Gå til innhold
Arkivverket

Emigrantdatabasane – pågåande og uavslutta prosess?


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

To hundre år sidan den fyrste utvandringa til Amerika, og det blir markeringar av ulike slag i år. 

 

Digitalarkivet har hatt utvandringsprotokollar liggande tilgjengeleg i mange år, likeså fleire parallelle og delvis overlappande databasar. Forvirrande og kkje særleg brukarvennleg, men betre enn ingenting kan ein trygt seia.

 

Men nyleg kunne eg lesa på nettsida til Digitalarkivet at utvandrardatabasane var under revisjon og fornying i samband med tohundreårsjubileet, ja slik eg oppfatta det iallfall: https://www.digitalarkivet.no/content/1665/migrasjonsåret-2025

 

Gledeleg!

 

Vel, eg gjekk inn (nye søkjeinngang for ikkje å snuble) for å finne att ein av fleire personar som eg for lenge sidan har sendt inn rapport om: Karen Hannestad, utvandra 6. august 1897.

(Eg har fått epost tilbake om at fleire innsende rapportar er tekne omsyn til, med lenkje, men desse lenkjene har ikkje vist noko som helst fornuftig, og slett ikkje kva for person det galdt.)

 

Døme Karen Hannestad, altså. Null treff!

https://www.digitalarkivet.no/search/176

 

OK, så får eg gå den tunge vegen, til emigrantar over Oslo 1867–1930 og da ser det ut som at dette er den gamle versjonen av databasen.

Der er ho. Også det mikroskopiske!!!! raude symbolet som viser at det er sendt inn ein rapport synest. Ho er ikkje frå Tinn som innført, men frå Ringsaker i Hedmark.

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000512618

 

Så prøver eg «Emigranter over Kristiania 1871-1930, redigert utgave». Det kjem underleg opp som «Søk i emigrantprotokoll (gammel)». Der er ho ikkje! Kva er gale?

https://www.digitalarkivet.no/search/3/100098?fornavn=Karen&etternavn=Hannestad&kjonn=&bosted=&fodestad=&fodselsdato=&fodselsaar=&alder=&stilling_stand=&familiestilling=&aar=&utreisedato=&reisemal=&ankomstdato=&linje=&skip=&agent=&pass=&nytt_yrke=&aarsak=&utreisehavn=&ekspdato=&kontraktdato=&herred=&fogderi=&prgjeld=

 

Så søkjer eg på alt emigrantmateriale under Oslo, og får ei lang liste med 91 treff. Her ligg også protokollane i uordna rekkjefylgje. Men dei er iallfall der. Ein må gå manuelt frå side til side og eg finn Karen i protokoll nr. 18 side 464. Ho er til liks med fleire andre feilaktig ført som heimehøyrande i Tinn.

https://www.digitalarkivet.no/search/3/100098?fornavn=Karen&etternavn=Hannestad&kjonn=&bosted=&fodestad=&fodselsdato=&fodselsaar=&alder=&stilling_stand=&familiestilling=&aar=&utreisedato=&reisemal=&ankomstdato=&linje=&skip=&agent=&pass=&nytt_yrke=&aarsak=&utreisehavn=&ekspdato=&kontraktdato=&herred=&fogderi=&prgjeld=

 

Oppsummert: Er det slik at revisjon av emigrantdatabasane framleis er inne i ein pågåande og uavslutta prosess? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Det er enda ikke gjort noe med databasene for Oslo/Kristiania, så der er det mangler, feil og rot.

Det er kun de nyeste emigrantprotokollene som ikke tidligere har vært søkbare som er publisert. De finner du søkbare her https://www.digitalarkivet.no/search/176

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Takk for raskt og klargjerande svar. Da gler eg meg til den pågåande prosessen er ferdig.

 

Og få for all del det mikroskopiske raude rapportsymbolet opp i ein storleik som er mogleg å observere. 

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.