Gå til innhold
Arkivverket

Innvik SF: Skifte etter Torbjørn Torbjørnson Fjellkårstad 1748 med arvingar på Røros og i Bergen - kan dei finnast?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I det barnlause skiftet etter Torbjørn Torbjørnson Fjellkårstad i Innvik 1748 er det tre brør og ei syster som skal arve, når ein berre får greie på kven og kor mange dei er. 

 

Nordfjord sorenskriveri, AV/SAB-A-2801/1/04/04a/L0010: Skifteprotokollar, 1747-1750, s. 85b-86a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630667

 

Det skal vere avdøde Rasmus busett ved Randanausta, Jon på Røros og Jakob og Gjertrud i Bergen. At dei ikkje kjenner eventuelle arvingar etter Rasmus er litt snodig, sidan Randanausta er i same kyrkjesoknet, men dei andre er meir rimeleg at dei ikkje har fått tak i. 

 

Jakob Nos blir sett som formyndar for denne arven, men når Jakob sjølv døyr i 1764, er midlane framleis i buet, og formyndarskapen blir overført til Ola Bersveinson Tvinnereim, og det er det siste eg har funne om dei.

 

Klarer vi det systemet ikkje klarte den gongen?  Eg har ingen eksakt alder på Torbjørn ved død, sidan kyrkjebøkene for Innvik før 1750 brann opp, men han må vere identisk med den som inngjekk ekteskap med Synnøve Ivarsdtr Sande i Gloppen 1709, som det er barnlaust skifte etter på Fjellkårstad i 1730 - og rimelegvis også gift med Marte Mikkelsdtr Apalset i Gloppen 1708 - ho død i 1709. Enkja i siste ekteskap er Eli Rasmusdtr Sølvberg.

 

Det er litt inflasjon i Torbjørn-namna på denne tida, så eg torer ikkje å seie bakgrunnen hans heilt sikkert, men det er forsåvidt ikkje så nøye, då det er SYSKENA hans som er spørsmålet her.

 

På førehand takk om nokon vil hjelpe til med å leite!

 

 

 

 

 

 

 


 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne blant de døde i Bergen

0206 Giertrue Torbiørnsdtr Aamund Olsens enke k 74 p. k.g. kl 12 1772 NK

NK

 

 

Endret av Rune Bergesen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blant de vigde Aamund Olsen emd.p. gift NK 01.10.1741 med Giertrud Torchelsd.

Endret av Rune Bergesen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Rune Bergesen skrev:

Finner denne blant de døde i Bergen

0206 Giertrue Torbiørnsdtr Aamund Olsens enke k 74 p. k.g. kl 12 1772 NK

NK

 

 

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001067881

 

Sitat
Merknader:
Aamund Olsens enke

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vel og merke skulle desse syskena vere døde ved skiftet i 1748. Dermed kan den Gjertrud Torbjørnsdtr. som er nemnd ovanfor utelukkast.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den avdøde hadde vore formyndar for Ole Tvinnereim sine 6 born, men desse var enten døde eller gifte og hadde fått utbetalt arven. Bortsett frå Randi og Sofia. Som formyndar vart innsett broren, Bersvend Olsson Tvinnereim. (Han må vel vere far til den Ole Bersvendson Tvinnereim som i 1764 tok over formyndarskapen for buet?)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Vel og merke skulle desse syskena vere døde ved skiftet i 1748. Dermed kan den Gjertrud Torbjørnsdtr. som er nemnd ovanfor utelukkast.

Eg kjøper ikkje denne påstanden heilt utan vidare, for med avstanden til Bergen og det katastrofale kunnskapsnivået om familien kan det godt hende at det ikkje stemmer at ho er død - vi har vel sett liknande tilfelle tidlegare, meiner eg.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.