Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Spand, auka målet med nydyrking?


Recommended Posts

Det er litt lite informasjon her...

Greier du å finne matrikkelutkaster frå 1724?

 

Det kan vere at 3 spann er Falnes kyrkje sin part, og at dette ikkje er heile garden.

At det er utan bygsel, peikar i den retninga. (Den største eigaren hadde ofte bygselsretten).

Har ikkje meir som er så gammalt. Men veit at det er biskopen som har bygselen, til ei kvar tid utlagd til presten. Han set mange husmenn der, som nok dyrkar opp jorda etter svartedøden. Ødegarden Skammanes er ødegard i to meiningar. Ein mindre gard enn ein halv gard, (som har gitt namnet),  men den blei også lagt øde under pesten.

kvar har du informasjonen frå då?

-det med 10 spann;

-at han har vore "øydegard" som skatteklasse ( 1600-talet)

 

Bygdebok for Karmøy (b1. s. 501) gjev omrekninga  1 laup smør = 1 pund korn = 24 spann korn

så 10 spann korn svarar til 10/24 = 0,42 laup smør.

 

Skammanes skal vere del av prestegarden Falnes, som var på 1 laup 18 mk = 1 1/4 laup.  ("Skudenes og Skudenesnavn", s. 594)

Dersom 10 spann stemmer for Skammanes, er det 1/3 av prestegarden.

Dersom det berre er 3 spann (3/24 = 1/8 = 0,125 laup) er det berre ein 10-del av prestegarden.

 

(Det er ein husmannsplass som heiter Skammanes, kjend frå om lag 1800. Det er sikkert same stad, men det treng ikkje å vere

den same eininga som Skammanes i 1724).

 

 

Takk for svar: ser du har funne mykje info om Skammanes.

Ja, det er både ødegard Skammanes og plass Skammanes, den ein av mange plassar. Det er desse husmannsplassane eg skriv bok om.

Det spesielle er at Skammanes berre høyrer til prestegarden, den er ikkje del av den. Dei 10 spanna kjem i tillegg.

Fint å få utrekninga, så lærte eg noko om prinsippa der.

Elles er det ein del uløyste gåter rundt denne garden, korleis den blei lagt først til kyrkje, så til prest.

Eg takkar for hjelpa; men ikkje legg meir arbeid i å søkja i dette 🙂 

Det eg eigentleg spurte om, var om målet endrar seg når jorda blei oppdyrka, om den fekk større verdi? Altså eit meir generelt spørsmål. Tenkte at de som er her inne har vore borti så mangt og kanskje hadde sett noko liknande.

5 minutter siden, Marit Totland skrev:

Det eg eigentleg spurte om, var om målet endrar seg når jorda blei oppdyrka, om den fekk større verdi? Altså eit meir generelt spørsmål. Tenkte at de som er her inne har vore borti så mangt og kanskje hadde sett noko liknande.

Då må vi spørje som eg gjorde først: er 3 spann heile garden i 1724, eller berre ein part? Veit du eigentleg om verdien er endra i det heile?

 

Husmannsplassane treng ikkje ha så mykje felles med ein tidlegare jordeigedom enn namnet og lokaliseringa av bustaden/tunet.  Ein del av jorda kan vere lagd under

andre plassar, eller under prestegarden. Husmannsplassane vart ikkje oppmålte og skyldsette før på 1890-talet (og då frådelte prestegarden).

 

Elles verkar det litt underleg at du kan seie at dei 10 spanna kjem i tillegg, når dei ikkje er å finne i nokon matrikkel.

Eg har mange kjelder på dei 10 spd. Det går m a fram av skjøtet når kyrkja blir seld ut og inn av privat eige. som du seier oppmålinga skjedde rundt 1890, då blei desse 10 spd fordelt på dei 6 teigane som blei selde frå prestegarden (9 husmannsplassar).

Men som sagt, det er overgangen7endringa som interesserer meg. Takk for praten 🙂

Stavanger stifts jordebok ca. 1590:

"Falnes hoffuitkirkens aarlige indkomst.

Landskyld

Skammenes øde vdj Falnes sogen x [10] spand Korn"

https://www.digitalarkivet.no/da20110210620356

 

Stavanger stifts jordebok fra 1624 (den såkalte Grågås):

"Falnes Hoffvitkirckis Aarlige indkomst

Landskiuld

Skammenees under Falnes x [10] spann korn"

https://www.digitalarkivet.no/jo20101012640068

  • Liker 1

Kirkeregnskap for Stavanger amt 1722, under Falnes hovedkirkes inntekter:

"Korn landschyld i Skamnæs uden Bøxel = 10 Spand, effter Capit: Taxten for Ao: 1722"

https://www.digitalarkivet.no/db60044565000019

  • Liker 1
16 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Det er litt lite informasjon her...

Greier du å finne matrikkelutkaster frå 1724?

 

Det kan vere at 3 spann er Falnes kyrkje sin part, og at dette ikkje er heile garden.

At det er utan bygsel, peikar i den retninga. (Den største eigaren hadde ofte bygselsretten).

 

Kilden fra 1724 er antakelig skjøtet der Falnes kirkes eiendeler blir solgt fra kongen/Kronen til private. I første innlegg er det henvist til en avskrift fra Stortingsforhandlinger 1897. Jeg klarer ikke å finne originalskjøtet i forbifarten. 

Endret av Jan H. Trelsgård

Originalskjøtet sier også 10 spd.

Jeg glemte i farten at Grågåsa er eldre enn det som blir gjengitt i Stortingsforhandlingene. Dermed er desse 3 spd her, et avvik fra eldre og nyere  opplysninger. Kanskje det rett og slett er en trykkfeil. 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.