Gå til innhold
Arkivverket

Å finne folk og opplysningar i doms-/fengselsprotokollar


Per Anders Buen Garnås
 Del

Recommended Posts

Eg driv og skriv om ein felespelar med namn Hans Gunnarson Fykerud (i siste del av livet ofte omtala som Gamle-Hans Fykerud) frå Bø i Telemark. Her er litt bakgrunnsinformasjon for det eg lurar på:

Gunder Halvorsen Mogene
Far hans, Gunder Halvorsen Mogene/Veierud/Ralle (omtala som Gunnar Halvorsson Mogane i "Bøsoga") blei ettersøkt i 1830 då Hans var knappe 5 år. Då hadde Gunnar rømt frå heimen før han skulle tiltalast for tjuveri og heleri saman med ein heil gjeng av nær familie og sambygdingar, i ei sak der fire ulike plassar/gardar vart raida. Halvanna år etterpå blir han dømt til 5 års slaveri på Akershus, så han har tydelegvis blitt fakka i mellomtida. Eg reknar med at denne dommen av 20. oktober 1831 blei gjort i Tingretten, då eg ikkje finn han i rettergangsmaterialet frå Høgstrett på denne datoen. Denne dommen blir anka og gjenoppteke i Høgsterett nokre månadar etterpå, den 17. juli 1832 i følgje Rettergangsmateriale: Høysterett 17.07.1832 (som eg forøvrig synest er heilt umogleg å tyde utanom overskrifta, men som er referert til i ei avis), men fengselsdommen blir ikkje endra, og alt tyder på at han sona denne dommen ein gong etter juli 1832, t.d. fordi han i eit avisoppslag i 1839 blir omtala som "dimittert fange". Men han skikkar seg tydelegvis ikkje etter det. For allereie i august 1839 blir han nok ein gong tiltalt for tjuveri, og dømt for dette i desember s.å.  Så har han tydelegvis rømt igjen, fordi han i eit avisoppslag er etterlyst i samband med eit tjuveri i Vinje, og omtala som "rømt fange". Til slutt, den 9. oktober, blir han fakka (i følgje "Soga om Hørteverket" av Jon Hvitsand skjedde dette på Fykerud i Bø). Og I Rettergangsmateriale: Høysterett 01.06.1841 kan ein sjå at han ender opp som livstidsfange på Akershus festning, der han døyr av det som er kalla kramper i Ministerialbok for Kristiania Tukthus prestegjeld i 1848. 

 

Spørsmål
Det eg lurar i høve desse opplysningane er:

1. kor mykje Hans Gunnarson faktisk kan ha sett til far sin frå han var kring 5 år.
Ein veit at Gunnar må ha vore heimom i 1832, for i oktober d.å. får han ei dotter med kona si. I tillegg får han ei dotter med ei anna dame under ein månad etterpå. Det er no ei anna historie, men det er så langt eg har funne ut det einaste beviset på at han må ha vore i heimom sidan førre barnet til han og kona kom til verda i 1829.
Moglegvis har han vore mykje meir heime enn som så, men kor lenge han var på rømmen frå fyrste etterlysinga i 1830 til han blei dømt i oktober 1831, veit eg ingenting om. Og heller ikkje om han sat i arrest frå han blei pågripen fyrste gong og til han blei dømt. Og kva som skjedde med dei dømde då dei anka, veit eg heller ikkje noko om, då eg kjenner for dårleg til prosedyrene med varetekt o.l. frå denne tida.
Men om ein samanliknar med det som står om folk som det er mogleg å samanlikne Gunnar Mogane med frå same tida, t.d. Gjest Baardsen og Ole Høiland, ser det no ut til at myndigheitene prøva halde på rømte fangar så godt dei kunne. Når dét er sagt så var vel begge desse nemnde døma to mykje større problem for myndigheitene enn Gunnar Mogane nokon gong var, noko som òg får meg til å bli nysgjerrig på kor mykje han var heime frå han blei etterlyst til han sona dei fem fyrste åra på Akershus.
Eg lurar òg på kor lang tid det tok frå han blei dømt, til han måtte sone - og på om han fekk gå fri fram til han skulle inn.
Då dei to døtrene hans blir født i november og desember berre 4 og 5 månadar etter femårsdommen, er Gunnar Mogane oppført i kyrkjebøkene med Veirud som bustad. Men eg veit ikkje om det betyr at han faktisk budde heime på dei tidspunkta - altså at det ville stått t.d. "fange" i desse protokollane om han sat inne der og då - eller om det berre er oppført slik fordi det var der han hadde "adresse" vanlegvis. 

