Gå til innhold
Arkivverket

Vågå, Oppland - Rasmus Nilsson Visdal (1699-1751) - kan nokon hjelpe meg med ei REIN mannslinje etter han?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Denne mannen hadde i følgje Geni 4 søner, men det er absolutt ingen garanti for at det finst levande etterkomarar i rein mannslinje i dag - men eg er så fri å be nokon litt meir lokalkjende om hjelp til å finne ut av dette.

 

Grunnen til at eg spør, er at vi held på med ei spennande Ydna-testing i Nordfjord, der vi prøver å finne ut bakgrunnen til Martinus Torbjørnson Sigdestad, som levde på slutten av 1500-talet. For øyeblikket ser tids-treet vårt ut slik som vist nedanfor, med fire norske greiner som har ein felles forfar for kanskje 5-600 år sidan - og så må vi kanskje 700 år til bakover før vi finn neste match, som oppgjev ein svenske som sitt eldste kjende opphav.

 

På den delte greina som er markert med eit raudt hovud har vi allereie testa to nordfjordingar med kjend felles forfar, så der er ikkje så mykje meir å hente. Men på dei tre andre greinene  som går ut frå det blå hovudet, bør vi finne ein nær slektning på helst to greiner, slik at vi kan få tidfesta den blå mutasjonen.

 

To av greinene høyrer til her i Nordfjord - men vi har så langt ikkje funne andre personar på dei same linjene, så då står vi att med den tredje, han som ikkje har nasjonalitets-flagg. Vi har granska opplysningane om denne testaren, og funne ut at etternamnet hans, BROWN, skriv seg frå Broen i Vågå, og vi har følgt anerekkja hans tilbake til mannen i overskrifta. Planen var fyrst å kontakte han og spørje om han hadde aktuelle personar i si nære slekt, men som så ofte elles: Den oppgjevne epostadressa fører ikkje fram.

 

Derfor prøver vi denne vegen: Er det td ein lokalkjend i Vågå som kan hjelpe oss med å finne ein testkandidat? Vedkomande må altså ha berre menn på linja mellom seg og Rasmus i overskrifta, sidan kvinner ikkje har Y-kromosom som dei kan arve vidare.

 

På førehand hjerteleg takk til den som vil prøve - og vi oppgjev ikkje namn på nolevande her - men send gjerne ei melding til meg.

 

image.png.09b73c515dc4f33a11277c9a04e5539b.png

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase. 

Rasmus var min 6 x tippoldefar, men eg har ikkje rein mannslinje frå han til meg.

Skal sende deg nokre som har det på ei privat melding. 

Helsing Kåre

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.