Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Leitar etter opplysningar om ei drukningsulykke i 1849


Recommended Posts

Halvor Engebretsen (1797-1849) frå Gol drukna i året 1849. I ministerialbok  for Gol står det at ulukka skjedde 24. februar og at gravferda var 16. mars. Halvor var tippoldefar min.

 

I "Boka om Gol, gards- og ættesoge" bind IV står det at drukninga skjedde ved Hoksund.

 

Som gutunge fekk eg høyre om ulukka. Men eg høyrde alltid at han drukna i Krøderen. Han var på reise til Branes (Drammen) med hest og slede og køyrde gjennom isen. Onkel Jul (Jul Olesen Rudningen 1914 - 1970) viste meg staden eingong me køyrde langs Krøderen. Sikker er eg ikkje, men eg trur det var nær Lindelien.

 

Kan det finnast andre kjelder som omtalar ulukka, til dømes avisomtale  eller lensmannsprotokoll? 

 

Kirkebøker: Gol kirkebøker, AV/SAKO-A-226/F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. I 2, 1837-1863, s. 533-534 - Skanna arkiver - Arkivverket

Takk for svar! 

Omtalen i dødsfallprotokollen er vel den mest pålitlege dokumentasjonen som eksisterer, sjølv om ministrialboka frå Gol oppgjev dødsdatoen 4 dagar seinare.  Før år 1901 var Krødsherad del av Sigdal kommune, og ei drukningsulukke i 1849, ville bli oppført i denne protokollen. 

 

Det er eit par notisar  i dødsfallprotokollen som eg ikkje klarar å tyde, kan nokon hjelpe?

 

Eg er meir usikker på om ulukka som er omtala i Drammens tidene er den same. Tidspunktet er omtrentleg, og etter som  notisen er datert 17. april og opplyser at ulukka skjedde "for en maaneds tid siden", trur eg helst at dette er ei anna hending. 

 

 

19 minutter siden, Kåre Rudningen skrev:

Det er eit par notisar  i dødsfallprotokollen som eg ikkje klarar å tyde, kan nokon hjelpe?

 

20 | 21 | Halvor Engebretsen Rødningen af Goels Præstegjeld, 60 Aar | Ingen Arvinger opgivne |

 

Mvh

Dødsfallsprotokollen:

Eiker lensmannskontor, AV/SAKO-A-529/H/Ha/L0001: Dødsfallsprotokoll, 1844-1862
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10081211091052

 

"Halvor Ingebretsen Rødningen af Goels Præstegjøld omtrent 60 Aar gl."

dødsfaldets datum: "20 [febr]" 

Naar anmeldt: "21"

"Druknede i Elven ved Hougsund den 20de Febr, om Aftenen. Liget transporteres af den Afdødes Cammerat

Ole Olsen Steensgaarden til den Afdødes Hjembygd."

 

Takk til alle for hjelp!

 

Då kan me slå fast at det er bygdeboka som har rett og familietradisjonen som har feil når det gjeld staden for hendinga. Like eins må det vera tippoldefar min som er omtala i avisa Drammens tidene 18.april 1849.

 

Dei to kameratane Ole Olsen Stensgården og omkomne Halvor Engebretsen Rudningen hadde begge umyndige ungar. 15 år seinare gita sonen til Halvor seg med dottera til Ole. Embrik Havorson og Guri Olsdatter vart mine oldeforeldre.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.