Gå til innhold
Arkivverket

Lensrekneskap for Sunnfjord 1629 - Tyding av kråketær


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Lensregnskaper, AV/RA-EA-5023/R/Rb/Rbt/L0052: Bergenhus len, 1629-1630
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10041008060337
 

I gruppa midt på høgre side, venstre kolonne les eg Østen Fle(c)he, Find og Enchen. Seinare var det berre to brukarar, nemleg Østen og Finn. Kan kråketærne til høgre for namna seie noko om kva dei betalte i skatt, og dermed om enkja "høyrde" til på det som seinare vart Østen eller Finn sitt bruk?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

eg les "kråketærne" som høvesvis xij, ix og v (altså 12, 9 og 5) [mk]; 

med atterhald om at det første kan vere xj (11) ; to samantrekte prikkar eller ein utstrekt? 

Ein kan summere og sjå kva som passar best.

 

Det ser ut til at markteiknet er brukt for ort (=1/4 rd = 24 s) - det er summert i ort på kvar side (men eg har ikkje kontrollrekna).

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tydehjelp.

 

Sidan det seinare var to like store bruk skulle det vel då vere mest sannsynleg at enkja sitt bruk gjekk inn under bruket til Finn. Spørsmålet blir då om ho kan ha vore mor (evt. svigermor) til Finn.

 

Det høyrer med at Østen Knutsson fekk førstebygsel på halvparten i Flekke som svigermora opplot i 1619-1620, og at Johan Østenson fekk førstebygsel frå mora i 1640-1641. I 1629-1630 (altså samstundes med at "enkja" frå 1620-åra forsvinn frå brukarlistene) bygsla "Juncher Selff" (kva no det måtte bety) 1/4 av skylda i Flekke. Dette må vel då vere Finn som tek over parten som enkja hadde hatt.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.