Gå til innhold
Arkivverket

Kari Sjursdotter Helleland gift med Lars Taraldson Tveit 9. juli 1768 i Ølen.


Terje O. Bruket
 Del

Recommended Posts

Kari hadde adresse Helleland då ho gifta seg. Truleg Helleland i Gjerde sokn, Etne. Lars med adresse Tveit, truleg Tveit i Gjerde sokn, Etne.

Finn ikkje Kari født eller konfirmert i kyrkjebøker. Fødselsår er 1746 då ho gifta seg og i folketellinga 1801. Kven var foreldra til Kari Sjursdotter? Sjur Olson på Børkjenes bygsla Helleland. Han var gift fleire gonger, med Sara Knutsdotter Viland i 1744-1746. I bygdeboka står det at dei fekk eit barn i lag, ein son Helge i 1745, som døydde same året. Sara Knutsdotter døydde truleg i 1746. Prøver å finne ut om Kari Sjursdotter og var deira barn. Evt. kven si dotter ho var. Kan nokon hjelpe? Lenke til giftarmålet: Kari Siursd - Ministerialbok for Fjelberg prestegjeld 1760-1788 (1213P) - Digitalarkivet Lenke bygdebok: Etne-soga. 3 : Folket Gjerde sokn. Sjur Olson Børkjenes gifta seg igjen i 1748 med Ingeborg Gautesdotter Øvstebø. Dei var barnlause. Kanskje dei budde på Helleland etterkvart? Skifte etter Sjur Olson her: Skiftemateriale: Sunnhordland sorenskrivar, AV/SAB-A-2401/1/H/Ha/Haa/L0007: Skifteprotokollar. Register på lesesal. Fol. 901- ut, 1765-1768, s. 811b-812a - Skanna arkiver - Arkivverket

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finn ei Kari Sjursdotter, født 1745 eller 1746 på Hosteland i Masfjorden. Far Sjur Hanson på Hosteland og mor Dordi Larsdotter frå Risnes. Denne Kari er oppkalla etter 1. kona til Sjur. Sjur døyr allereide i 1751. Skifte etter Dordi 1788-1790. Prøver å finne det. Kan denne Kari Sjursdotter vere ho eg leitar etter? Finn ingen andre som høver. Ser no at desse på Hosteland fekk endå ei Kari (Kari nr.3), og ho vart gift. Så det er vel truleg at dei to fyrste døydde som born.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.