Gå til innhold
Arkivverket

Oline Henriksdatter f. 29. august 1833 på Bjellumseiet i Jevnaker. Kor blei ho av? Likeså ektemann eller barnefar Ole Jonassen frå "Ullere sogn i Sverige"/Carlstad.


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Det er bittert, men eg må melde pass. Det gjeld Oline Henriksdatter f. 29. august 1833 på Bjellumseiet i Jevnaker. Kor blei ho av?

 

Ho gifter seg i Jevnaker i 1856 med Lars Johannessen Bergereie f. 15. jan 1832 i Jevnaker. Dei får tre born: Johannes f. 1856, Erik f. 29. jan 1859 og Lise Dortea f. 12. nov 1860, alle i Jevnaker. Så døyr ektemannen 21. oktober 1860. 

 

I folketeljinga 1865 er Oline og borna fattigunderstøtta og innerstar på husmannsplassen Bergergrinda i Jevnaker.

 

I 1869 får enkja Oline dottera Hanna Sofie f. 11. jan 1869 med ungkar Carl Olsen «fra Eker». Barnet døypt 18. april 1869 i Jevnaker. «Uægte».

 

I 1873 får enkja Oline dottera Olava f. 30. mai 1873 med ungkar Johan Gulbrandsen Nordbyeiet. Barnet døypt 17. august 1873 i Jevnaker. «Uægte».

 

I 1875 er Oline ført som gift da sonen Johan Peter f. 29. mars 1875 på Skogstadeiet i Norderhov, blir døypt 30. mai i Haug sokn i Norderhov. «Ægte». Men eg finn ikkje nokon plass vigsle mellom Oline og Ole.

 

Norderhov kirkebøker, SAKO/A-237/F/Fa/L0015: Ministerialbok nr. 15, 1875-1884, s. 8

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061101380480

 

I folketeljing 1875 for Gjøvik er Ole Jonassen frå «Ullere Sogn Sverige» (truleg Ullerud socken i Värmland) ført som gift med Oline Henriksdatter. Hennar born (med unntak av eldstemann Johannes) og deira to søner, bur saman med dei i Strandgata, kvartal 15 gård nummer 1. Jonassen er no fyrbøtar ved Gjøvik Dampsag.

 

https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01052084001020

 

i 1877 er Oline ført som ugift da sonen Olaf f. 7. jan 1877 blir døypt 18. feb 1877 på Gjøvik («uægte»-fødd). Faren er ført som Ole Jonassen, ungkar og sagarbeider frå «Carlstad», openberrt den same Ole Jonassen frå Sverige som var far til Johan Peter i 1875. 

 

Vardal prestekontor, SAH/PREST-100/H/Ha/Haa/L0007: Ministerialbok nr. 7, 1867-1878, s. 130

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070116640660

 

Folketeljing 1891 Gjøvik: Oline er ført som enkje og «Steller i huset for børnene (2 pakkerske ved anglefabrik og 1 sagbruksarbeider». Er ho enkje etter Lars Johannessen som døydde i 1860, eller ho blitt enkje etter Ole Jonassen (som eg ikkje finn henne ektevigd til)?

 

https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01052751000344

 

Ole Jonassen er borte etter at sonen Olaf er døypt i 1877. Men så blir også Oline Henriksdatter borte etter folketeljinga 1891. Ingen spor i folketeljing 1900, 1910 eller 1920. Heller ikkje er nokon av dei ført som fadderar ved dåp av borneborn eller busette saman med eitt av borna på eldra dagar, og eg finn ingen av dei som døde. Eg har sjekka Gjøvik/Vardal/Hunn 1877–1901 for begges vedkomande..

 

Finst det spor eg har oversett?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg takkar så mykje! Dette var jo over all forventning. Men så er spørsmålet om kva ho er ført som, og kor, i folketeljinga 1900.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oline døydde altså på Gjøvik i 1904, men eg fann ho ikkje i fyrste omgang i folketeljinga 1900. 

 

Eg meiner eg har ho no. Det må vera Oline Henriksdatter/Henriksen som er ført som «spisevertinde» Oline Kristiansen f. 1833 i Ringsaker., bustad «Vildaasens Gaard».

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037076000200

 

Bustaden er den same som i folketleljinga for Gjøvik 1891: «Vildaasens gaard». 

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052751000344

 

Det spørst om ikkje også bustaden ved folketeljinga 1875, 0051 Ved Strandgaden , Bydel: Kvartal 15, Gårdens nr.: 1, viser til den same eigedomen. 

 

Folketeljinga 1900 fører fødselsåret som 1833. Det er rett, men fødestad er blitt Ringsaker i staden for det rette Jevnaker. Slikt kan skje. Kristiansen er uforklart. 

 

Eg hellar i retning av at folketeljaren har hatt ein dårleg dag, kanskje ikkje treft Oline sjølv, og berre fått andre eller tredjehands opplysningar under besøket i «Vildaasens Gaard».

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Opps! Nok ein bit i puslespelet. Takkar så mykje, @Nina Tiller Her er iallfall Oline komen på plass i "Vildaasens Gaard" i denne 1885-teljinga (sjå omslaget på skjemaet). Gateadressa er tydeligvis 0054a Storgt. 31  Bydel: Kvartal 61, Gårdens nr.: 1

 

Ho bur saman med dei fem yngste borna sine, dei to eldste sønene er nok ute av reiret.

 

Men meir interessant er at Ole Jonassen, svensk mann som er far til dei to yngste borna, ikkje bur saman med henne. Er han død etter 1877, da sonen Olaf blei døypt i Gjøvik, men før herverande folketeljing 1885, eller har han reist sin veg?

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 minutter siden, Nina Tiller skrev:

Her er vielsen til sønnen Johan Peter (her står faren som fyrbøter samme som det sto i Ft 1875)

 

 https://media.digitalarkivet.no/view/6108/131

 

og konfirmasjonen

https://media.digitalarkivet.no/view/6103/31408/17

Takk! Det er vel nokså sannsynleg at faren er ført etter brudgommens eigen utsegn eller etter tidlegare innførsler/eventuelt attest frå Norderhov der han var døypt. Det synest alt i alt ikkje som om Ole Jonassen er nærverande eller i live da Johan Peter gifter seg i 1899.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.