Gå til innhold
Arkivverket

Dorte Gundersdatter på Jevnaker, - når blei ho fødd?


Reidar O. Meling
 Del

Recommended Posts

Dorte Thomasdatter var ei av av mine to tippoldemødre på Jevnaker. Ho var fødd i 1822 som dotter til Thomas Jacobsen og Olia Cathrina Sophie Henriksdatter. Olia var dotter til Heinrich Erich (fødd i Nord-Tyskland rundt 1716, arbeidde på glassverket på Jevnaker). Heinrich blei gift 2.gongen med Dorte Gundersdatter. Etter det eg kan sjå blei Dorte Gundersdtr. (Gunnarsdtr.) konfirmert i 1775, ho var då 17 år. Kort tid etter blei ho gift med Heinrich, som var omlag 40 år eldre enn henne. Dei fekk barnet Olia Cathrina Sophie i 1779. Eg meiner å finna at Dorte Gundersdatter døde i 1801, ho var då 42 år gml. Utifrå dette skulle ho vera fødd rundt 1758+/-.. Er det nokon som kan finna fødselen til mi tipp-tipp-tippoldemor Dorte Gundersdatter i kyrkjebok for Jevnaker? (Kan ho vera fødd i eit anna prestegjeld?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kandidat?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHN3-FLB?lang=no

 

Navn Dorthe
Kjønn Female
Fars navn Gunder Gundersen
Fars kjønn Male
Mors navn Else Johansdr
Mors kjønn Female
Type hendelse Christening
Hendelsesdato 7 Nov 1756
Sted for hendelse Norderhov, Buskerud, Norway
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jaha, kan det vera denne Dorte? I Norderhov, det er jo eit stykke sør for Jevnaker, ikkje langt frå Hønefoss. Men det kan vel gå. Men altså, så langt eg kan sjå så blei Dorte konfirmert på Jevnaker i 1775, ho står oppført eit stykke nede blant jentene her, er 17 år gml, bur på Kleggerud, som ligg like sør for Jevnaker sentrum.

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603810063

 

Då dottera til Dorthe og Heinrich Erich, Olia Cathrine Sophie, vert døypt i oktober 1779, vert ho kalla Dorthe Olsdatter. Heilt nedst på side 286 i kyrkjebok for Jevnaker:

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603810076

 

Men i sine notater skriv Randi Bjørkvik dette. Heilt nedst står det at Henrich Erich giftas seg for 2.gongen i 1775 med Dorthe Gundersdatter, ikkje Olsdatter. Så dette er jo forvirrande.

image.thumb.png.7f82de1543f818357080dd2ee788421b.png 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På same side 260 der Dorthe Gunnersdatter vert konfirmert, 17 år gml, så blir enkemannen Henrich Erich trulova med pige Dorthe Gundersdatter, vist her. Altså i året 1775. Er pige Dorthe Gundersdatter identisk med konfirmanten Dorthe Gunnersdatter??

 

image.thumb.png.eceb174df4a9bc30d3a09d6e8936a235.png

Endret av Reidar O. Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja hei Sven. ,Det verkar sannsynleg at denne Else Johansdtr. er mor til Dorthe. Men første mannen hennar, Gunder Gundersen, er altså død, og ho er gift på ny. Når ho er 71 år i 1801, så er ho truleg fødd i 1730/31. Det stemmer jo godt med fødselsåret 1756 for Dorthe. Min forfar Henrich Erich, fødd rundt 1716, skulle vera frå Mecklenburg i Nord-Tyskland, og han var ein av mange tilsette ved Hadelands Glassverk i 1801 med utanlandsk-klingande namn. Dorthe må ha vore svært ung då ho blei kjend med denne enkemannen Henrich Erics. Då Dorthe og Henrich fekk sonen Lars Bugge i 1785, er det rekna opp fadrar, og det kan sjå ut som om du der finn tidlegare barn til Henrich Erics i tillegg til andre tilsette ved Glassverket. Her er fødselen til Lars Bugge (legg merke til namna på fadrane som ein finn att ved Glassverket), side 325 i kyrkjeboka, oppe.

