Gå til innhold
Arkivverket

Susanne Slagstad i Gloppen - generalopprydding ut frå kjende kjelder


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Skrevet (endret)

Eg har vore innom Susanne og slekta hennar i fleire tidlegare trådar, men eg vel å IKKJE lenke til dei her, fordi eg etter kvart ser at det er så mykje feil-informasjon og misforståingar rundt henne - eller DEI - det er ikkje utenkjeleg at det kan ha eksistert to med same namnet heller. 

 

Derimot lenkar eg til bygdeboka, der persongalleriet står under br nr 2 - https://www.nb.no/items/99c877e05e48130fd648e198cb2feefb?page=321 - der vi i alle fall kan fastslå at ting IKKJE stemmer. Eg lenkar heller ikkje til Geni, der familien for tida er under full revisjon. 

 

Det eg er ute etter no, er altså å byggje opp Susanne sin familie på nytt, ut frå sikre kjelder. Ingen ting skal vere sjølvsagt.

 

Susanne viser att i tingbøkene for Nordfjord, der ho ved fleire høve møter for å drive inn uteståande pengar, og det ser ut til at ho har fått hand om svært mange gardpartar. Eg har søkt gjennom tingbok-avskriftene som er tilgjengelege for perioden 1641-1683.

 

I 1650 er Peder Andersen Slagstad nemnt - https://xml.arkivverket.no/tingboker/Nordfjordtgb1650ii.pdf og https://xml.arkivverket.no/tingboker/Nordfjordtgb1650i.pdf - i denne siste tingboka er ei Susanne Føleide nemnd. 

I 1651 er Peder Andersen, borger i Bergen men busett på Slagstad nemnt - https://xml.arkivverket.no/tingboker/Nordfjordtgb1651.pdf

I 1656 er Susanne nemnt: https://xml.arkivverket.no/tingboker/Nordfjordtgb1656.pdf - omtala som "Susanne, Sal. Peder Andersens".  På det tidspunktet er ho altså enkje. 

I 1658 har ho to pengekrav: https://xml.arkivverket.no/tingboker/Nordfjordtgb1658.pdf - framleis Sl Peder Andersens.

I 1659 er ho nemnt tre gonger: https://xml.arkivverket.no/tingboker/Nordfjordtgb1659.pdf - framleis Sl Peder Andersens.

I 1679 er ho nemnt to gonger; ein gong vil ho ha tak i eit åkle, og ein annan gong uteståande gjeld - https://xml.arkivverket.no/tingboker/Nordfjordtgb1679.pdf - her har ho berre sitt eige namn, og det vil vere freistande å tru at ho då har gifta seg igjen - men sikker kan ein ikkje vere.

I 1681 er ho også med, med fleire pengekrav: https://xml.arkivverket.no/tingboker/Nordfjordtgb1681.pdf - men her møter vi også ein annan person: Mons Slagstad. Han er nemnt under tinget i Stad Skipreide, der han fyrst vil ha tak i torskegarn frå Ole Hagevik, og så, på s. 21, blir han sjølv stemna for noko pengar etter Sl Peder Larsen, som blir sagt å vere hans føremann, og Mons har gifta seg med enkja. 

 

Her blir eg litt forvirra. Er det ei samanblanding med Sal Peder Andersen, eller har det vore involvert ein Peder Larsen i mellomtida? Eller er den omtala kona EI ANNA enn Susanne? Her står ikkje noko namn.

 

I 1682 er det nye pengekrav mm som involverer Mons - https://xml.arkivverket.no/tingboker/Nordfjordtgb1682.pdf - Susanne ikkje nemnd.

Eg noterer meg at Susanne ikkje ein einaste gong er nemnd med patronym i desse tingbøkene. 

 

Eg hengjer på prestemanntalet 1664 - med to brukarar på Slagstad; Encken og Mickel.  Sogn og Fjordane fylke, , Manntall nr. 25 (1664-1666), Protokollside, Side 168-169
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005192095

 

- og 1666, dei to same, men her presisert at Encken er Borgerske.  Sogn og Fjordane fylke, , Manntall nr. 25 (1664-1666), Protokollside, Side 194-195
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005192108

 

Futen er enig - Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Nordfjord, Manntall nr. 15 (1664-1664), Protokollside, Side 182-183
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10041005314099
 

Om eg ser på det eg har lagt fram til no, kan det sjå ut som bygdeboka har bomma godt: Susanne har vore gift med Mons Pederson  etter 1666, ikkje med Mogens Lauritsson, som bygdeboka føreslår. Eller snakka vi om to ulike Susanne? Mor og dotter td? Det er ikkje nemnt noko farsnamn i tingbøkene, så kvar har bygdebokforfattaren funne Vilhelm-namnet?

