Gå til innhold
Arkivverket

Trulovde 1678, Selje sokneprestembete, eit ord ...

Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

Selje sokneprestembete, AV/SAB-A-99938/H/Ha/Haa/Haaa: Ministerialbok nr. A 1, 1668-1696, s. 90
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070515630096

Eg les ...

1. 2. 3          { d 27 dec: troloffvet Ole Hanss [..rhouff]??

Wjede den  { med Synneve Lovigsdatt. Mosshole, overvæ

13 July 79   { rende Knud Backe, och Knud Langeness

Ynskjer hjelp med å forstå kva gard Ole Hansen bur på. Det kan muligens vere Aarhouff, men er svæært usikker på den tydinga. Fyrste A kan lesast som ein K ... Eg tenkte fyrst Aaehoug, som i Åhaug i Vanylven, men det ser ein at ikkje kan passe med dobbel f til slutt i namnet.

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg les det som "Korshouff" - altså "Korshaug"

(det er likeins "rs" i "Anders" rett til høgre og fire linjer ned.)

Men Korshaug-ar finst svært mange stadar, og kan ha gjeve namn til eit bruk (jamvel om bruket kanskje har eit anna namn seinare).

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette høyres rimeleg ut, og meir rimeleg enn Aarhouff. Problemet då er som du seier å lokalisere ein stad/bruk/gard der dette namnet er/var i bruk. Rimeleg sikker på at det er ein eller annan stad i nærleiken av Selje, Stadt, Måløy eller omland inklusive Vanylven og Sande nordover. Eg får leite litt og sjå.

Takk for hjelpa so langt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

-houff (-haug) bør vere rimeleg greit. Men eg tykkjer bokstavkombinasjonen like før har mykje til felles med slutten på Olsdatter to linjer ovanfor - så kva med eit dårleg forsøk på Enerhouff, som vitterleg er ein gard i Selja? Dårleg med Hans'ar der, rett nok.

Ein bonus for meg denne gongen er nettopp denne Malene Olsdatter Hestenes; ho er gloppar, og eg har tidlegare berre dokumentert mannen Mikkel Andersson Fure på henne (frå skiftet 1708), så her fekk eg dokumentasjon på den fyrste mannen og.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alltid kjekt at noko ein gjer kjem til nytte 😉

Korshaugen har eg fortsatt ikkje lokalisert, men har tenkt på korset som står på Dragseidet ovanfor Leikanger/Sjåstad på nordsida av Stadt og på veg over mot Drage. Men dette er gjerne eit nyare kors enn slutten av 1600-talet?? Kjenner ikkje historia bak det noværande korset. Historia ellers er at "Heilag-Olav" skal ha vore her i si tid (seier segna] og krevde kristning av området. Korvidt ein hadde ein haug med eit kors på på 1600-talet veit eg ikkje og heller ikkje om der evt. var buande folk i samanheng med korset ...

Vil seie meg einig med Ivar i at det mest truleg er Korshouff som står skrive. Litt for lite "E"-aktig den fyrste bokstaven i ordet til at eg vil tenkje det. Eg har notert Korshouff i transkriberinga som vil kome tilgjengeleg på Digitalarkivet etterkvart ...

Når det er sagt - eg har sett litt på kartet i samanhengen rundt Drage. Og finn at ein ovanfor der og før ein kjem ned til gardane på Drage har eit gamalt namn "Kongshaugen". Kan ein ikkje lese "Konhouff" med litt god vilje?

@Aase R Sæther - Gloppen 

Vart Mallene kanskje gift tre gongar?? https://www.digitalarkivet.no/kb20070515630104 Sjå par nr. 2 venstre side. Ei Mallene Olsdatter ytre Fure vert gift  i 1686, no med ein Rasmus Olsen ytre Fure ... Sjå truloving 6. juni (vigsel 29. sept). Ein Peder Hestenes er då trulovar. Eg har ikkje sett på gravlagde enno, og der står ikkje noko om at ho er enkje i trulovinga. Men interessant iallefall ...

Og er dette same Peder som sjølv trulovar seg 26. sept. 1686? (same sida 4 par ned og same dato som Mallene ovanfor giftar seg!) Då trulovar nemlig ein Peder Pedersøn Hestenes seg med ei Lisbeth Arnesdatter Hoddevik. 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutter siden, Morten Sylte skrev:

Dette bør vere same dama ja; Ola Pederson døydde i 1684. Mange takk! 

Det eg har på Peder Pederson frå før, er henta frå eit skifte på Grotle i 1757; Peder er då død og arving i hans stad er dottera Anne Pedersdtr Holvik - så godt muleg at det er han som blir trulova med Lisbet. Hestenes-familien hadde ein heil "filial" i Bremanger/Selje/Vågsøy-området.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Dette bør vere same dama ja; Ola Pederson døydde i 1684. Mange takk! 

