Gå til innhold
Arkivverket

Kven er foreldra til Inga Christine (Kristine?) Haugen?


Reidar O. Meling
 Del

Recommended Posts

Skrevet (endret)

Underteikna og mange av mine nære slektninger på mi morsside får eit spesielt DNA-treff med personar som idag bur i USA. Alt tyder på at det må løyna seg norske aner hos desse folka i Wisconsin, USA. Eg ser at det eine paret oldeforeldre er Frederick George Voight (Vogt) og Inga Christine Haugen. Eg innbillar meg at sistnemnde må ha norsk aner. Trudde først at Inga måtte vera fødd i Norge. Men opplysningane som er knytta til paret, fortel at Inga er fødd i 1888 i USA, og at ho døydde i 1937 (Frederick levde frå 1875 til 1949). Eg har hatt kontakt med ein av desse personane tidlegare, har skrive noko no og, men svaret lar venta på seg. Så er det mogleg å finna opphavet til denne dama?

Endret av Reidar O. Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Reidar O. Meling changed the title to Kven er foreldra til Inga Christine (Kristine?) Haugen?

Mange takk for dette, Allan. Ser at morfar  til Inga er frå Nordland. Det er vel då rimeleg å tru at mormor og er frå det området. Mine folk er frå Jevnaker og Gran på Hadeland. Kanskje og Toten. Så eg må undersøkja no om ein av dei andre besteforeldra til Inga kan vera frå Hadelandsområdet. Men takk igjen, Allan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her var det mange interessante opplysningar, - Nordland må vera feilskriving for Nordre Land. Det er altså slik at underteikna og fleire av mine slektningar får ein klar X-DNA-match med etterkommarar etter Inga Christine Haugen (1888-1937) og det aktuelle segmentet kan berre komma frå ein av dei 3 personane Inger Mathea Kristoffersdatter, Ole Reiersen (1827-1909) eller Anne Christine Kristoffersdatter (1834-70). Segmentet kan ikkje komma frå mannen til førstnemnde, Ole Olsen Kampdokken, når me veit korleis X-DNA går i arv. Desse 3 kjem altså alle frå Nordre Land. Mitt X-DNA kjem frå Jevnaker ved mi mormor og truleg hennar mor, Oline Olsdatter, gift Brokerud (1848-1929). Det har vore ei gåte kven far til Oline er, me har etter kvart danna oss ein klar teori som ikkje stemmer med kyrkjeboka og det som Randi Bjørkvik skriv i sine notater frå området. Så desse 3 personane i denne historia er spesielt interessante i denne samanhengen. Takk så langt til alle som har engasjert seg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.