomarar etter andre i dei eldre leda. 

 

Viktig arbeid som gjøres her, ettergå alltid primærkildene og rett opp der feilen blir spredt. Her er det også blitt utført en god kartlegging av etterkommere genetisk med Y-DNA og med flere testere er det kanskje mulig å koble flere slekter inn genetisk på samme linje 🙂 Stor honnør til Aase og andre som har jobbet med disse linjene. 

  • Liker 5
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, gentesting av desse eldste linjene har revolusjonert slektsgranskinga. Bygdebøker er fulle av TRULEG, VENTELEG, MÅ HA VORE - men no kan vi VITE.

  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.