Gå til innhold
Arkivverket

Lister over dei norske styrkene som var i Malmö i 1848


Per Anders Buen Garnås
 Del

Recommended Posts

I 1848 var det eit opptog i Skåne i Sverige der nokre tusen nordmenn deltok, for å støtte Danmark i krigen mot Preussen.

 

Eg skriv om ein felespelar med namn Hans Gunnarson Fykerud (ofte nemnt som Hans Gundersen i protokollar), som var født i Bø i Telemark 31. juli 1825.

 

Av ulike grunnar mistenker eg at han var med i dette opptoget, m.a. fordi ein veit svært lite om kva han dreiv med mellom kring 1840 og 1850 (då han gifta seg), fordi eg veit at bror hans var leigesoldat i Kristiansand omlag ved desse tider (noko han er registrert som i ei folketeljing eit år dette ikkje blei gjort i Bø/Sauherad), fordi det står i ein artikkel skrive av ei truverdig kjelde i ei amerikansk avis at han var til Skåne og spela for den svenske kongen på 1840-talet, fordi eg har funne ei teikning av eit tidsvitne der det står ein mann og spelar fele medan nokre hallingdøler dansar halling der i Skåne i 1848, fordi eg mistenkjer at både han og broren trang å koma seg vekk heimanfrå nokre år, sidan far deira blei livstidsfange på Akershus festning kring 1840, fordi Hans vaks opp som nabo til M. Rye, som er oppført som oberstløytnant i det Laurvigske feltmusketerkorps, som var med til Malmö i 1848 og som var nevøen til ho som eigde plassen Hans levde store delar av barndommen sin på og fordi Hans i ei avis er etterlyst for å ikkje ha møtt opp i det Bøherredske kompani (også v/M. Rye) på Oterholtmoen i Bø i 1847 

 

Eg har funne ut at dei styrkene som var i Malmö i 1848 var:

 1.  Feltatelierbataljonen under leiing av oberstløytnant K. J. Flood og batterisjefane C. Heyerdahl og J. Gløersen.

2. Norske gevorbne feltjegerkorps og ein del av Romerikets lette infanterikorps ved Korpssjef oberstløytnant H. J. Birch og kompanisjefar J. Brandt, R. Rasch, W. Garben og Schrøeter.

3. Østerdalske feltjegerkorps, ved oberstløytnant Ingjer og kapteinane A. Krefting, C. Bang, F. Werenskjold og P. Werenskjold.

4. Fredrikstadske feltmusketerkorps, ved oberstløytnant Michelet og kapteinane Radich, J. Krefting, J. Hals  og Elieson.

5. Akershusiske feltmusketerkorps som bestod av Akershusiske gevorbne musketerkorps og Hallingdalske nasjonale musketerkorps, ved oberstløytnant Ruge og kapteinane I. Seip, Wilse, C. Lund og T. Breien. 

6. Laurvigske feltmusketerkorps, ved oberst Mansbach og kapteinane Diedrich, M. Rye (frå Telemark), Weisser, Larsen og Schive.

7. Eit kavaleridetasjement frå Akershusiske ridende jegerkorps gevorbne eskadron med løytnant Heyerdahl som sjef.

 

Sjef for heile korpset var generalmajor Lowzow.

 

Det er skrive at det var med 78 "spillemenn" med dit frå Noreg, noko eg reknar med at var blåserar og tamburar, fyrst og fremst, men det er altså avteikna ein kar med ei fele på ei teikning av Fritz von Dardel, så det 

 

Det er ganske oppsiktsvekkjande og veldig interessant om det skulle vise seg at hypotesa mi om at Hans G. Fykerud var med der skulle stemme, så eg har leita lenge i tilgjengelege arkiv, men enten ikkje funne dei rette arkiva å leite i; eller så er dei ikkje tilgjengelege over nett. Eller kanskje dei ikkje finst i det heile? Difor lurar eg på om det finst lister over folk som var innskrivne i desse kompania dette året nokon stad i det heile? Eller noko oversikt over kven som var med på alle dei mange dampskipa som frakta dei norske styrkene til Skåne. Det er truleg mogleg å finne ut kva alle skipa heitte. Så langt har eg funne ut at det eine var korvetten "Nordstjernen" og eit anna var Fredriksvern.

 

Er det håp i havet om å finne dette ut via denne type lister, trur de?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her gjelder å finne ut hva som finnes av bevarte arkiver etter de militære enhetene du nevner, for å se om det finnes f.eks. soldatruller. Det kan være litt krevende å finne ut hvilke navn avdelingene går under i arkivkatalogene. F.eks. gir søk på feltmusketerkorps ingen treff, men disse enhetene er nok de som i stedet kalles musketerkorps. F.eks. ser det ut til at arkiver etter Larvikske musketerkorps finnes i AV/RA-RAFA-2551 - Forsvaret, Kristiansandske infanteribrigadehttps://www.arkivportalen.no/entity/63149371-0543-4383-9879-fd4e44890960

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.