 

Kva born av Susanne kan dokumenterast? Eg kastar for øyeblikket ALLE gamle opplysningar på båten.

 

Eg takkar på førehand for all hjelp og alle tips; denne dama har plaga meg i mange år!

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Eg går vidare til skiftet etter Peder Monsson Fitje i 1709, som openbart er knytt til denne slekts-krinsen, men eg har bestemt meg for å sjå bort frå alt eg trur eg veit, enn så lenge.

 

Men i alle fall - nederst til høgre på dette oppslaget er Susanne Slagstad nemnd - https://media.digitalarkivet.no/view/24219/53  - "da det intet skiftebrev er at finne etter deres Sahl fader-moder Susanne.."  - kva familieforhold kan vi rekonstruere ut frå dette avsnittet?

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Svar til meg sjølv:  Dei som lid under det manglande Susanne-skiftet, er Sahl Anders Pedersons børn, Lars og Peder Anderssøner. 

Anders må altså vere son til Susanne, og ha ein far som heite Peder. Dei to gutane må vere fødde før 1679 - det baserer eg på det som står nede til høgre på dette oppslaget i Peder Fitje-skiftet: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127690627 - "Derfra kortis for myndlingen Lars Andersens kost Ao 1679 udi 28 uger.."  faren Anders kan dermed passe inn som son til borgaren Peder Andersson som er nemnd på Slagstad i tingboka for 1650 - men eg vil ikkje seie at det er endeleg bevist.

 

Desse gutane har hatt sin fader-broder Mons Pederson Maurstad til formyndar - men han treng ikkje nødvendigvis vere son til Susanne. Den Mons P Maurstad som blir tald i 1701 skal vere 64 år då - som gjev fødselsår rundt 1637. Det er dessverre ikkje skifte etter han. I 1701-manntalet er han utstyrt med to stif-søner: Ole Simonson 28 år i Bergen og Kristoffer Simonson 23 år på Maurstad. 

 

Ein stad i denne slektskrinsen skal nok også Peder Olsson Almenning passe inn, ut frå opplysningar i skiftet etter han i 1701 - https://media.digitalarkivet.no/view/24216/82 - men eg tek ikkje stilling til korleis, i denne omgang.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg må ta med eit funn til, som eg fekk med Tor Kvien i går:  Her har Peder Olsson Slagstad vore for tidleg i seng med festekona si i 1652-53. Kan dette vere same mannen som Peder Olsson Almenning? Han må i så fall vere fødd før ca 1630.

 

Bergen, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland, Sogn og Fjordane, Troms fylke, Lensregnskap nr. 122 (1652-1653), Dokumentside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080905630876

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Om eg ser på det eg har lagt fram til no, kan det sjå ut som bygdeboka har bomma godt: Susanne har vore gift med Mons Pederson  etter 1666, ikkje med Mogens Lauritsson, som bygdeboka føreslår. Eller snakka vi om to ulike Susanne? Mor og dotter td?

 

Sonen, Mons Pederson Maurstad skal i følgje MT1701 vere f. kr. 1637:

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000622904

 

Det står iallefall svart på kvitt i tingbokavskrifta at Mons Slagstad var g. med enkja etter føremannen, Peder Larsson.

 

Om det som står i bygdeboka pluss alt anna stemmer, samt at det er snakk om den same enkja må det vel bli slik? Susanne var

g. 1. med Mons Lauritsson, d. før 1637.

g. 2. kr. 1637 med Peder Andersson, d. før 1656.

g. 3. e. 1666 med Peder Larsson, d. før 1681.

g. 4 med Mons Pederson Slagstad, d. etter 1692.

 

Kven var denne salige Hr. Samuel, som må ha vore kreditor (i skiftet?) etter Peder Larsson?

 

Er Jørgen Larsson bror til Peder Larsson? Finst han i MT1701?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
5 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eg må ta med eit funn til, som eg fekk med Tor Kvien i går:  Her har Peder Olsson Slagstad vore for tidleg i seng med festekona si i 1652-53. Kan dette vere same mannen som Peder Olsson Almenning? Han må i så fall vere fødd før ca 1630.

 

Bergen, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland, Sogn og Fjordane, Troms fylke, Lensregnskap nr. 122 (1652-1653), Dokumentside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080905630876

 

Og ho heitte altså Maritte Brynhildsdtr.

 

Peder Olsson Almenning si kone som døydde kr. 1696 heitte Lussi Monsdtr., jf. skiftet på Ytre Fitje 1707.

 

I følgje skiftet etter han sjølv i 1701 var han attgift med Ingeborg Hansdtr. Anders Elde var g. med ei stedotter til enkja.