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603810095

 

Ved ft. februar i 1801 står Dorthea Gundersdatter oppført som enke og "pensjonist ved verket", ho er 46 år gammal og bur saman med sonen Lars Bugge, 16 år. Men dersom Dorthe(a) er den same som står konfirmant i 1775, må ho vel vera minst 18 år då. Eg finn elles at Henrich Erich(s) dør heilt i slutten av 1799, vert gravlagt i 1800, så dermed er Dorthe altså enke ved ft. i 1801. Dorthea og Lars Bugge står som nr. 49 og 50.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058261000437

 

Men det er stadig ting som er litt uklåre her. For ei Dorte Gundersdatter dør i Jevnaker pr.gjeld i slutten på 1801, ho er då 42 år, dersom eg les rett, som stemmer litt dårleg med dei andre aldersopplysningane. Her er link til side 26 i kyrkjebok for Jevnaker i november 1801, då Dorte Gundersdatter ved gravlagt, Dorte står litt nedanfor midten på sida.

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603810182

 

 

Endret av Reidar O. Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, 

Et interessant emne. 

 

Dorte Gundersdatter som konfirmeres fra Klæggerud 1775, var 17 år da, dvs født ca 1758. Hun var ikke født i Jevnaker. Presten visste kanskje ikke fødselsdatoen, verken da eller ved begravelsen. Slik slingring i aldersoppgaver er helt vanlig

 

Hun var nok datter av Gunder Gundersen og Else Johansd og døpt i Norderhov 7.11 1756, og tilsynelatende gift rett etter konfirmasjonen, trolovet 31.10, viet 28.11 1775 med enkemannen glaspuster Henrich ERICH fc 1717, b HG (Hadeland Glassverk) 1.1 1800, 83 år.  Dorte var pensjonist ved HG i 1801 – da ført som 46 år, Dorte Gundersdtr G.V. b HG 29.11 1801, 42 år

 

Dåp: Norderhov kirkebøker, AV/SAKO-A-237/F/Fa/L0003a: Ministerialbok nr. 3, 1740-1757, s. 252

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070313650437

 

Jeg tror jeg har greid å nøste opp i familieforholdene. Kirkebøkene for Norderhov er ikke tilgjengelige i transkribert form i Digitalarkivet, men de foreligger transkribert av Ringerike slektshistorielag på deres nettsider – full gjengivelse til 1739, deretter dødsfall fram til 1814.

 

Der finner jeg

image.png.f4268794e4fb2b69da7d20ed8d55bab3.png

image.png.ba7b2aa7fde1e316d264b98ab48a80b2.png

 

Jeg her ikke funnet Gunders begravelse. Dorte Jetmundsdatter Raserud b Norderhov 1782 26/9, 90 år

 

Her er skiftet etter Gunder og etter Dordi - skiftekort

https://media.digitalarkivet.no/view/3917/1698

https://media.digitalarkivet.no/view/3917/1700

 

Sønnen Gunder Gundersen etterlot seg ett barn som levde ved skiftene, dattera Dorte, som i 1783 var gift med Henrich Erichsen (!) ved Hadelands Glassverk.  ALTSÅ BEVIST! Mora kalles i 1783 Else Johannesdatter. 

 

Jeg har ikke funnet Gunder Gundersens begravelse, men han må ha dødd mellom 1756 og 1769

 

Kona Else Johansdatter kan ha giftet seg igjen, kanskje før 1767, med Ole Nilsen, ca 1741-1809 (kanskje fra Jevnaker) De var på Klæggerud. Else var 71 år i 1801, hennes 2, ekteskap, døde på Klæggerud 14.2 1816. 4 barn på Klæggerud 1767-1772 der de to eldste var tvillinger og døde. Barn før?  Må finne deres vielse! Jeg har heller ikke funnet Elses opphav

 

Henrich Erich hadde mange barn i 1. ekteskap, de første født i Tyskland. Jeg tror det var samme Henrich som giftet seg med Dorte.

 

Henrich og Dorte hadde 6 barn, 4 døde svært små, det første baret døde som nyfødt 14.4 1776, som kan forklare den hastige vielsen i november året før. Barna:

1 nyfødt barn                f ERICH                      b 14.4 1776

2 Else-Dorte Henriksd  dp ERICH                 20.4 1777         b 8.6 1777, 8 dg

3  dreng                       f ERICH                      b 13.7  1778     b 8 dg

