Harald Vågene Skrevet 7 timer siden Del Skrevet 7 timer siden Vi er veldig interessert i å vete kor tid slektsgarden i Vedvik vart teken over av vår slekt. Dette gjeld gbnr 326/19 i Kinn kommune, kinn har kommunenr 4602. Var tidligare 126-19 i Vågsøy. I følgje boka til Jakob Aaland skal Jakob Gangeskar ha overteke gården i 1852, men vi vil gjerne ha dette bekrefta. Vi driv no å skrive om slekta der og garden, så vi er takknemlege for hjelp! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet 5 timer siden Del Skrevet 5 timer siden Eg er ikkje Arkivverket - men lell: Du må finne realpanteregisteret frå 1800-talet (forløparen for grunnboka). Då løner det seg først å finne matrikkelnr og løpenr. i matrikkelen som galdt før 1886 (då gards og bruksnr. vart innførte). RHD hjelper deg med det: https://rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=1441&gnr=126 Gnr/bnr. 126/19 i Selje/Vågsøy frå 1886 var Mnr./Lnr. 126/277a før 1886. Då skal vi til Panteregisteret for Nordfjord. Det har (praktisk nok) gardsnamnregister bakarst. LNr. 227a finn vi her (til høgre): https://www.digitalarkivet.no/tl20071128630987 med innførsler frå 1829 til 1879. Det ser ut til at registeret er laga i 1847, så dei eldre dokumenta må vere ført inn då (og kan vere utvalde ved at forelda dokument ikkje er med her). Frå 1847 bør det vere oppdatert. Det er ført inn eit skøyte 1852 til "Jacob Jacobsen og hustru". Det skal stå på fol. 284 i panteboka (for Nordfjord; dvs. det bandet som gjeld 1852). Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Harald Vågene Skrevet 5 timer siden Forfatter Del Skrevet 5 timer siden Tusen takk, unnskyld at eg poster feil, eg følgde ein link på sida........ 🙂 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå