Gå til innhold
Arkivverket

Kvar budde Lars?


Thore Senneset
 Del

Recommended Posts

 

 

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1729-1785, s. 193
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610254

 

Bremanger sogn, 1744, om lag midt på venstre sida. Kan det stå "Døbt Lars med[wed?] Saganes[?] Datter N: Dorthe"?

 

Transkripsjonen av samme side seier "Lars med Sagen", men det får eg ikkje heilt til å rime. Fins det skarpe auge som har tid til å ta ein titt? På førehand takk!
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Thore Senneset skrev:

Bremanger sogn, 1744, om lag midt på venstre sida. Kan det stå "Døbt Lars med[wed?] Saganes[?] Datter N: Dorthe"?

 

Transkripsjonen av samme side seier "Lars med Sagen", men det får eg ikkje heilt til å rime. Fins det skarpe auge som har tid til å ta ein titt? På førehand takk!

Eg les "Lars ved Sagens Datter N: Dorthe"   (same "ved" som i "<dato> ved Bremanger")

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til dykk begge. Då kan Lars og kona Janiche mest truleg plasserast (i alle fall for ei stund) på garden Saga ved Norddalsfjorden i dagens Kinn kommune og ikkje på Løvikneset i Bremanger før eventuelt seinare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

52 minutter siden, Thore Senneset skrev:

Då kan Lars og kona Janiche mest truleg plasserast (i alle fall for ei stund) på garden Saga ved Norddalsfjorden i dagens Kinn kommune ...

Her følgjer presten den vanlege parsisen på den tida, og skriv namn på personar og stadar (og ord av latinsk opphav) med latinsk skrift,

og andre ord med gotisk skrift.

"Sagen" er skrive med gotisk skrift, og det tyder på at det ikkje er eit gardsnamn/stadnamn, men ei sag - at Lars er sagarbeidar/-meister og bur ved saga.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg vil tro Saga ved Norddalsfjorden har fått navnet sitt fordi det var en sag der.

Fadderne er fra Solem (Solheim) og Botnen, og disse stedene finner jeg på Brandsøya, rett overfor Saga.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

...og ned forbi Saga renner Sagelva.

 

I tillegg kan opphavet til kona til Lars mest truleg plasserast litt lenger vest i Norddalsfjorden, nemleg i Pusavika. Om eg har fått dette rett er dette Lars og Janiche som trulovar seg 29. juni 1735:

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1729-1785, s. 144
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610213

 

Forlovarane kjem frå "Floren". Også Lars har mest truleg sitt opphav i Kinn eller Svanøy sokn, han er i alle fall tenestedreng på Kinn i tida rundt truloving og vielse.

 

...og forsyne meg dukka det ikkje opp eit skifte som plasserer Anne Olsdotter Pusevik hos Lars Andersson Løviknes i 1751:

Sunnfjord tingrett, AV/SAB-A-3201/1/H/Ha/Hab/L0005b: Skifteprotokioll, folio 252-478, 1749-1752, s. 393b-394a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126640595


 

 

 

Endret av Thore Senneset
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Her følgjer presten den vanlege parsisen på den tida, og skriv namn på personar og stadar (og ord av latinsk opphav) med latinsk skrift,

og andre ord med gotisk skrift.

"Sagen" er skrive med gotisk skrift, og det tyder på at det ikkje er eit gardsnamn/stadnamn, men ei sag - at Lars er sagarbeidar/-meister og bur ved saga.


...men ei sag vart skrive Saug i 1744, berre som ein kommentar frå mi side.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Gunnar Sigdestad skrev:


...men ei sag vart skrive Saug i 1744, berre som ein kommentar frå mi side.

 

Nøyaktig og eintydig rettskriving er vel eit nymotens påfunn... (nokon vil seie det knapt nok er gjennomført).

("Sag" står som alternativ (til "Saug"/"sav") både i "Ordbog over det danske sprog" og i Kalkars ordbok.)

 

Det er nok meint "ved saga", som samnamn. 

Det var sag her i 1723 (eller 2-5 år før, då opplysningane vart samla inn).

I eksaminasjonsprotokollen for "Terdahlen med Puservig" det éin oppsitjar og 2 små husmannsplassar.

https://www.digitalarkivet.no/ma10090818640198

I matrikkelprotokollen er det "Enchen i Furesund" som driv garden(/gardane).

https://www.digitalarkivet.no/ma20090819650732

 

 

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Albert Joleik skriver mellom anna om "Tirdalssagja" på siden 93 og utover i "Soga om Flora". Saga var i alle fall i drift fram til 1791, kanskje lenger. Den låg rett nok tidvis brakk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.