Gå til innhold
Arkivverket

Gloppen Sfj - Peder Monsson Ytre Fitje, f ca 1633 - tema i mange tidlegare trådar, og no rykkjer vi tilbake til start.


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Skrevet (endret)

Denne mannen https://www.geni.com/people/Peder-Ytre-Fitje/6000000011410691258 har vore tema i mange debattar, td her - 

 

Eg skal prøve å leite fram lenker til fleire, men oppsummerer her: Min siste teori, som eg på eit tidspunkt var nokså sikker på måtte vere rett, var at han var sonen til https://www.geni.com/people/Mons-Arnestad/6000000001169164689, og dermed soneson til Byrge Olsson, ein av tre brør som er kjende frå eit jordskifte i 1598.

 

Den kan eg no kaste fullstendig på båten. Eg har nemleg no fått ferdig tre svært samanfallande Ydna-testar av det eg meiner er etterkomarar etter alle tre brørne; Byrge, Kristoffer og Erik Olssøner Arnestad - alle med haplogruppe I-S10360, ei grein av I-M253, Vi ser at dette er ei folkegruppe som kom hit til Nordvestlandet eit par hundre år inn i vår tidsrekning og etablerte seg grundig her.

 

Håpet var at Peder Monsson skulle føye seg fint inn mellom desse - men det gjer han så avgjort ikkje. Han er i same hovudgruppe, men R-Z8, som har felles forfar for 44.000 år sidan!

 

Dermed må eg leite vidare etter opphavet hans - og eg skriv dette her fordi eg veit at det er mange som har studert på denne karen. No veit vi i alle fall kven han IKKJE er. 

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser jeg har notert i en gammel bok, at det var  kona til Peder, Agnete Monsdtr. som var datter av Mons Byrgeson og Susanne. Riktig nok med tre store spørsmålstegn bak.

Men det stemmer kanskje heller ikke?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

51 minutter siden, Rune Thorstensen skrev:

Jeg ser jeg har notert i en gammel bok, at det var  kona til Peder, Agnete Monsdtr. som var datter av Mons Byrgeson og Susanne. Riktig nok med tre store spørsmålstegn bak.

Men det stemmer kanskje heller ikke?

Jau, det meiner eg at det gjer.

Eg har nettopp oppdaga at der kan finnast testbar kvinnelinje etter (Agnete?) - så eg leitar på harde livet. Ein mt-test der vil kunne gje oss bekreftelsen, sidan eg har mt etter Susanne si sikre dotter Sofie.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er bra.

For dersom jeg må klippe bort flere tråder i slektstreet er jeg redd for at denne øde øya jeg befinner meg på kommer til å drive enda lengre ut til havs 🙂

  • Liker 1
  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg gjer mitt beste for å finne ein Fredag til deg 🙂

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
18 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

som har felles forfar for 44.000 år sidan!

?? Kor manga tippar vert det tru??

(Spør for ein ven)

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
2 minutter siden, Jostein Stokke skrev:

?? Kor manga tippar vert det tru??

Rundtom 1500 😄

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat nå, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Rundt 12.000 😄

Det var mange!

Vert vel problem med primærkjeldene der vel?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
3 minutter siden, Jostein Stokke skrev:

Det var mange!

Vert vel problem med primærkjeldene der vel?

Du svarte akkurat medan tastefeilen min låg ute - 1500 er rette svaret. Nei, primærkjeldene vandrar levande rundt i dag, berre vi får testa dei 😉

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg må fa seia at eg likar 12.000 betre. Takk.

 

  • Liker 1
  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg brukt eit par timar på leiting etter kvinnelinjer etter denne Susanne-dottera, men det ser svært dårleg ut. Eg vart svært optimistisk då eg kom fram på ein familie med 5 døtre, men det rann heilt ut i sanden der også, dessverre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.