Gå til innhold
Arkivverket

Ingeborg Rasmusdatter, nok ein gong....


Reidar O. Meling
 Del

Recommended Posts

Min tippoldefar Svend Assersen blei fødd i Egersund i 1806. Hans mor var Ingeborg Rasmusdatter. Ho står i ft. 1801 saman med Svend Svendsen, dei er begge tenestefolk hos sorenskriver Lauritz Bonzon Thrap. Ingeborg er 32 år og Svend 23 år. Så blir Ingeborg og Svend gifte i april 1803, men Svend dør kort tid etter. Så blir Ingeborg gift påny i september 1805 med enkemann Asser Olsen, han fødd i 1754. Dei får barnet Svend i september året etter, han må vera oppkalt etter Ingeborg´s første ektemann Svend Svendsen.

Etter det eg kan sjå, må det vera Ingeborg som dør i Egersund heilt i slutten på mai 1820. Då står det at Ingeborg er 46,5 år. Då skulle ein tru at Ingeborg skulle vera fødd seint i 1773. Eg har funne ei Ingeborg som er døypt i oktober 1773, og iallfall er namnet Rasmus knytta til denne dåpen. Men det er ikkje heilt enkelt å sjå kva som står her. Eg har lagt ved ei brukslenke på den aktuelle sida i kyrkjeboka, sjå heilt nede til venstre på sida. Kva står det her? Kan dette vera mi tipp-tippoldemor Ingeborg, som blei gift med Asser Olsen i 1805?

https://www.digitalarkivet.no/kb20070418650401

Lenke til kommentar
Del på andre sider

44 minutter siden, Reidar O. Meling skrev:

Eg har funne ei Ingeborg som er døypt i oktober 1773, og iallfall er namnet Rasmus knytta til denne dåpen. Men det er ikkje heilt enkelt å sjå kva som står her. Eg har lagt ved ei brukslenke på den aktuelle sida i kyrkjeboka, sjå heilt nede til venstre på sida. Kva står det her? Kan dette vera mi tipp-tippoldemor Ingeborg, som blei gift med Asser Olsen i 1805?

"Octobr d 4de Rasmus Lille Eges Datter

Ingebor baaret af Steinvor An-

dersdatter L. Ege, Test: Hlega Andersd.

Engel Erichsd. Anders Ege og 

Johannis Pedersen."

 

Det er iallfall ei Ingeborg Rasmusdotter fødd hausten 1773.  Vidare liv og lagnad får du ikkje vite her.

Men du kan undersøkje om du finn noko meir om Rasmus Lille Ege og hans familie.

For ordens skuld: Steinvor er gudmor, ikkje mor ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeborg er ikkje nevnt i det heile tatt i bygdeboka. Men dette er kanskje foreldra:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012030524023?page=197&searchText=rasmus

Ingeborg Rasmusdatter Lille Ege gifter seg med Sakarias Jakobsen Store Ege i 1791. 
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001547484

Her i FT1801
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058350000965

Det kan være ho som vart døypt i 1773

Endret av Morten Tjørhom
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jaha, eg takkar for desse svara. Men mykje tyder då på at det er feil Ingeborg Rasmusdtr. det er tale om her. Og at denne Ingeborg Rasmusdtr. som dør i Egersund i 1820 truleg er identisk med denne Ingeborg som vert døypt i oktober 1773. Mi Ingeborg er heilt sikkert henne som er tenestejente hos sorenskriver Thrap i 1801, som giftar seg første gongen i 1803 med Svend Svendsen og andre gongen med Asser Olsen i 1805, og som er mor til min tippoldefar Svend Assersen i 1806. Så då er eg like langt. Dersom ho er 32 år i 1801, skulle ho vera fødd i 1769. Ein eller annan stad trur eg at eg har sett at ho skulle vera fødd på Øyestad (Øystad?), men det kan jo vera heilt feil.

 

Mannen til Ingeborg, Asser Olsen (min tipp-tippoldefar) døde i 1835 i Egersund. Han står som nr. 16 på side 439 i kyrkjeboka. Brukslenke:

https://www.digitalarkivet.no/kb20051208010742

 

Asser Olsen er 81 år då han dør (stemmer godt med fødselsåret 1754) og bur i Helvig/Helvik, ikke så langt får sjølve Egersund.

 

Dåpen til Svend Assersen 7.september 1806, brukslenke (kva står det her om foreldra?):

https://www.digitalarkivet.no/kb20070418650581

 

Så det ser ut til at mine spørsmål framleis er:

1. Når og kor blei Ingeborg Rasmsusdtr, mor til Svend Assersen, fødd?

2. Når (og kor) døde denne Ingeborg Rasmusdtr. ?

Endret av Reidar O. Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

24 minutter siden, Reidar O. Meling skrev:

 Mi Ingeborg er heilt sikkert henne som er tenestejente hos sorenskriver Thrap i 1801, 

 

 

Thrap er vel denne karen:  https://www.dalanefolkemuseum.no/leksikon/thrap-laurits-bentzon

Han kom til Egersund i 1795.

Det var ikkje heilt uvanleg at tenestefolk vart med embetsfolk når dei flytta.  "Di" Ingborg kan i så fall vere frå Telemark,

eller jamvel frå Vestfold. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja takk for svaret, Ivar. Trur eg då må byrja sjå meir andre stader enn i Rogaland etter både Svend Svendsen og Ingeborg Rasmusdotter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.