Gå til innhold
Arkivverket

Manglende dødsår i Kirkebok for Borgund kommune/sokn


Audun Mathias Kvalsvik
 Del

Recommended Posts

Hei.

Eg leitar etter dødsår for ei som heitte Martha Oliva Kristiane Andersdtr Vidnes Krogsethagen, fødd 23.09.1866 på Vidnes i Vanylven. Ho var syster til mi oldemor. Gift med 

Peter Mathias Peterson Krogsethagen f 27. 07.1849 Krogsethagen  d 12.10.1937. Bodde Krogsethagen (165/1), Grytastranda, Haram MR. 

Ho må ha døydd mellom 1900 og 1906, då han gifta seg oppatt i 1907. Finn henne ikkje i Klokkarbok for Borgund Sokn for desse åra, og når eg søker på Ministerialbok, så går den berre til og med år 1902. Dei seinare åra ser ut til å mangle? 

Takknemlig for å få eit svar på dette.

Mvh Audun Kvalsvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Audun Mathias Kvalsvik skrev:

Hei.

Eg leitar etter dødsår for ei som heitte Martha Oliva Kristiane Andersdtr Vidnes Krogsethagen, fødd 23.09.1866 på Vidnes i Vanylven. Ho var syster til mi oldemor. Gift med 

Peter Mathias Peterson Krogsethagen f 27. 07.1849 Krogsethagen  d 12.10.1937. Bodde Krogsethagen (165/1), Grytastranda, Haram MR. 

Ho må ha døydd mellom 1900 og 1906, då han gifta seg oppatt i 1907. Finn henne ikkje i Klokkarbok for Borgund Sokn for desse åra, og når eg søker på Ministerialbok, så går den berre til og med år 1902. Dei seinare åra ser ut til å mangle?

 

Eg er ikkje Arkivverket ... - og dei kan sikkert svare om boka som er ført frå 1903.

 

Hovudspørsmålet er: Når døydde Marta?  Svaret er 12.des 1900 *)  - ifølgje dødsfallprotokollen sorenskrivaren har ført etter oppgåver frå Lensmannen.

https://www.digitalarkivet.no/sk60065095000031 (3. siste linja)

 

Då burde ho vel stå i kyrkjeboka for Borgund; her: https://www.digitalarkivet.no/kb20050415011050

Men det ser det ikkje ut til at ho gjer - kva no grunnen kan vere.

 

*) folketeljinga var 3. des. 1900

 

 

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut til Arkivverket v/ Statsarkivet i Trondheim ennå ikke har fått avlevert noen ministerialbok for Borgund sokn (Møre og Romsdal) som inneholder døde og gravlagte etter 1902. Nederst på siste side for 1902 er det anført "Fortsættelse i næste Kirkebog": https://www.digitalarkivet.no/kb20050415011060

 

I dette tilfellet har Arkivverket v/ Statsarkivet i Trondheim klokkerbøker med døde og gravlagte fram til 1957: https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?parishes[]=1531S1&list_types[]=gr&start_year=1900

 

Nå har tidspunktet for dødsfallet blitt påvist ved hjelp av sorenskriverens dødsfallsprotokoll. Hvorfor dødsfallet ikke finnes i ministerialboka eller klokkerboka, kan vi ikke svare på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ivar S. Ertesvåg, takk for svar, godt jobba! Det var dette som var mitt hovedspørsmål. Ser ut som Martha har vorta utegløymd frå både ministerialbok og klokkarbok. Ho fekk dottera Jenny få mnd før ho døde, i august 1900. Jenta levde knapt eit år, døde 24/7-01. Ho står på neste side i boka til sorenskrivaren, og ho er innført både i klokkarbok og ministerialbok. Så dette må ha vore ein glipp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rettelse: Jenny Elisa døydde 24.04.1901 av tæring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivverket - Kristian Hunskaar:

Takk for svar. Eg har fått vite dødsdatoen, og det var det eg var ute etter. Var litt av eit tilfelle, Martha døde 9 dager etter folketellinga i 1900, så ho var med på den. Deretter at ho ikkje vart innført i ministerialbok eller klokkerbok. Har brukt mykje tid på å leite. Forstår ikkje kva dei meiner med "næste kirkebog"? Kvar finn ein forresten sorenskriverens dødsfallsprotokoll?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 minutter siden, Audun Mathias Kvalsvik skrev:

Forstår ikkje kva dei meiner med "næste kirkebog"?

 

Det innebærer at presten har tatt i bruk ei ny kirkebok / ministerialbok for å føre de døde og gravlagte for 1903 og senere.

 

4 minutter siden, Audun Mathias Kvalsvik skrev:

Kvar finn ein forresten sorenskriverens dødsfallsprotokoll?

 

I arkivet etter Nordre Sunnmøre sorenskriveri (siden Borgund tilhørte dette sorenskriveriet).

