Gå til innhold
Arkivverket

Gjestgjevargarden på Rossneset under Villanger og garden Hop over fjorden austover. Folk og slekt der for vel 300 år sidan?


Terje O. Bruket
 Del

Recommended Posts

Har sett på manntalet for Rossnes 1701. Knud Besesen - Manntallet 1701, nr. 7: Nordhordland og Voss fogderi - Digitalarkivet Der finn me Niels Iversen med eit par søner og ein tjenar, Niels Olssen, som oppheld seg i Sunnhordland. Det vart født ein Halver Nielsen der i 1701, som ikkje er med. Truleg son til Niels Iversen han og. Halver - Ministerialbok for Lindås prestegjeld 1699-1746 (1263P) - Digitalarkivet

Ein av dei andre gutane heitte Enevald, den andre Magne. I dåpen til Halver er ein Enevald Hop vitne. Ser for meg at kona til Niels Iversen kan ha vore ei Hop-jente. Med tjenar som oppheld seg i Sunnhordland, ser eg for meg at Niels Iversen har slekt der, kanskje kom han frå Kvinnherad eller rundt der? Den andre sonen Magne, får meg til å tenkje at det kan vere forfedre innover Oster-fjorden. Magne-namnet fører som oftast tilbake til dei trakter, inkl. Modalen og Eksingedalen.

Er det nokon som kjenner til historie rundt desse folka og f. eks. kven som dreiv gjestgjevargarden Rossnes, og kven som eigde den, den gongen? Finst det noko i bygdebøker etc? Kan Loss-slekta vere inne i bildet her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes en Anna Nilsdtr som er nevnt i en skifteforretning på Rossnes, Lindås, i årene 1709-1716 

 https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000003211

Har du muligheten til å sjekke om det kan være en datter, og om det står noe om familieforhold i skiftet? https://www.arkivverket.no/om-oss/besok-oss/statsarkivet-i-bergen

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Takk. Eg er på leit etter ein Hallvard / Halver og opphavet hans. Håper det er denne Halver Nielsen på Rossneset.

Min Hallvard / Halver (Hallvard-ane blei ofte døypt Halver) vart gift med ei Anna Nilsdatter, så dette ser lovande ut. Skal prøve å finne ut av det, men eg treng sikkert hjelp... Sikkert ikkje den same Anna. "Min" Hallvard / Halver gifta seg med ei Anna Nilsdatter først i 1745. Eg blir litt for ivrig ofte. Skriv før hovudet er kopla inn. Har funnet at ein annan person har konkludert med at desse 2 Halver-ane er same person. Prøver sjølvsagt å finne den personen for å få ei forklaring / avklaring.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet her:

Nordhordland sorenskrivar, SAB/A-2901/1/H/Ha/L0002: Skifteprotokollar Nordhordland , 1709-1716, s. 68b-69a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081114670071

 

skiftet er "mellom hindis eftterlevende

Mand Niels Røsnes og deris Sammenaflede Børn

Ingvold, Magne og Halvor Nielsønner samt Ingebor

Nielsdatter,"

 

heilt til slutt: "Ingvold Nielsen Hope tilnæfnt at være Formynder"

Det er ikkje sagt nokon alder, eller om sønene er myndige. Det er uklart (her) om formyndaren er son til avdøde,

eller ein med same namnet.  Men dersom alderen i MT1701 ("Enwold", 9 år) er rett, så er han slett ikkje (full)myndig (25 år), og

kan vere under 18 ved skiftet i 1709. Altså er det ikkje son Ingvald som er formyndar.

 

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Far til Halver (+Magne og Envald) på Rossneset heitte Niels Iversen, og vart telt der i 1701 (manntalet). Fødselsår er berekna til 1653.

På garden der Anna Nielsdatter, kona til "min" Halver / Hallvard sin far kom frå (Øvre Kaldestad i Husnes sokn, Kvinnherad), vart det og telt ein Niels Iversen.

Finn ikkje andre spor etter denne Niels, ikkje i bygdeboka heller. Kan det vere same person som han på Rossneset?

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.