Det eg har på Peder Pederson frå før, er henta frå eit skifte på Grotle i 1757; Peder er då død og arving i hans stad er dottera Anne Pedersdtr Holvik - så godt muleg at det er han som blir trulova med Lisbet. Hestenes-familien hadde ein heil "filial" i Bremanger/Selje/Vågsøy-området.

Legg forresten merke til den svært sjeldne Y-linja på Hestenes-karane: T-M70/T-FTE919 som nesten ikkje har europeiske treff. Det næraste er i Saudi-Arabia.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Morten Sylte skrev:

Henta med tilbake frå Jorsalferdene til vikingane ? 😉

Eg har ein endå spenstigare teori!  Vi veit etter kvart at vi har teke litt feil når det gjeld kjønnsrollene før i verda, så mitt yndlings-forslag er ein KVINNELEG Jorsal-farar som kom heim med litt meir enn ho hadde då ho reiste.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Morten Sylte skrev:

Og slett ikkje umulig nei som forskning viser !

https://www.smithsonianmag.com/smart-news/researchers-reaffirm-famed-ancient-viking-warrior-was-biologically-female-180971541/

Men då var vi vel gjerne litt vel langt frå Korshaugen 😉

Ja, vi får ro tilbake til utgangspunktet. Men finn du meir på desse folka, kan du gjerne sende meg ei melding. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Morten Sylte skrev:

Alltid kjekt at noko ein gjer kjem til nytte 😉

Korshaugen har eg fortsatt ikkje lokalisert, men har tenkt på korset som står på Dragseidet ovanfor Leikanger/Sjåstad på nordsida av Stadt og på veg over mot Drage. Men dette er gjerne eit nyare kors enn slutten av 1600-talet?? Kjenner ikkje historia bak det noværande korset. Historia ellers er at "Heilag-Olav" skal ha vore her i si tid (seier segna] og krevde kristning av området. Korvidt ein hadde ein haug med eit kors på på 1600-talet veit eg ikkje og heller ikkje om der evt. var buande folk i samanheng med korset ...

Vil seie meg einig med Ivar i at det mest truleg er Korshouff som står skrive. Litt for lite "E"-aktig den fyrste bokstaven i ordet til at eg vil tenkje det. Eg har notert Korshouff i transkriberinga som vil kome tilgjengeleg på Digitalarkivet etterkvart ...

Når det er sagt - eg har sett litt på kartet i samanhengen rundt Drage. Og finn at ein ovanfor der og før ein kjem ned til gardane på Drage har eit gamalt namn "Kongshaugen". Kan ein ikkje lese "Konhouff" med litt god vilje?

@Aase R Sæther - Gloppen 

Vart Mallene kanskje gift tre gongar?? https://www.digitalarkivet.no/kb20070515630104 Sjå par nr. 2 venstre side. Ei Mallene Olsdatter ytre Fure vert gift  i 1686, no med ein Rasmus Olsen ytre Fure ... Sjå truloving 6. juni (vigsel 29. sept). Ein Peder Hestenes er då trulovar. Eg har ikkje sett på gravlagde enno, og der står ikkje noko om at ho er enkje i trulovinga. Men interessant iallefall ...

Og er dette same Peder som sjølv trulovar seg 26. sept. 1686? (same sida 4 par ned og same dato som Mallene ovanfor giftar seg!) Då trulovar nemlig ein Peder Pedersøn Hestenes seg med ei Lisbeth Arnesdatter Hoddevik. 

Hei !

Ole Hanss. Korhouss? & Lodvigd. Monshole?

Jeg ser at Aalandsboka for Selje og Vågsøy, under gården Ytre- og Indre Barmen har informasjon om Korsnes, se side 206 som kan sette deg på sporet.

Når det gjelder "Mosshole eller Monshole" har eg funnet bruket under Vedvik i samme Aalandsboka, bruk nr.. 15 og 16, og der har vi også trolig far, ikke mange Ludvig her på den tiden (kjenner bare en til). 

Endret av Fred Humborstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innspelet, Fred.

Korsnes har ein også i Vanylven, i nærleiken av dagens hovedkyrkje på Slagnes. Verkar å vere eit relativt vanleg namn i likheit med Korshaug. 

Synneve sitt opphav har vore greitt å finne. Mossholefolk som har gifta seg har der vore ein del gjennom prokollen heilt frå 1669 av då det som truleg er Synneve sin bror Knud Lodvigss. Mosshole gifta seg med ei enkje frå det andre bruket som vert kalla Mosshole, ho Anne Larsdatter Mosshole. Kanskje enkja etter han Abraham Mathison?

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn

Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.