 

Mads Erikson Eide og Peder Fitje var kreditorar. Avrekning til den avdøde 12/10 1698. Til slutt står det at dei var formyndarar for fråverande arvingar, og at gjelda burde bli prioritert. Og så noko om at dei burde ha komme med kravet i tide, og at gjelda difor ikkje kunne bli prioritert.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan denne Lussi Monsdtr. som var g. med Peder Olsson Almenning ha vore dotter til Mons Lauritsson og Susanne Slagstad? Og halvsyster til Sl. Anders Pederson og Mons Pederson Maurstad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
50 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

g. 3. e. 1666 med Peder Larsson, d. før 1681.

g. 4 med Mons Pederson Slagstad, d. etter 1692.

 

Eller er dette Mons Pederson Maurstad, son til Peder Andersson og Susanne, som blir g. med ei heilt anna enkje?

 

Her er det mange mogelegheiter.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

 

8 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

så, på s. 21, blir han sjølv stemna for noko pengar etter Sl Peder Larsen, som blir sagt å vere hans føremann, og Mons har gifta seg med enkja. 

 

Her blir det lagt fram eit dokument som 3 "dannemenn" har skrive under på i 1670, på Maurstad.

 

Har Mons Pederson Slagstad blitt g. med enkja til ein Peder Larsson Maurstad?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, her er ufatteleg mange mulegheiter og ukjende faktorar. Mads Erikson Eide er gift med Sofie Pedersdtr som bygdeboka plasserer på Slagstad, men eg skulle gjerne sett beviset for det også. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Anders Elde var g. med ei stedotter til enkja.

 

I følgje det som ligg på Geni no heitte denne stedottera Susanne. Men er namnet hennar nemnt i skiftet?

 

Dersom ho heitte Susanne er det freistande å tru at ho er dotter til Lussi Monsdtr. og dotterdotter til Susanne Slagstad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har eit dødsfall i 1724 - Susanne Pedersdtr Elde, 58 år.

 

Sogn og Fjordane fylke, Davik, Rugsund, Ålfoten i Davik, Eid, Ministerialbok nr. A 1 (1710-1742), Kronologisk liste 1724, Side 63
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630157

 

Eg har trudd at ho skulle vere dotterdotter til Susanne Slagstad, med Lusie Monsdtr som mor - men no tvilar eg på om Lusie er dotter til Susanne.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

45 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

 

I følgje det som ligg på Geni no heitte denne stedottera Susanne. Men er namnet hennar nemnt i skiftet?

Stol ikkje på Geni - alt er under revidering der no.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Vi har eit dødsfall i 1724 - Susanne Pedersdtr Elde, 58 år.

 

Sogn og Fjordane fylke, Davik, Rugsund, Ålfoten i Davik, Eid, Ministerialbok nr. A 1 (1710-1742), Kronologisk liste 1724, Side 63
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630157

 

Eg har trudd at ho skulle vere dotterdotter til Susanne Slagstad, med Lusie Monsdtr som mor - men no tvilar eg på om Lusie er dotter til Susanne.

 

Kvifor?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
10 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Kvifor?

Opplysninga om denne Peder Olson Slagstad som er for tidleg til å beligge får meg til å vurdere om han i staden kan vere son til Susanne. Han vi då vere ein naturleg formyndar for desse arvingane vi høyrer om, og pengane vil så ligge i buet når det skal skiftast etter kona Lusie i 1696. Eg har tenkt at arven må gjelde hennar slekt, men det kan vere feil; som kvinne har ho ikkje noko formyndar-ansvar i alle fall.

 

Susanne har nok vore gift fleire gonger, truleg av forretningsmessige årsaker. Kor mange ho har vore gift med, veit vi ikkje - og vi veit heller ikkje om mennene hennar har hatt born - med henne eller med andre. (Vi har forresten mange døme andre stader på at eit par i enkjestand som gifter seg, også passar på å få gifta saman borna sine, og kanskje har det skjedd her og?)

 

Det einaste barnet eg for øyeblikket heilt sikkert vil tilskrive Susanne, er Anders Pederson, far til desse to gutane som skulle hatt arv etter sin fadermoder Susanne Slagstad. Eg trur at han kan vere identisk med denne borgaren https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000019267 (bør i så fall seinast vere fødd seinast rundt 1640-talet) - i alle fall må han ha budd langt unna Gloppen, sidan det ikkje har vore råd å få tak i arvingane og betalt dei ut, i dei 30 åra mellom 1679 (kost-utgiftene) og 1709 (skiftet på Fitje).

 

Gutane har ein farbror, Mons Pederson Maurstad, som etter alder i 1701 skal vere fødd sist på 1630-talet - og dermed forsåvidt kan ha hatt Susanne til mor. 

