Gå til innhold
Arkivverket

SF Innvik - Ingeborg Nilsdtr Øyestad f. ca 1673 - ei eller fleire? Kven er ho / dei? Kva har vi av sikker kunnskap?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Utgangspunktet mitt er denne Ingeborg Nilsdtr Øyestad https://www.geni.com/family-tree/index/6000000039621682364 som er enkje i skiftet etter Mikkel Pederson Øyestad i 1703 - 

https://www.digitalarkivet.no/sk20081127690093 og etter Ivar Andersson Øyestad i 1711 - https://media.digitalarkivet.no/view/24220/185. Når sonen Peder overtek Øyestad, blir det referert til desse to skifta i panteboka, men også eit tredje skifte av 13.06.1720. Eg har ikkje greidd å finne ut noko om dette skiftet, men det KAN vere snakk om endå ein ektemann. 

 

Ingeborg og Ivar måtte forresten ha kongebrev for å kunne gifte seg, fordi dei var tremenningar - eg veit ikkje korleis.

Ingeborg Nilsdtr Øyestad døyr i 1752 - https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000460871

 

Bygdeboka for Innvik https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012031324061?page=123 har knytt denne Ingeborg til Vilhelm Olsson Øyestad på br nr 1, og ei Ingeborg Jensdtr Øyestad d.1755 til Mikkel/Peder på br nr 3.  Vilhelm lever til 1745; kjelde for dødsfallet veit eg ikkje, men vi har ikkje kyrkjebøker før 1750.

 

Å setje inn Ingeborg Nilsdtr Ulvedal som ektefelle til Vilhelm Olsson skaper eit problem, nemleg at to døtre av han gifter seg med to Erikssøner Ulvedal, som dei vil vere syskenborn med, dersom Ingeborg var mor. Det ville fordre ekteskapsløyve, og det kan eg ikkje finne nokon stad.

 

Dette vart visst helst usamanhengande og ustrukturert, men håpet er at nokon har studert desse familiane og sit på kunnskap som eg ikkje har!

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.