Gå til innhold
Arkivverket

Ole Olsson Kvien, Nordfjordeid og eventuelt Glemmen i Østfold


Steinar Furnes
 Del

Recommended Posts

 

 

Fint viss nokon med kjennskap til Glemmen/Fredrikstad kan hjelpe meg her😊

Ein utflytta mann frå Eid i Nordfjord skal ha oppholdt seg på Austlandet (iallfall i ein periode). Nokre spor i kyrkjebøker frå Østfold verkar litt interessante. Kan det vere snakk om same mann her, eller er eg inne på eit blindspor?

 

 

Ole O. Kvien i Eid, Nordfjord

Ole Olsson Kvien vart døypt i Eid kyrkje, Nordfjord, 22.07.1787.

Kirkebøker: Eid sokneprestembete, AV/SAB-A-82301/H/Haa/Haaa/L0003: Ministerialbok nr. A 3, 1770-1805, s. 75 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

Ole var eldste son på garden Kvien. I 1810 fekk han ei dotter utanfor ekteskap. Mor var Marie Ellingsd. Myroldhaug, som òg kom frå Eid. Ole og Marie gifta seg to år etterpå, men samlivet kan ikkje ha vore godt. I 1821 var det forlikssak for å oppløyse ekteskapet, og skilsmisse gjekk i orden. I forliksmøtet var Ole Olsson Kvien fråverande, og bror hans (Iver O. Kvien) hadde fullmakt til å representere han i forhandlingane med Marie og verje hennar. Eg har ikkje klart å finne sikkert ut av kvar Ole reiste. Han var landvernsoldat. I 1817, då det var skifte etter faren, vart det opplyst at Ole heldt seg på austlandet.

 

 

Ole O. Kvien i Glemmen, Østfold

I 1825 gifta snikkar Ole Olss: Qvien (34 år) seg med Nicoline Johannesdatter (24 år). Paret var vigde i Glemmen (nr. 9):

Kirkebøker: Borge prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-10903/G/Ga/L0001: Klokkerbok nr. I 1, 1815-1835, s. 411-412 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

Nikoline er registrert innflytt til Glemmen same år (nr. 24):

Kirkebøker: Glemmen prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-10908/G/Ga/L0001: Klokkerbok nr. 1, 1816-1838, s. 632-633 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

Familien budde på Trosvikberget og fekk ei dødfødd dotter i 1825 (nr. 34b): Kirkebøker: Glemmen prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-10908/F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1816-1838, s. 156-157 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

Sonen Johannes Martinus kom i 1826 (nr. 8): Kirkebøker: Glemmen prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-10908/F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1816-1838, s. 164-165 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

Dottera Grethe Marie i 1828 (nr. 4): Kirkebøker: Glemmen prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-10908/G/Ga/L0001: Klokkerbok nr. 1, 1816-1838, s. 178-179 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

Sonen Olaus i 1831 (nr. 10): Kirkebøker: Glemmen prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-10908/G/Ga/L0001: Klokkerbok nr. 1, 1816-1838, s. 318-319 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

Dottera Inger Olava i 1832 (nr. 22): Kirkebøker: Glemmen prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-10908/F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1816-1838, s. 288-289 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

Truleg er det same paret som fekk sonen Iver i 1834 (nr. 42): Kirkebøker: Våler prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-11083/G/Ga/L0001: Klokkerbok nr. I 1, 1815-1839, s. 330-331 - Skanna arkiver - Arkivverket   Men – no er Ole husmann på «Bjerketvedt Pl:», Våler Prestegjeld.

 

Sonen Nils kom i 1837 (nr. 33): Kirkebøker: Våler prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-11083/G/Ga/L0001: Klokkerbok nr. I 1, 1815-1839, s. 374-375 - Skanna arkiver - Arkivverket  Far skreiv seg då for husmann og snikkar Ole Olsen Qvien, og familien budde på Bjerketvedt Pl:, Våler Prestegjeld.

 

Kan det vere den «rette» Nikoline Johannesdotter som døydde 48 å.g. 1840?: Nicoline Johannesdtr - Ministerialbok for Rygge prestegjeld 1836-1851 (0136P) - Digitalarkivet

 

Ole Olsson Kvien døydde iallfall som snikkar, enkemann og fattiglem 67 år gammal i Glemmen, Fredrikstad, 1844: Kirkebøker: Glemmen prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-10908/F/Fa/L0005: Ministerialbok nr. 5, 1838-1852, s. 177 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

 

 

Spørsmålet er altså om det var den fråskilde nordfjordingen Ole O. Kvien som etablerte seg i Østfold. På førehand tusen takk for alt av innspel 👍

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for dette, @Lars Johannessen ! Her kom eg på sporet av ein dødsdom for bigami (høgsterett): Rettergangsmateriale: Høyesterett, AV/RA-S-1002/E/Eb/Eba/L0005/0002: Voteringsprotokoller / Voteringsprotokoll, 1819-1820, s. 332-333 - Skanna arkiver - Arkivverket

 

Dødsdommen gjeld iallfall "rett" Ole Olsson Kvien (frå Nordfjord). 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er elles bakgrunnen for bigami-dommen, slik det kjem fram av voteringsprotokollen frå Høgsterett: Ole Olsson gifte seg 31.05.1817 i Hobøl kyrkje med Helvig Olsd. Vægger. Han har oppgitt å vere enkemann frå Bergen. Men kona som han gifta seg med i 1812, levde i beste velgåande. 

Kirkebøker: Hobøl prestekontor Kirkebøker, AV/SAO-A-2002/F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. I 2, 1814-1841, s. 196 - Skanna arkiver - Arkivverket

Endret av Steinar Furnes
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.