4  Olia-Katrina-Dortea Henriksd ERICH       dp 10.10 1779  

                  gm 23.10 1800 Halvor Nicolaisen Lønbakken 1776-1814, d Rolfsbråten

                 &gm 20.11 1814 Tomas Jacobsen Stenhus f i Gran 1779- /j.tom; til Rolfsbråten

5  sønn                         f ERICH                      b 18.7 1783, 8 dg

6  Lars-Bugge Henriksen ERICH                  dp 12.1 1785    k1801

            gm 9.1 1812 Kari Syversd Mo f JP-Finnerud 1779-1839 d HaugerE /s.jon

            &gm 24.10 1840 Mari Simensd Maren?  KITTELSBY Norderhov  27 år

 

mvh PJD 

 

Endret av Per Jacob Desserud
Korreksjon
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, hei Per Jacob! Mange, mange takk for desse opplysningane. Årstala stemmer jo med dei årstala eg no hadde funne, delvis med hjelp frå Sven Hjortland. Eg er jo etterkommer etter det barnet du nemner som Olia-Katrina. I ekteskapet med Thomas Jacobsen fekk ho i 1822 eit barn dei kalla Dorte (Thomasdatter), som altså er mi tippoldemor. Eg har elles fått DNA-treff med ein etterkommer etter Lars-Bugge, bror til Olia-Katrine.

Me har altså opplysningar om farsslekta til Dorte Gundersdatter, - Gunder med hans foreldre Gunder Andersen og Dordi Jetmundsdatter. Og mor til Dorte heiter Else Johansdatter, sjølsagt igjen med far Johan, men deretter stoppar det opp.

Det kunne sjølsagt vore interessant å funne ut noko meir om far til Olia og Lars Bugge, - Henrich Erics(en). Var usikker på tittelen hans, trudde det kunne stå glassmester, men det skal altså vera "glasspuster"? Er dette slik å forstå at dei henta ("headhunta") folk frå Tyskland til denslags arbeid i førstninga på 1700-talet? Er det skrive historie om Hadelands Glassverk som kan fortelja meir om dette?

 

Elles har eg hatt ei anna detektivhistorie frå Jevnaker og. Mi tippoldemor Dorte Thomasdatter fekk i oktober 1848 eit barn utanfor ekteskap, Oline, som er mi mormors mor. Far til Oline skulle vera ein Ole Olsen frå Elnæs (på vestsida av Randsfjorden, nord for Jevnaker), fødd i 1817. Men eg og alle dei etterkommarane etter Oline som er DNA-testa, har det til felles at me får klare DNA-treff med etterkommarar i USA etter ein Ole Olsen Lynne, fødd i 1824 i Gran prestegjeld, rett over på austsida av Randsfjorden. Denne Ole Olsen emigrerte til USA så seint som på 1880-talet, saman med familien sin. Kabalen går opp dersom denne Ole Olsen Lynne er vår tippoldefar, og ikkje Ole Olsen frå Elnæs. Teorien min er at denne Ole O. Lynne vinteren 1848 har hatt eit lite eventyr over isen på Randsfjorden til Rolfsbråten, der Dorte budde med sine foreldre!

Endret av Reidar O. Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Anne, det var jo ei litt interessant opplysning du kom med der. Så då budde nok denne Ole Olsen frå Gran på Jevnaker utover på 1840-talet. Er det sikkert at denne innflyttaren er identisk med han som giftar seg i 1849 med Kirsti Nilsdatter på Jevnaker? Med Kirsti får han iallfall 6 barn, fram til Kirsti dør i 1874. Så giftar Ole seg påny med den svenske innflytteren Berte (Brita?) Marie Samuelsdtr. (f. 1842) og dei får fleire barn, den yngste, John Alfred Lynne, så seint som i 1889 i USA! Då var Ole 65. Ein av dei me (alle etterkommarar etter Oline) får klar DNA-match med, er etterkommer etter Ole og Kirsti, medan dei 3 andre me får DNA-match med, kjem frå John Alfred Lynne. Alle bur i USA. På denne bakgrunn er eg idag overtydd om at denne Ole Olsen, frå Gran, er far til vår oldemor Oline. (Oline blei seinare gift med Ole Nilsen Brokerud på Jevnaker.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Faktum er at desse opplysningane stemmer svært godt med det eg finn i dei etterlatte papira til Randi Bjørkvik, under Gran, Ole Olsen 1817d. Her står det at foreldra til Ole (Ole Olsen og Anne Johnsdatter) gifta seg i 1817, vår Ole er barn nr. 3, fødd 10.okt. 1824, han bur hos foreldra til han vert registrert som innflyttar til Jevnaker (Bolkeneje?) i sept. 1840. Han giftar seg 1.g. i 1849 med Kirsti Nielsd. og 2.g. med Berte Samuels. Men altså, - vinteren 1848 har han hatt "eit eventyr" med Dorthe ThomasdatterRolfsbråten! Men kanskje han aldri fekk vita at det blei barn av det, og at Dorthe la farskapet på denne Ole Olsen frå Elnæs??