 

Ivar S. Ertesvåg har gitt ei lenke (https://www.digitalarkivet.no/sk60065095000031), og fra denne sida kan du i det blågrønne vannrette feltet klikke på "Innhold" for å se en innholdsfortegnelse for denne dødsfallsprotokollen, eller du kan klikke på "Søk skiftemateriale" for å søke etter andre digitaliserte skifte- og dødsfallsprotokoller.

 

Du kan også bruke "Finn kilde"-søket, f.eks. ved søke med kommune = Borgund, år = 1900 og emneord = "død og begravelse": https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=1900&to=1900&format=all&t[]=115&archive_key=&m[]=1531

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
1 time siden, Audun Mathias Kvalsvik skrev:

Ivar S. Ertesvåg, takk for svar, godt jobba! Det var dette som var mitt hovedspørsmål. Ser ut som Martha har vorta utegløymd frå både ministerialbok og klokkarbok.

 

Det kan tenkjast ho døydde i eit anna sokn, og er ført inn der. (sjukehus?, slektningar?)

Men då skulle ho stå i Borgund også  - utan løpenr (slik at ho ikkje vart tald to gongar i statistikken).

 

Dagsregisteret fortel kva embetshandlingar presten har utført i desember 1900/januar 1901  https://www.digitalarkivet.no/kb20050414010069

Det er mogeleg å sjekke om dei gavlagde (i lista over døde) stemmer med dagsregisteret.

Jenny er gravlagd 3. mai, og den dagen var det 3 gravferder i Hamnsund. Dersom Marta døydde heime, vart ho vel rimelegvis gravlagd der.

Den førre gravferda i Hamnsund var 14. okt. 1900 og den neste var 16. juni.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vel, eg ser på MyHeritage at enkelte skriv at Martha døydde på Vartdal,trur det er kortslutning. Ho hadde ei dotter som vart gift der, men det var fleire år seinare. Ettersom ho var med på folketeljinga 1900 på Krogsethagen, så var ho iallfall heime då. Ho døde berre 9 dagar seinare, nærliggande å tru at det kan ha vore problemer etter fødselen til Jenny i august. Så eg trur ho døydde heime, men ei trist historie, då ho etterlet seg 4 born, den yngste berre eit spebarn.
Datoane som står i dagsregisteret til presten er jordfestedato, ser ut til at den ofte var forskjellig frå begravelsesdato. Å sjekke desse listene opp mot kvarandre er kanskje mogleg, men ikkje enkelt å få samanheng i, så eg trur ikkje eg legg arbeid i det.
Eg for min del føler at punktum er sett i denne saka med eg fekk vite at Martha døde 12.12.1900. Igjen, takk for all hjelp.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)
14 timer siden, Audun Mathias Kvalsvik skrev:

Datoane som står i dagsregisteret til presten er jordfestedato, ser ut til at den ofte var forskjellig frå begravelsesdato. Å sjekke desse listene opp mot kvarandre er kanskje mogleg, men ikkje enkelt å få samanheng i, så eg trur ikkje eg legg arbeid i det.

Det er ikkje så mykje arbeid...

Datoane i dagsregisteret er naturlegvis jordfesting.  Den datoen står også i kyrkjeboka (den tredje datoen, "Naar jordfestet").

Det er heller ikkje så vanskeleg å finne dei tre som er jordfesta ved Hamnsund 3. mai og dei tre neste som er jordfesta 16(15). juni,  18. aug.  og 15. sept.

Altså er det samsvar mellom dagsregister og kyrkjebok: Presten har ikkje jordfesta Marta ved Hamnsund (kapell i Borgund sokn).

Det kan vere at familien har gløymt å seie frå (rart, om dei ikkje kom på det når Jenny vart jordfesta) - eller så er Marta død ein annan plass.

(Det er ikkje Vartdal - det er fort gjort å sjekke; berre 3 døde kvinner på eitt år).

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg såg der var ei kårenke frå Kroksethagen som døde i okt 1900, ho var ikkje jordfesta i Hamnsund av ein eller annan grunn. Vart litt skeptisk til om dei var konsekvente med å skrive folk inn på rett gravplass, men dei var nok det? Der er ingen jordfeste registrert i Hamnsund i desember eller januar, så då er Martha anten utegløymd eller gravlagd ein annan plass. Synes begge deler er rart.
Det vi veit sikkert er at ho fekk dottera Jenny i august, var på Kroksethagen på folketeljinga 3 des og døde 12 des. Ho kan ha fått komplikasjonar etter fødselen, eller ein sjukdom. Kan difor ha havna på sjukehus heilt på slutten og døydd der, må vel då anten ha vore Ålesund, Molde eller kanskje Kr.sund. Eller muligens Bergen?
Mulig ho har døydd hos slektningar, men eg kjenner ikkje til slekta på mannen si side. 
Eg bor på Vidnes i Vanylven, like ved plassen ho kom frå, men eg har aldri høyrt at ho kom tilbake hit. I 1900 var foreldra hennar gamle og syskena hadde flytta bort eller var døde. Bortsett frå systera Karen (mi oldemor), som då hadde stifta familie og bodde på ein annan gard her.  Sjekka kirkebok for Vanylven Sokn, men fann ingenting.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.