Gå til innhold
Arkivverket

Hjelp til tyding av namn i skifte etter Hans Hansen


Heidi Goksøyr
 Del

Recommended Posts

Hei

Eg er stadig på jakt etter opphavet til Marte Maria Hansdatter som var tenestetaus på Myklebust i Herøy då ho gifta seg med min tipp-tipp-oldefar.

No fann eg ein Hans Hansen, men eg greier ikkje å lese nøyaktig kva namn som står på skiftet. Meiner det står nemnt  Møchlebust fleire stader i teksten. Problemet er at Møchlebust/Myklebust er mange stader.

Er det nokon som kan transkribere første delen av skiftet for meg? Lengst til høgre på høgre sida.

 

Lenke til Digitalarkivet under: 

Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre, Skifteprotokoll nr. 21B (1796-1801), Skifteprotokollside, Side 431b-432a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090127640107
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090127640107.jpg
 

mvh

Heidi Goksøyr

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den viktige opplysninga er i overskrifta: "Nedre-Berg i Dahle"

Skiftet er altså halde i Dale skipreide, som var Stordal, Nordal og Stranda (evt. også Synnylven og Geiranger).

 

Etter alt å døme er dette på Nedsteberget i Stranda.

Det er nemnt folk med etternamn "Engseth", "Furseth", "Møchelbust", "Helstad", "Emmedahl", "Fivelstad", "Helsem", m.fl.

Dette er gardar i Stranda.

 

Den avdøde Hans Hansson her hadde ikkje born; arvingane var heil- og halvsysken, eller borna deira.

Han hadde  éi (halv)syster Gyri, men ho er Rasmusdotter (ikkje Hansdotter). Og så er det 3 halvbrør (Ole, Iver, Peder) og 1 heilbror (Rasmus).

Der er ei Marthe; ho er dotter til halvsyster Gyri (død) og ein Jakob.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk Ivar!

Såg overskrifta, men visste ikkje kva/kvar Dahle var.

Og sjølvsagt hadde dei "Møchelbust" der inne også. Den Marte Hansd som var fødd der i passe tid har eg for lengst sjekka ut!

Takk igjen for bryet, og beklager sein respons.

mvh

Heidi Goksøyr 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.