Gå til innhold
Arkivverket

Leitar etter opplysningar om ei drukningsulykke i 1849


Kåre Rudningen
 Del

Recommended Posts

Halvor Engebretsen (1797-1849) frå Gol drukna i året 1849. I ministerialbok  for Gol står det at ulukka skjedde 24. februar og at gravferda var 16. mars. Halvor var tippoldefar min.

 

I "Boka om Gol, gards- og ættesoge" bind IV står det at drukninga skjedde ved Hoksund.

 

Som gutunge fekk eg høyre om ulukka. Men eg høyrde alltid at han drukna i Krøderen. Han var på reise til Branes (Drammen) med hest og slede og køyrde gjennom isen. Onkel Jul (Jul Olesen Rudningen 1914 - 1970) viste meg staden eingong me køyrde langs Krøderen. Sikker er eg ikkje, men eg trur det var nær Lindelien.

 

Kan det finnast andre kjelder som omtalar ulukka, til dømes avisomtale  eller lensmannsprotokoll? 

 

Kirkebøker: Gol kirkebøker, AV/SAKO-A-226/F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. I 2, 1837-1863, s. 533-534 - Skanna arkiver - Arkivverket

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.