Sofie Pedersdtr Eide skal vere fødd rundt 1643 etter alder ved død, og bør kunne vere dotter av Susanne, men eg leitar endå etter beviset på det. Fødselsåret til Susanne bør vere før 1620.

 

Namnet Mons kan passe med oppkalling etter ein avdød ektefelle Mons (Lauritsson?) - og denne kan kanskje vere far til Peder Monsson Fitje i eit tidlegare ekteskap. Korleis denne karen på Fitje passar inn her, er nemleg ei av nøttene mine, og eg har vurdert både Peder og fyrste kona hans som mulege born av Susanne, men då burde ei av dei to døtrene deira hatt det namnet, td. 

 

Det finst seinare tingbøker som ikkje er avskrivne, og dermed tungvinne å leite i. Der finst nok opplysningar der og, men om eg skal prioritere å leite gjennom dei, er noko anna. 

 

 

 

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Vi finner Mogens Lauritssen Slagstad i skattelistene, f.eks i båtmannskatten i 1638, men hvem er den Susanna vi finner på Ness under Eid skipreide på neste side?

 

Bergen, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland, Sogn og Fjordane fylke, Lensregnskap nr. 80 (1637-1638), Dokumentside

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080903650810

Endret av Grete Singstad
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan dessverre ikkje svar verken Grete eller Grethe - men namnet Susanne er absolutt ikkje vanleg på denne tida.

 

Så må eg nemne at vi kjenner Susanne si haplogruppe, så sant ho er mor til Sofie Pedersdtr Eide. Ein kvinnelinjeetterkomar der har haplogruppe J1c-C16261T - ei gruppe med svært få europeiske treff. Dei 4 fullsekvens-treffa ho har, er i USA og oppgjev personar der borte med engelsk-klingande namn som eldste ane, så det er ikkje godt å seie kva land dei eigentleg kjem frå. 

 

No veit vi at det er langt færre kvinnelinjer enn mannslinjer som er DNA-testa, så vi kan ikkje seie at Susanne IKKJE har lokalt opphav, men vi kan i alle fall seie at ho ikkje er av dei vanlegaste Nordfjord-gruppene.

 

Vi har også ein mannslinje-test på Peder Monsson Fitje, og der gjeld det i endå større grad: Han er så avgjort ikkje nordfjording. Tids-treet hans er så godt som tomt for treff, bortsett frå nokre arkeologiske funn nede i Europa. I slike tilfelle kan vi td ha ein mistanke om Frankrike, der DNA-testing faktisk er forbode endå, "av omsyn til familie".  (Gruppa her er R-Z8, og den er ca 3000 år gammal).

 

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Grete Singstad skrev:

Vi finner Mogens Lauritssen Slagstad i skattelistene, f.eks i båtmannskatten i 1638, men hvem er den Susanna vi finner på Ness under Eid skipreide på neste side?

 

Bergen, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland, Sogn og Fjordane fylke, Lensregnskap nr. 80 (1637-1638), Dokumentside

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080903650810

 

Susanna på Nes er trolig den vi finner i koppskatt 1645, gift med Steffen på Nesbakken, med barna Daniel Nilssen og Marit Nilsdatter.

 

Bergen, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland, Sogn og Fjordane fylke, Lensregnskap nr. 103 (1643-1647), Dokumentside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080904650959

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Det kan være etterslep i ulike skattelister, dvs at navn kan figurere etter ens død. Uansett ble som regel enker nevnt - de måtte vel vente rundt ett år før de kunne gifte seg igjen? På Slagstad derimot gikk man fra Mogens Lauritsen til Peder Anderssen samme året.

Hvordan kan dette tolkes? 

 

Unionsskatt (landskatt) fastelavn 1638: Nordfjord - Mogens Lauritssen Slagstad

Bergen, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland, Sogn og Fjordane fylke, Lensregnskap nr. 79 (1637-1638), Dokumentside

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080903650267

 

Unionsskatt jonsok 1638: F Nordfjord - Peder Anderssen Slagstad

Bergen, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland, Sogn og Fjordane fylke, Lensregnskap nr. 82 (1638-1638), Dokumentside

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080903660503

Endret av Grete Singstad
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var eit spennande funn. Akkurat korleis detaljane har vore, er vel usikkert, men her har vi i alle fall eit nokolunde nøyaktig år for eit eventuelt byte av mann. 

Fyrste gongen eg har sett Mogens, er i 1634, så det er fullt muleg at karrieren hans på Slagstad har vore kortvarig.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For kort tid sidan ville eg sagt NEI - men no har eg bestemt meg for å holde alle alternativa opne - så eg seier inntil vidare - ja kvifor ikkje?

Bygdeboka hevdar at ho er Vilhelmsdotter, men eg har så langt ikkje sett noko patronym på henne. Eg veit ikkje kva kjelde han har.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.