Endret av Reidar O. Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På grunnlag av dei opplysningane me har, må vel Else vera fødd rundt 1730, og då er sjølsagt eit konfirmasjonsår rundt 1745 ganske sannsynleg. Atter må eg ta hatten av for all hjelp eg har fått her, eg var eigentleg berre ute etter fødselen til Dorte (Gundersdatter), men så renn det på med ekstra opplysningar som det berre er å ta imot med takk!  No har me altså funne foreldra hennar og er ganske nær ved å finna hennar besteforeldre. Og mange fødsels- og dødsår. Det er flott.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt mer

1

Lenke til GENI om Jetmund Raserud  og Anders Andersen Pålsrud

https://www.geni.com/people/Jetmund-Raserud/6000000045328427859

https://www.geni.com/people/Anders-P%C3%A5lsrud/6000000045328367839?through=6000000045326594968

Da kommer du et par hakk til bakover. Jeg vet ikke hvordan opplysningene er dokumentert. Moderator er Gunnar Sigve Aurdal, som er medlem i Forumet,

 

Else Gundersdatter, søster til Gunder Gundersen

https://www.geni.com/people/Else-Raserud/6000000045318866846?through=6000000045326594968

Her er Svein Arnolf Bjørndal si slektsside – men han greier ikke å komme lenger bakover,(søk Raserud)

https://www.xn--sabjrndal-o8a.no/Kari Raastad.htm

 

2 Raserud under Hverven – se omtale og kart her, side 28 ff:

https://www.nb.no/items/7214ac5957d16a65b9203c544151d024?page=29&searchText=raserud

 

3

Gunder Gundersen ?Tyskestuen og Else Johansd. Vielse 2.1 1756 https://media.digitalarkivet.no/view/8523/241 Trolovelsen ikke funnet

Står det Tyskestuen? Jeg kjenner ikke til noe slikt sted på Ringerike,

 

4

Jeg har leitet etter vielsen til Ole Nilsen (Klæggerud) og Else Johansdtr, i KB for Norderhov fra 1760 til 1767, uten å finne noe. Kan godt ha oversett noe. (Ole Nilsen Klæggerud f Bratvalstue 2.8 1741 - foreldre Nils Andersen gmJ 1738 Mari Trulsdatter – de kom til Klæggerud). Else Johansdatter finner jeg foreløpog ikke (ei Else Johannesd dp Bråten/Viul 1.11 1739 P: Johannes Persen Viul gm 1723 Johanne Evensdatter ThonE, men det stemmer dårlig med alder og farsnavn).

 

5

Heinrich Irrich (Erich)  f 1716 Mecklenburg, Tyskland, d HG 1799, b 1.1 1800; gift Bergstedt i Holstein 2.5 1743 m  Anna-Sophia-ELISABETH Meyer c1715-1775. Kona kalles Elisabeth Sophia Erich ved begravelsen i Jevnaker 13.4 1775. De kom til  Aas glasshytte 1753, til HG 1765. De første barna født i Bergstedt, Holstein. Minst 8? barn i første ekteskap. Mange ble glassverkarbeidere – kalte seg ofte Erich. Mange etterkommere.

 

Mye info ved å søke på Internett, f. eks. https://hhv.hommelviksvenner.no/tella-jakobsen/

Eller søk Irrich i Forumet: https://forum.arkivverket.no/search/?q=irrich&quick=1

 

Anne Minken og andre har skrevet om glassverksslekter, se bl.a. her

https://www.nb.no/items/e868da540a0f89de4f2764d29048de4f?page=107&searchText=irrich

 

Det er svært mye annen litteratur om glassverkene i Norge, og mye om Irrich/Erich. Jeg vet ikke hvor mye mer som kan finnes av slektsopplysninger i utlandet. Jeg har notert ei internettside her, men ser ikke Irrich der akkurat nå:  se http://www.peter-doerling.de/

 

mvh Pjd

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   1 medlem

    • Anne_Tonby
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.