Gå til innhold
Arkivverket

Jobbtilbod anno 1906 hjå «S.R. Silverton, Manager, 123 Plymouth Place, Chicago, Ill.» Kva for firma og er adressa mogeleg å finne att?


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Farfar min, Torstein T. Bernaas, f. 1881 i Tinn, var i Amerika frå 1902 til 1911. Han gjekk under namnet Tom Bernaas i Amerika. 

 

Så vidt eg veit oppheldt han seg i denne tida i nærleiken av Numedahl, Fremont Twp., Cavalier Co. i Nord-Dakota, i grenseområdet mot provinsen Manitoba i Kanada. 

 

Det er ting som kan tyde på at han blei eigar av jord i området, kanskje jamvel på den kanadiske sida av grensa. Oppgjer for sal av eigedom skal ha blitt overført til han nokre år etter heimkomst til gamlelandet. 

 

Brevet nedafor er poststempla 16. november 1906 i Chicago og er adressert til Tom Bernaas, Numedal, N.D. Avsendar er «S.R. Silverton, Manager, 123 Plymouth Place, Chicago, Ill.».

 

Eg les det som tilbod om jobb i eit firma i Chicago som moglegvis driv med trykksaker og publisering. Ganske pussig å sende ut ein slik førespurnad til ein person busett langt, langt, unna og som dessutan tydelegvis er ukjent, men er blitt «referred». 

 

Eg har googla både firmanamn og adresse utan å bli særleg klokare. Plymouth Place er i dag namnet på eit «private assisted senior living residence» i den vestlege utkanten av Chicago. Ingen hus med nummer Plymouth Place 123 her. Adressa til denne private institusjonen med omsorgsbustader er 315 N La Grange Rd, La Grange Park.

 

Så finn eg Plymouth Ct. inne i Chicago sentrum, i «the loop», men ingen Plymouth Place der. 

 

Ingen ting tyder på at farfar sa ja til tilbodet om jobb i storbyen, men går det an å finne ut meir om kva dette var for slags tilbod, firma og adresse anno 2024?

 

IMG_8663 2.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjekk denne:

 

Apr 19, 1913, page 5 - The Day Book at Newspapers.com

 

The Day Book

Sat, Apr 19, 1913 ·Page 5

 

 

image.png.39154345cfc698b832826388d9ad812d.png

 

Rundt denne perioden har en S. R. Silverton flere annonser ute med tilsvarende innhold som i brevet over. Et eksempel:

 

Feb 14, 1907, page 8 - Waukesha Freeman at Newspapers.com

 

Waukesha Freeman

Thu, Feb 14, 1907 ·Page 8

 

image.png.04a0ea6722a9bd6a70b6b8cf1ca6cb54.png

 

 

Min teori er at brevet din farfar mottok var et svindelbrev.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjå det! Takkar så mykje.

 

Eg tenkte vel også også for meg sjølv så smått i dei baner, men no er det ganske så sannsynleg stadfest.

 

Farfar min har nok også vore skeptisk og tenkt at når noko er for godt til å vera sant, så er det ikkje sant. Så kan ein lure på kva denne S.R. Silverton ville oppnå med sine tilbod. 

 

Farfar var i USA til 1911. Det tyder vel at han må ha vore omfatta av Cencus 1910.  Han oppheldt seg så vidt eg veit i Numedahl, Fremont Twp., Cavalier Co. i Nord-Dakota, den siste tida før retur til Noreg. Er det mogeleg å finne han i 1910-teljinga?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Frank Marton Pedersen skrev:

Litt mer:

 

Apr 19, 1913, page 7 - The Inter Ocean at Newspapers.com

 

The Inter Ocean

Sat, Apr 19, 1913 ·Page 7

'2100757757_1.png.3c3bee511f4f098dc847138a5c3bba38.png

 

Hei igjen, og nok ein gong mange takk for avgjerande opplysningar. Ditt og mitt andre innlegg kryssa kvarandre i går, så fyrst no ser eg at du også har funnne presseklipp som syner motiv og framgangsmåte for svindlarane. Det er heilt usannsynleg at farfar min uendeleg langt borte frå Chicago skulle ha bite på lokkeagnet som var lagt ut. Men hundre prosent visse får me nok aldri. Har ein blitt lurt eller svindla kan ein sitja igjen med skamkjensle. Da kan ein strategi vera å slikke såra sine, leggje det bak seg og iallfall ikkje snakke om det til andre.

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

@Frank Marton Pedersen har ovafor prisverdig funne presseklipp i "bøtter og spann" som oppklarer det underlege "jobbtilbodet", svindelforsøk, som farfar min, Torstein T. Bernaas f. 1881 i Tinn, fekk medan han oppheldt seg i Amerika 1902–1911.

 

I Amerika gjekk farfar under namnet Tom Bernaas. Eg har dokumentasjon på at han var i Browns Valley, Minnesota, i 1905, dessutan Blackduck i Minnesota i 1905, men i Numedal, Cavalier County i Nord-Dakota i 1906 og 1907.

 

Han kom tilbake til Noreg i 1911. Er det mogeleg å finne han i Cavalier County i Nord-Dakota, eller i nærleiken, i Cencus 1910?

 

Eg skulle gjerne ha visst kva teljeskjemaet kan fortelje om opphaldsstad og livssituasjon.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

WOW! A printed sign of my grandfather in North-Dakota from 1909!

 

Do you know what Homen visitor mean?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Homen Township is in Bottineau county, North Dakota, close to Lake Metigoshe.  So he was visiting the place.

Endret av Jackie K Marler
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.