Gå til innhold
Arkivverket

Hjelp til tyding av kommentarar i kyrkjebok i samband med konfirmant


Per Anders Buen Garnås
 Del

Recommended Posts

Hei! 

Eg har over lang tid prøva å tolke kva det står under ‘‘Kristendomskundskab og Flid m.v.’’ om Hans Gundersen (løpenummer 18) i denne konfirmantlista for Bø prestegjeld i 1841:

https://media.digitalarkivet.no/view/1350/257

Det eg trur eg har funne ut er at det står  "Do."=ditto, som refererer til  «Taalelig Kundskab» lenger opp, og vidare: «nogenlunde flittig, men Sorg-Vandske» (Her har eg òg lura på om det står "Fors.Vandske#, altså forsorg-vanskar, men har landa på at det er "Sorg-Vandske", utan at eg er nokon ekspert.)

Det er også temmeleg tydeleg at «meget fattig» er føydd til under der det står "nogenlunde flittig", men deretter står det noko eg ikkje har greidd å tyde, anna enn at eg trur det byrjar med "minder end".

Det einaste som er sikkert er at presten har notert noko informasjon om Hans her som skil seg ut frå «sædelig», som det står bak dei aller fleste andre i lista i denne rubrikken. Og eg skulle gjerne funne ut av kva det står, utan å berre gjette meg til dette. 

 

Eg driv og skriv om denne Hans, som berre nokre månadar før konfirmasjonen var vitne til at far hans blei fanga og sendt som livstidsfange til Akershus festning. Difor er det interessant å prøve å finne ut av kva presten noterte om han ved desse tider.  

Er det nokon med betre peiling og meir erfaring som har høve til hjelpe meg med dette, og som greier å tyde det som står? Då hadde eg blitt veldig glad! 

 

 

Endret av Per Anders Buen Garnås
Lenke til kommentar
Del på andre sider

eg trur eg les:

"nogenlunde flittig, men hans Vandel

meget fattig, mindre end rosverdig(?)"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

eg trur eg les:

"nogenlunde flittig, men hans Vandel

meget fattig, mindre end rosverdig(?)"

Hjartelelg takk for godt innspel!

Heilt i starten syntest eg det stod "mannevond og syndig", men det var nok på grensa til ønsketenkning, og eg innsåg etter kvart at ein kunne rote seg heilt bort i tolkingar av denne type skrift. 'Mannevond' er no ikkje eit dansk ord heller.
Sidan dess har eg hatt veldig mange idear om kva som står der. Og der kom du med enda ein idé.

Denne presten har ikkje akkurat vore flittig med handskrifta si, så det er kanskje rett og slett umogleg å seie kva han prøva skrive.
Dessverre har eg ikkje funne klokkarbok for same tid, som det hadde vore råd å samanlikne med.

Ser at det godt kan stå noko med "-verdig"/"-værdig" til slutt, men om han har har skrive "ros-" føre det skjønar ikkje eg kva det som ser ut som ein 'g' (men som samtidig ikkje liknar på g-en til slutt i ordet) omlag i midten der er for ein bokstav. Men eg er nybyrjar på dette, så her kan det godt vera at er mykje eg ikkje veit. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 minutter siden, Per Anders Buen Garnås skrev:


skjønar ikkje eg kva det som ser ut som ein 'g' (men som samtidig ikkje liknar på g-en til slutt i ordet) omlag i midten der er for ein bokstav.

 

v-en minner om ein g (men det må vere nokon annan sin g, for denne presten skriv g-ar som i "nogenlunde")

Overskrifta i den siste kolonna, "Naar havt de nat. Kopper eller vacc."  viser to v-ar (på neste side er v-en i "vacc." endå tydelegare som v-en i "rosverdig")

 

"rosverdig" er ei vanleg glose i karakterar (omsett frå latin "laudabilis")

https://no.wikipedia.org/wiki/Laud

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
16 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

 

v-en minner om ein g (men det må vere nokon annan sin g, for denne presten skriv g-ar som i "nogenlunde")

Overskrifta i den siste kolonna, "Naar havt de nat. Kopper eller vacc."  viser to v-ar (på neste side er v-en i "vacc." endå tydelegare som v-en i "rosverdig")

 

"rosverdig" er ei vanleg glose i karakterar (omsett frå latin "laudabilis")

https://no.wikipedia.org/wiki/Laud

 

 

Aha! Det gjev meining! Veldig gode innspel som eg tek med meg vidare! Hjarteleg takk igjen! 

Endret av Per Anders Buen Garnås
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.