Gå til innhold
Arkivverket

Tyding av arvingar i skifte på garden Bøtun i 1822


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Anna Jonsdtr. Bøtun døydde i 1822 , 15 år gammal. Likevel vart det halde skifte. Faren var død året før og mora Gjørid var attgift med Ivar Ivarson Eiken, så kanskje det var grunnen til at det vart halde skifte? Var det noko å fordela etter Anna? Går ut frå at evt arv vart delt på mora og syskena Ola, Elling, Synneva og Endre?

https://media.digitalarkivet.no/view/24175/383

 

I 1840 døyr broren 22 år gammal. Står det noko i skiftet kvar han arbeidde/yrke? Var det att noko å arva etter han?

https://media.digitalarkivet.no/view/24181/28

 

Anna Jonsdtr Bøtun døydde i 1800. Ho var gardkone så der var det kanskje ein del å fordela? Mannen Ola døydde seinare så eg går ut frå at halvparten tilfall han.

https://media.digitalarkivet.no/view/24172/550

 

Takksam viss nokon har mogelegheit til å sjå på dette.

Mvh

Anne Marie Bøtun Øyri

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

48 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Anna Jonsdtr. Bøtun døydde i 1822 , 15 år gammal. Likevel vart det halde skifte. Faren var død året før og mora Gjørid var attgift med Ivar Ivarson Eiken, så kanskje det var grunnen til at det vart halde skifte? Var det noko å fordela etter Anna? Går ut frå at evt arv vart delt på mora og syskena Ola, Elling, Synneva og Endre?

https://media.digitalarkivet.no/view/24175/383

Det var 24 dr 22 sk å dele på arvingane, som var

mora Gjøri, 3 fullbrør Ola (16? 1/2 år), Elling (10 1/2 år)  og Endre (5?? år) Jonssøner, fullsyster Synneve Jonsdotter (7 år)

og halvsyster Brithe Iversdotter (2 år).

 

Fotograferinga er svært uklar, men eg meiner å lese 16 1/2 år for Ola og 5 år for Endre.

 

 

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

47 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

I 1840 døyr broren 22 år gammal. Står det noko i skiftet kvar han arbeidde/yrke? Var det att noko å arva etter han?

https://media.digitalarkivet.no/view/24181/28

 

Til det siste: ja, nær 100 dr.

Arvingar er dei attlevande syskena (Ole, Elling, Synneve, Brithe).

Til det første: nei ... men det er eit godt spørsmål.

Han har kontante pengar (18 dr) og tydelegvis pengar til gode frå mange (20) einskildpersonar, inkludert sorenskrivaren (8 dr).

Men det står ikkje noko om kva dette er (lån?, oppgjer for småhandel?, oppgjer for tenester/arbeid?)

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

51 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Anna Jonsdtr Bøtun døydde i 1800. Ho var gardkone så der var det kanskje ein del å fordela? Mannen Ola døydde seinare så eg går ut frå at halvparten tilfall han.

https://media.digitalarkivet.no/view/24172/550

 

Det var 961 rd 2 ort 1 sk å dele. Ja, enkjemannen får ha sin halvdel av buet. Arvingane (borna) deler avdøde sin halvdel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til deg Ivar. 

Ja hadde vore spennande å vita kvar denne 22-åringen fekk pengane frå. Arva sikkert noko då faren døydde i 1820 og frå systera i 1822. Sikkert også frå mora som døydde i 1827. Så noko kan ha vore oppspart, men meir veit me ikkje om denne karen. Han var bror til tippoldefar min.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.