2. Når rydda Gunnar Fykerud?
Hans G. Fykerud har namnet sitt på ein plass familien til Gunnar Mogane må ha kome til etter han sona desse fem åra (i og med at kona til Gunnar får ein son med ein annan mann i 1837, truleg medan Gunnar framleis sit inne), og då er oppført med Veirud som bustad. Det skal ha vore Gunnar som rydda og bygde opp Fykerud. Det var ikkje store plassen, men likevel er eg nysgjerrig på akkurat kva tid han gjorde dette på. Det må ha vore mellom han hadde sona ferdig i 1837-1838 og han blei fakka i 1840 - og i ein så kort periode har eit år eller nokre månadar frå eller til mykje å seie. Dette blir på ein måte same spørsmål som det førre - iallfall er eg ute etter å finne same typer kjelder på dette, men eg delar spørsmåla opp på denne måten berre for å syne at det er fleire grunnar til at eg er på jakt etter opplysningar om tida mellom dei ulike tiltalene, dommane og soningane. 

Dette er altså interessant med tanke på kor mykje Hans såg til far sin, når det gjeld akkurat når Fykerud blei rydda, og kor mykje Gunnar Mogane faktisk fekk vera der på plassen sjølv. 

3. finst det kommunikasjon/dokumentasjon frå åra på Akershus Festning
Ein annan ting det hadde vore interessant å finne ut er om det var noko kontakt mellom far og son etter han hamna på Akershus festning for godt, altså om det finnast noko kommunikasjon og/eller om det finst nokre protokollar der det er nedskrive skildringar/tankar/observasjonar kring Gunnar Mogane frå tida som fange på Akershus festning. 

4 korleis får eg tak i slike opplysningar
Om det er slik at noko av dette eg spør etter her finst. og det er mogleg for "vanlege" folk å få sett på desse dokumenta; korleis går eg fram for å få innsyn? Eg har allereie skjøna at ein del av slikt materiale må lesast frå lesesalar i dei ulike arkiva, men eg har ikkje forstått heilt systemet i desse og heller ikkje funne alt eg håpar på å finne. Har dessutan prøva meg på eit par-tre bestillingar utan respons, så nå håpar eg veldig på at det kan vera nokre kloke hovud her som kan vegleie meg vidare herifrå, og som kan svara på noko av det eg spør etter her. 

På førehand takk for svar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For det første trenger du ikke å søke om innsyn, for dette er snart 200 år gammelt og ikke omfattet av taushetsplikt. Begrepet innsyn er knytta til tilgang til taushetsbelagte opplysninger; se f.eks. https://www.arkivverket.no/tjenester/sok-innsyn-til-faglige-formal

 

Dokumentene vil være tilgjengelige på Arkivverkets lesesaler. Mye rettergangsmateriale er digitalisert, så det er mulig at du vil kunne finne mye i Digitalarkivet.

 

Hva slags bestillinger har du prøvd, uten å oppnå respons? Har du bestilt arkivmateriale via Arkivportalen, har det antakelig blitt klargjort for lesesalsbruk, men jeg har ikke tilgang til noen logg over slike bestillinger.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Arkivverket - Kristian Hunskaar skrev:

For det første trenger du ikke å søke om innsyn, for dette er snart 200 år gammelt og ikke omfattet av taushetsplikt. Begrepet innsyn er knytta til tilgang til taushetsbelagte opplysninger; se f.eks. https://www.arkivverket.no/tjenester/sok-innsyn-til-faglige-formal

 

Dokumentene vil være tilgjengelige på Arkivverkets lesesaler. Mye rettergangsmateriale er digitalisert, så det er mulig at du vil kunne finne mye i Digitalarkivet.

 

Hva slags bestillinger har du prøvd, uten å oppnå respons? Har du bestilt arkivmateriale via Arkivportalen, har det antakelig blitt klargjort for lesesalsbruk, men jeg har ikke tilgang til noen logg over slike bestillinger.

Hei, og takk for svar! 

Ja, eg bruka heit feil ord då eg skreiv innsyn. Meinte eigentleg enten digital eller fysisk tilgang.

Typisk nok fekk eg svar på bestillingane mine no ikkje lenge etter eg skreiv innlegget (som forøvrig galdt dokument som handlar om andre ting enn akkurat denne delen av prosjektet om Hans Fykerud), så eg var ikkje tålmodig nok. Slik sett blei dette brått eit unødvendig innlegg. 

Men eg framleis takknemleg om nokon har tips om kvar eg burde leite for å finne det eg er ute etter blant dokumenta eg må i lesesal for å finne.
Det som finst på Digitalarkivet trur eg at eg har fått nokonlunde kontroll på.   

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivet AV/SAO-A-10691 - Akershus festnings slaveri og arbeidsanstalt inneholder bl.a. fangeprotokoller (https://www.arkivportalen.no/entity/3b499f71-04ea-471a-8600-379e2e353795) og domsakter (https://www.arkivportalen.no/entity/a1022946-f5fd-455e-b1cc-1a9b98938cdb). Det kan være et sted å starte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Arkivverket - Kristian Hunskaar skrev:

Arkivet AV/SAO-A-10691 - Akershus festnings slaveri og arbeidsanstalt inneholder bl.a. fangeprotokoller (https://www.arkivportalen.no/entity/3b499f71-04ea-471a-8600-379e2e353795) og domsakter (https://www.arkivportalen.no/entity/a1022946-f5fd-455e-b1cc-1a9b98938cdb). Det kan være et sted å starte.

Takkar og bukkar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.