Gå til innhold
Arkivverket

SFj Gloppen/Breim - retting av feilkobling i bygdeboka på Fløtre


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I den nyaste bygdeboka for Gloppen/Breim, band 5 finn vi Knutbruket på Fløtre (br nr 5) på side 524.

 

Der er nemnt brukaren Tor i 1609, og deretter Rasmus Torson, som har kone Ragnhild og son Knut i koppskatten 1646, før ein innskoten EIlif i 1656.

 

Så kjem neste brukar Knut Rasmusson - men ikkje sonen på Fløtre frå 1646 som vi skulle forventa, men Knut Rasmusson Førde, frå Førde i Breim. Neste brukar er Tor Knutson, som vi kjenner frå skiftet etter Knut i 1706 (der kalla Knut Olsson, men dødsfallet i kyrkjeboka gjeld Knut Rasmusson).

 

For å finne ut om det er valt rett Knut her, har vi i Sogn&Fjordane-delen av Norgesprosjektet ( norwaydna.no )  funne fram til to mannslinje-etterkomarar etter Tor Knutson, og samanlikna deira Y-dna med linja etter det som etter bygdeboka skal ha vore Tor sin farbror - Nils Rasmusson Førde. 

 

Konklusjonen er at Knut og Nils ikkje kan ha vore brør, sidan Y-linjene deira er heilt ulike. Vi meiner derfor at dei som har desse personane i treet sitt bør endre opphav på Knut Rasmusson - til Rasmus Torson, brukaren før han.

 

På Geni er det vidare føreslått at Rasmus Torson er bror til Laurits Torson Reed, men vi får same problemet der: Linja til Laurits Torson er også y-testa, og endar på ei heilt anna gruppe enn desse andre. Det er rett nok berre ein person som er testa etter Laurits Reed, så vi burde hatt ein til for å vere sikre på at resultatet er korrekt (pga Postmanns-faktoren).

 

Historisk dna-testing er artig.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Aase R Sæther - Gloppen changed the title to SFj Gloppen/Breim - retting av feilkobling i bygdeboka på Fløtre

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.