Gå til innhold
Arkivverket

Å gifte seg med fars halvbror - er det uproblematisk i 1920?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg nemner ikkje namn, for eg er ikkje sikker på om koblingane mine er rette, og eg er usikker på i kva grad opplysningane mine, om dei stemmer, er kjende for familien, så eg brukar fiktive namn.

 

Vi kan kalle utgangspunktet Johannes - han er ein mobil arbeidar i sin ungdom, og får to born utanfor ekteskap før fylte 30 år, før han gifter seg i 50-årsalderen og får mange born i ekteskapet. 

 

Av Johannes sine borna kan vi konsentrere oss om den utanomekteskapelege Truls, og den ektefødde Knut. Dei er altså halvbrør med same far, men med nesten 30 års alders-skilnad.

 

Dersom eg har gjort dei rette vala i slektsgranskinga, finn eg at den Agnete som Knut gifter seg med i 1920, er dotter til Truls - altså at brudgommen er halv-onkel til brura. 

 

Vil det vere fritt fram for eit slikt ekteskap i 1920, eller vil det krevje noko løyve av noko slag? Det er avstand både i tid og geografi mellom desse to halvbrørne, men eg vil tykkje at det er rart om slektskapen ikkje var kjend - føresett at eg har kobla rett.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har forsket på en slekt hvor alt var lovlig for å behold formuen i familien.

Eksempel.
Søskenbarn gifte seg. Ett barn av disse gifter seg med bror av sin farmor. osv

Endret av Leif B. Mathiesen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg meiner at det var ein tråd i forumet for ein del år sidan der ein kom fram til at ei kvinne vart gift med sin eigen onkel. Dette var i Hyllestad.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Årstalet er 1920. (Det skulle ikkje vere akkurat dette ekteskapet du siktar til?)

 

Og påstanden min om at dette ikkje kunne vere mogeleg/lovleg var feil.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje dette nei, men svært greit å få andre døme på at det var ok.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Dag T. Hoelseth skrev:

Jeg kan ikke se av daværende ekteskapslov at et slikt slektskap krevde bevilling:

 

https://lovdata.no/lov/1918-05-31-2

 

(Lovteksten er slik den lød på opphevelsestidspunktet, men den relevante delen er ikke endret så langt jeg kan se.)

 

DTH

Ekteskapsloven slik den lød ved kunngjøringen i 1918 er jo på min egen nettside:

 

https://www.hoelseth.com/acts/act19180531-002.html

 

DTH

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tante mi (f. 1927) hadde ei brevvenninne, muligeins frå Sogn og Fj., som gifta seg med onkelen sin. Dette kan ha vore omkring 1950. Trur ikkje det er ofte det skjer, for eg har ikkje komme over noko tilfelle i dei mange bygdebøkene eg har lese.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I boka "Eid og Hornindal. Etter Jakob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. Band II/I Eid - Hornindalen. Ved Edvard Os. 1953" side 308:

 

 

systerdotter.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.